torsdag 1. oktober 2009

Hamskifte og haustmodus,...og litt til...

Hamskifte + litt til....




Kjøkkenkroken får ny ham. Etter å ha hatt panelgardiner i ymse variantar i lang tid, blei eg brått lei av det. Når eg hengte opp desse stormønstrete panelane for ørtande gang i haust, etter å ha tatt ned sommarvarianten, var det stopp. Begynte då å spekulerer på kva som skal opp i staden.... Etter ei runde i gardinforretninga enda eg opp med nokon som eg tok med heim for prøving.




Den nye hamen blei akseptert. Utruleg kor stor forandring det kan bli, berre med litt tekstilskifte. Det er det som er så bra, og difor er eg ein forholsvis ivrig gardin- og putebytar....



Ein singel grøn kopp som eg har hatt i eige i mange, mange år, etter å ha redda den frå å ende i ein container, fekk lov å flytte frå museumet og inn i kjøkkenvarmen. Der skal den få lov å fungere som telys-holdar ei stund framover. Så alle som er på loppe, -og bruktrunder, -viss nokon får auge på fleire slike koppar, så er eg interessert...
Ein liten nostalgisk vegg har eg også på kjøkkenet, fekk lyst å vise den... Eit slikt "fjes" hadde bestemor også på kjøkkenet, hugsar det frå eg var liten...




Alle rom har hatt hamskifte for hausten. Frå lyse, lette gardiner til lune, mørke. Litt mørkt er det no før snøen legg seg, men då blir det lysare og gardinene lunar godt.


I spisestova er det svarte, tunge gardiner som gjeld for i år. Dei er nok ikkje heilt svarte, men har blomstermønster som ikkje visar på bilde, og pga opplastingstrøbbel blir det nok ikkje annleis i dag..




Vel, dette vart eit amputert innlegg i forhold til det eg hadde tenkt, men får tru opplastingsproblema blir løyst i næraste framtid, så får vi heller komme tilbake med meir hus og heim og anna fjas og stas etterkvart. Ha ein god kveld!
















3 kommentarer:

Solveig sa...

Så koselig du har det, Heidi! For en flott kjøkkenforandring-den likte jeg veldig godt. Veldig morsomt å se hvordan et rom forandrer seg med nye farger og tekstiler.
Likte så godt de små gryteklut-fjesene.Ble i skikkelig mimrehumør nå. Klart vi må møtes og kikke på gamle ting! Det er ikke kanskje, vi skal det! Så fint å ha funnet noen som deler min interesse på dette feltet:o)
Ønsker deg en nydelig kveld.
Klem fra Solveig

kreakris sa...

Så kjekt å få eit innblikk i heimen! Der var det koseleg. Det er så fint med tømmerveggar!
Kjøkkengardinene i grønt gjorde susen. Veldig behageleg og frisk farge. Eg må på butikken og sjå om eg kan finne noko å bytte mine med. Syns det er vanskeleg å finne fine gardiner! Men det hadde gjort seg om stova fekk ein ny piff.
Håpar eg får komme på besøk og sjå det spennande huset ditt ein gong!

Ellemeller sa...

Jøss, det blei eit heilt nytt kjøkken no!!

Anita