mandag 24. april 2017

Mat og kos i dei gamle stovene

 I det gamle storehuset, som vi har flytta til garden, har vi to stover.
Ei stove frå 1882 og ei stove frå 1572/73.
I desse stovene har vi ofte ulike selskap og samlingar.



På desse bilda er det dekka opp til kaffistopp for ei gruppe, som kjem med buss, og skal ha ein liten stopp for å oppleve det lokale og få litt historie og ein liten matbit før dei reiser vidare.


Vi pyntar sjølvsagt med blomster frå hagen og grøftekanten ;-)
Så det varierer litt gjennom sesongen.




Sjølvsagt dekkar vi med nostalgisk servise, gjerne gammalt norsk.


To gamle Sofie-muggar, får av og til æra av å pryde bordet med blomster i seg.



I den eldste stova, har vi kyrkjebenkar frå Hyllestad kyrkje. Desse fekk vi kjøpt då dei skifta inventaret i kyrkja for nokre år sidan. Eg har oldemor frå Hyllestad, og syns det er artig å tenkje på at desse benkane sat ho i då ho "gjekk for presten" og vart konfirmert.



Til desse benkane skal det snart bli langbord, dei er sett i produksjon, meir om det seinare....






Dersom de ser godt etter, så er det her dekka med "Hvit rose" frå Egersund. Eit gammalt nostalgisk servise som eg har samla gjennom fleire år.


Litt av det du kan få smake på i desse stovene.
Gode sveler....


...........eller kanskje pai....


 ....eller Signy-kringler! Ei god oppskrift frå tante Signy, som heile familien har fått gleda av å få smake hos ho, eller kanskje få ein pose med kringler, luksus! Ho bakar ikkje så mykje lenger, men vi har fått oppskrifta og kosar oss med desse rett som det er. Og sjølvsagt må gjestene våre få smake dei!

Til sommaren planlegg vi å ha kafè her i stovene nokre veker. Meir om det seinare!

Ingen kommentarer: