fredag 20. november 2009

Greengate i Førde

Oppdagelse!



Rart at ingen forhandlar Greengate i Førde har eg tenkt av og til. For eit par veker sidan kjøpte eg meg eit par koppar i Balestrand, det var inntil då, den einaste staden eg hadde oppdaga som selde dette. I går var vi på jakt etter nokre knottar til eit gammalt nattbord. Vi hadde sett i eit vindu i ein "ny" butikk litt utanfor sentrum at det truleg kunne finnast knottar der. Og kanskje litt andre småting. Det som openberra seg når vi kom inn var ei heil avdeling med Greengate, godt gøymt bak i ein krok. Og butikken har vore der i nesten eit år! Attpåtil er det i kjellaren, under vår "byhytte" (les leilighet). Hoho, for ein oppdagelse! Trur kanskje det er mange andre som heller ikkje har oppdaga dette. Så om du likar Greengate. Ta ein tur til den vesle butikken i kjellaren under Førde Terrasse, Flatene 1!



To nye grøne, med prikkar denne gangen. Så no kan vi ha gjester...

tysdag 17. november 2009

Dagens

Dagens produksjon består av ein ny pepperkakeform-pose, -eller noko-anna-juleting-pose.
Eg har eit altfor dårleg kamera til dette bruk. Sjølv syns eg faktisk at alt er mykje finare, enn det ser ut på bilde. Men, men det får stå til..


Eit miljøvenleg handlenett har eg også laga i dag. Dette er delvis laga av stoff som eg vant på bloggen Hobbyrommet. Litt retroinspirert. Langt og smalt. Bra til å handle purreløkar og slikt med, hehe.
Har gjort ferdig eit par hjerter til. Med englar i duse fargar.


-Og så ei pute. Denne har englar i hjartet. Kunne ikkje ta nærare bilete, for det vart faktisk stygt, og puta er fin!


Det var dagens. God natt!


måndag 16. november 2009

Hjartedilla!
Den siste tida har eg hatt dilla på å sy hjarter. Det har blitt mange variantar. Stadig nye idèar til utgaver dukkar opp! Mest spennande å sy, ikkje så spennande å stappe, og sy att holet....Så det har vore mange uferdige objekt.... Men no har eg skjerpa meg og stappa og sydd litt. Tenkte å vise litt av dei eg har produsert.

Det har blitt lite blogging denne veka. Vi har vore travelt opptatt pga eit slikt lite kryp som er avbilda under. Ronja har hangla i fleire veker. Etter mange turar hos lege, mange blodprøvar og vurderingar avsløra det seg til slutt ein borreliainfeksjon. Fysjom! Men no er vi igang med behandling. Intavenøs i 14 dagar, så det blir mange turar for behandling. Men det må til!


Så over til hjarter..og litt til.
















Sist helg var det julemarknad i bygda. Ein klassekamerat til mine 10-åringar hadde støypt lys som han selde. Gutane mina var truleg blant dei beste kundane. Vi har iallefall no ei fin samling med grøne lys på kjøkkenbordet. I går måtte eg kjøpe ein Azalea. Begynte forsiktig med kvit, ettersom eg tenkte eg skulle vente litt til med dei lilla og røde, sidan dei er litt meir "julete".

Eg har fått ei gammal potte, som nok er ubrukt, etter ein landhandel som er nedlagt for mange år sidan. Det står prislapp under, kr 8,75 trur eg det var... Morsomt. Potta er fra Cathrineholm og egnar seg fint som potteskjular.





Eg har og forsøkt meg på lysdekorering. På avstand ser det jo ikkje så verst ut... Lyt nok prøve dette fleire gangar... Øvelse gjer vel meister...?






Dagen i dag har i grove trekk bestått av rydding av eit hus som har vore forsømt siste veka, litt gjester, behandlingstur med Ronja, besøk, litt hjartestapping, ferdiggjeringa av eit utkast av ei oppgave i mi videreutdanning som er sendt til veiledning (puh!) og no til sist, langt på natt, eit lite blogginnlegg. Alt i alt ikkje så verst... No gjenstår det å overvinne lakenskrekken! Ha ei god natt!




søndag 8. november 2009

Litt nytt, litt brukt og vinnarlukke!


Eg er rett som det er inn i den uferdige butikken til Nina i Paradiset og snokar i hyllene.
Dette har resultert i litt handel. For eit par dagar sidan kom varene i hus. Desse utruleg søte små skålene til telys kunne eg ikkje stå imot....



Dei har fått plass på dette sinkbrettet enn så lenge. Om litt skal sinkbrettet få æra av å vere adventsstake. Då skal også desse tala på biletet under vere med. Korga i bakgrunnen har eg også plukka frå hyllene i Paradiset. Det vesle sinkfatet er av same merke som det avlange, men det har eg plukka i hyllene til ein blomster og interiørbutikk i Balestrand (som eg ikkje hugsar navnet på i farten).


Denne såpa fann eg også i Balestrand. Den har fått plass i denne gamle flotte såpekoppen som eg har tatt vare på frå gamal tid. Dette får sin plass på nye badet...



I Balestrand har dei også Greengate. Eg har no i eit halvt års tid, kikka på dei ulike variantane i den hylla. Denne gangen blei to eksemplar med meg heim. Syns dei matcha putene på kjøkkenet ganske bra...


Og så har eg vore ein tur innom gjenbruksbutikken... Det var det eit par skattar som venta på meg denne veka. Eit stettfat....


Og denne utruleg søte skåla frå Figgjo. Med sommarfuglar på, var den ikkje lett å gå ifrå!


Denne veka har eg funne hjarteknaggar på Kid, flotte var dei. Trur dei havnar på vaskerommet..

Og så har eg vunne! 2 gangar! Først hos Hobbyrommet, ein overraskelsestoffpakke. Denne dama har mange skattar i stoff, og eg var skikkeleg heldig og fekk litt av dei. Gledar meg til å begynne på dei!


Og så hos Lykkelitens Boble, ein skikkeleg koseleg pakke. Med flott oppvaskkost og klut. Perfekt!



Og serviettar, med yndlingsblomen Hortensia, og "pyntedingsar" som eg ha tenkt å pynte lys med. Også perfekt!

Sjå alt det koselege som var i pakken!



Jøyemeg kor mykje eg har fått i hus denne veka! Morro var det, men kan nok ikkje fortsette i dette tempoet, då blir det snart fullt! No skal eg forresten på julemarknad, kanskje eg finn skattar det og....?

onsdag 4. november 2009

Symaskina framme att..


Plutseleg ligg det visst ei heil rekke med hjerter på bordet og ventar på fyll.....



Ein julepose.....





Til peparkakeformer


Med mange barn kan det fort bli mange peparkakeformer. Beholdninga veks for kvart år. Kor skal dei vere alle dei dagane dei ikkje får vere i full drift på kjøkkenet?
Jau, no skal dei henge i denne posen på veggen i matboda!




Desse skal til fjells. Hytta på fjellet er nemleg iferd med å få seg nye kjøkkengardiner. Desse blir med som følge...



Eit forsøk på å sy ein vinflaskepose var sånn halvvegs vellukka.
Eg viser den fram likevel...



Nokre linhjerter med englemotiv, er ferdig stappa...



Desse får følge av matchande puter (eller var det omvendt?), pynta med paljettband...



Putene blir "prøvekøyrde" i gangen....



Som nattbloggar, får eg sei god natt til alle!

fredag 30. oktober 2009

Gjenbruksfunn og 3000 timar?



Først til dagens funn på gjenbruksbutikken. 3 nye eksemplar til dette gamle Figgjo-servicet. Har ein del av det frå før. Dette er andre gang eg finn deler på gjenbruksbutikken. godt fornøgd..
Då er spørsmålet; går det 3000 timar til dette prosjektet? Det er vi førespegla. Godt vi ikkje veit svaret....

Det gamle tømmerhuset som vi skal flytte til våren treng både nye deler , og forsvarleg og omsorgsfull behandling av gamle deler... Vi håpar sjølvsagt at mest mogeleg skal kunne nyttast vidare. Men truleg må heile taket skiftast. Det har vore lekkasje i taket i ein del år, og det er mykje rote.. Tømmeret vidare nedover er mykje bra.
Men noko av golva må nok også skiftast ut. Då treng vi tjukke furuer....


Dette er frå den eldste delen. Her er iallefall tømmeret tilbake til 1800-talet, kanskje endå lenger.. Truleg 1700-talet, men kan vere endå eldre. Det må vi ta prøvar av. Blir spennande å få stadfesta det.




Loftet over den eldste delen. Mange byfolk på sommarferie og drengar har sove her. Sengar langs med veggane sto klar til å ta imot gjestene og arbeidarane.



Den nyaste stova. Her håpar vi å få golvet heilt ut. Det ser brukbart ut. Truleg vil det få ny maling etter fargane som har vore brukt tidlegare.



Loftet over den "nye" stova. Her trengs nok ein del ny golvplank...



Bratt og lang trapp opp til loftet. Ved foten av trappa, i mellomverket mellom dei to husa blir det truleg ein kjøkkenkrok. Over kjøkkenet kjem kanskje eit bad, om det går å få til på forsvarleg vis...





Ny inngangsdør treng vi også. Denne har nok gjort jobben sin. Kledningen kan vi bruke mykje av frå langveggane. Truleg det meste.



Dør i gamedelen.




Nye vindauge i heile huset og ny kledning på endeveggane må vi nok ha.
Så mulig det går 3000 timar? Jaja, for kvar time er vi nærare målet... Blir spennande og gjevande å jobbe med dette prosjektet. Eg gledar meg jo mest til innreiinga... men lyt nok smøre meg med tolmodigheit (litt iallefall, kjem ikkje til å sause meg heilt inn...). Men då rekk eg å samle meir inventar i mellomtida. Det er jo kjekt!


torsdag 29. oktober 2009

Hjerter og Norgesglas



I dag var det den store hjertedagen. Etter å ha blitt inspirert både her og der når det gjeld mosehjerte og andre hjerter, kom eg endeleg i gang. Dette var jo på langt nær så vanskeleg som eg hadde frykta. Så dei blei produsert nokre hjerter "på rappen" her. Hjertet på bildet over har fått plass ved utgangsdøra.




Som tidlegare Postmann Pat veit eg at det er kjekt med trivsel rundt postkassa. Og det er ikkje berre triveleg for postmannen, men for oss andre også sjølvsagt. Eit hjerte fekk difor plass i postkassehuset vårt. Dette vesle huset, er ein krysning av ein melkeramp, eit buss-skur og eit postkassestativ. Det kan brukast til så mangt..

Hjerte av lerkegreiner har eg også laga. Det har enn så lenge fått plass på den tomme veggen i stova. Greinene eg plukka hadde fortsatt nåler, så eg gadd ikkje lage så mange av desse i denne omgang. Har hengt resten av greinene ute så dei får drysse seg ferdig før eg produserer meir av den sorten...


Hadde litt til overs etter dagens produksjon. Dette har eg rett og slett putta på eit glas, så får det vere dekorasjon på kjøkkenet inntil eg skal lage noko meir.




Eg har MANGE Norgesglas. Nokre av desse brukar eg av og til. I dag var dagen då fleire enn på lenge skulle få komme inn i den daglege drifta. Som så mange andre bloggarar har eg putta te-lys på eit par stykker. Dei får stå framme på kjøkkenet.



Under skaprydding på kjøkkenet i dag. Fekk fleire glas flytte inn i skapet. Mykje ryddigare med einsarta oppbevaring...Det likar eg!
Når eg holdt på med hjertemakeriet mitt drog eg greiner og mose inn på kjøkkenet. Veslepus syns det var utruleg festleg med masse greiner å leike med på kjøkkengolvet. Saman med søskena sine hadde han full fest!


Eit siste hjert fekk plass i gangen. Er litt spent på kor lenge det får henge før det blir plagsom dryssing av mose, men det vil vise seg. Dette hjertet er pynta med tynn sølvtråd og perler. Det visar ikkje særleg godt på bildet, for eg har eit ikkje-verdens-beste-kamera...



Det blir nok laga fleire hjerter her i huset. Dette var morro!