mandag 28. september 2009

Sydilla?


Dei siste dagane har eg for det meste svirra rundt symaskin og stoff...
Krabbeteppet over er laga av diverse bukser som ikkje lenger var i si storheitstid..

Har også prøvd meg på desse stoffkorgene... Ganske morsomt igrunn... Skal lage fleire slike i andre fargar etterkvart.



Og så ei pute, -med eit gammalt svart/kvitt bilde og blonder i kvitt og beige...


Litt av kvart har eg altså produsert desse dagane. Har nokre andre påbegynte prosjekt som eg er iferd med å fullføre. Eg har nemleg lagt ned forbud om å begynne på noko nytt før det andre er ferdig... Det er nemleg mykje meir spennande å tenke ut kva stoff som skal kombinerast, og å sy saman lappane, enn det er å vattere og sy bakstykke på. Difor kan eg fort ende opp med mange frontar utan bakstykke, -altså mange uferdige objekt. Slike uferdige objekt er nemleg litt stressande å ha liggande, så no altså, pålegg om ferdigstilling.
Kanskje på tide med ein liten sypause også, -har ein del andre småprosjekt som ventar. Ein kommode som skal malast, likeeins ei dør og nokre veggar..., faktisk nokre lister også...Og litt andre småmøblar... Hmmm.. ja, ja, har no noko å putle med, skal ikkje stå på det..
Og ikke minst nokre studiar som har stått på vent ei god stund. Kanskje på tide å hoste opp litt motivasjon til det?
Vel, før eg ser kva som kan bli utretta i morgon, må eg ha meg nokre timars søvn, altfor få blir det, ettersom eg er mest opplagd om kvelden og utover...

lørdag 26. september 2009

Gjenbruk, -stort sett...




Syns det er kjempeartig med gjenbruk. Har eit lager av gamle gardiner, stoffrestar, stoff frå gjenbruksbutikken mm. Har produsert ein del sengetepper, krabbetepper osv, siste åra. Det går litt i rykk og napp. Ryddeprosessen for eit par dagar sidan, resulterte i eit nytt rykk.
Har sydd dette sengeteppet i blåtonar. Passar fint på denne blå senga, vi får sjå kva det blir til...



Har blitt "smitta" av Kreakris i Hobbyrommet og diverse andre handlenettsyarar. Difor har eg no laga mitt første. Syns dette 70-tals stoffet er utruleg friskt. Dempa det litt med ei baklomme frå ei dongeribukse og dongerihandtak. Veska er også fora med dongeri. Så trur den skal tole litt varer... Veska er overrekt tanta på Åsen i bursdagsgave. Har også skrive ein liten tekst på lomma med med tekstiltusj..






Har for lenge sidan fått bestilling på eit slikt lappekoseteppe. Det er såpass lenge sidan at at eg måtte lage teppet ein god del større enn det som var opprinneleg plan. Guten som skal kose seg under det, har nemleg vakse i mellomtida! Men, men, omsider vart det ferdig. Lappar i grøntonar på eine sida, og grøn fleece på andre sida. teppet er ca 120x140 og har 195 lappar. At eg gidd!



Iallefall, kjekt når det er ferdig. Det har laga seg bilde av neste teppe oppi hovudet mitt. Dette skal bli eit vattert krabbeteppe. Er allereie godt i gang. Kanskje bilde i morgon?




fredag 25. september 2009

Haustdag og sjarmerande raudt
Hausten har innteke tunet for fullt, tuntrea er begynt å gulne og legge seg utover hellene på tunet. Skodda heng rett som det er tung nedover berga og fjellsida over oss. Og ikkje minst regnet som klaskar i bakken med varierande styrke, men likevel ganske samanhengande, dag etter dag....
Kva gjer vi då? Vi må prøve å ikkje tenke på det dårlege veret iallefall. Her gjeld det å fokusere på noko positivt. Lage fest kanskje? Ein liten kvardagsfest? Ja, det gjer vi.
Våre to tiåringar syns det er kjekt å vere med på små kjøkkenoppdrag. Vi lagar eplekake.
Ei heil stor platekake, som er oppeten før dagen er slutt....Det er mange som blir glade for litt "haustkvardagsfest".





Kjekt med gode hjelparar på kjøkkenet, då går det unna! 6 armar får gjort meir enn 2....





Ikkje ein haustdag utan levande lys, ikkje ein vinterdag heller, for den saks skuld...





.Litt sjarmerande raudt, plukka inn frå hagen


Desse krusa med hjarte på syns eg er veldig søte, og dei er spesielt gode til å drikke Kafe Latte frå ein ruskeversdag i september.


He, he, det dukkar opp litt av kvart sjarmerande raudt når eg tek kameraet med rundt i huset for å sjå kva som dukkar opp. I museet mitt dukkar denne leikebilen frå 70-talet opp. Det er sjarmerande det!



Og far i huset sin gamle, gode matboks! -Med motorsykkel, sjølvsagt!




På jenterommet dukkar dette fine vognteppet opp. Jenta har vokse ut av vogna, og teppet er havna på veggen. Teppet er laga av ei god venninne.




Ho mor i huset har også laga noko til jenterommet. Raudt og rosa sengeteppe med gode minner. For eksempel bestemor sine kjøkkengardiner frå 70-talet, eller kanskje tidleg på 80-talet, med raude hjerter på.


Og så ei lita mugge (ca 15 cm), som var så søt det den stod på gjenbruksbutikken og sa den ville vere med meg heim...



Dei gamle Diplomis-boksane er iallefall sjarmerande raude syns eg!



Ein anna sjarmerande raud boks som eg har arva.



Denne boksen har eg kjøpt hos ein kjenning som hadde storopprydding i huset....Finst skattar overalt....



Frukostservicet vårt. Petit Fleur. Kan ikkje sei anna enn at det er sjarmerande....
Ha ein fortsatt fin septemberdag! No skal eg starte med "dagens dont"!






tirsdag 22. september 2009

Meir redesign

Fleire kjolar!
Det bobla nesten over i går kveld når eg skjønte at tida var inne for å sy kjolar. Før eg fann senga var 1 ferdig sydd (sjå forrige innlegg) og 2 ferdig utklypte. Berre å setje igang i dag tidleg å sy dei saman.


Den rosa kjolen er laga av ei gammal og godt brukt t-skjorte og restar av fleecestoff. Klypte av armane og tok inn litt i sidene. Fort gjort!


Denne svarte og turkise er også laga av ein singlet som var litt for søt til å kaste og som difor havna i "får sjå kva det blir til-avdelinga".
No har den altså blitt til ein kjole, saman med turkis og svart fleecestoff.

Produksjonen siste døgn.











mandag 21. september 2009

Redesign

REDESIGN
I dag skulle eg flytte stofflageret mitt frå eit rom til eit anna. Det resulterte sjølvsagt også i ein liten gjennomgang av beholdninga. Dessutan var det litt liten plass på den nye oppbevaringsplassen, og eg tenkte at her må eg sy slik at eg får betre plass....
Det hadde jo ikkje skada om frøken Spjåk hadde fått seg eit nytt plagg, blei lite igjen i garderoben etter at det som var for lite vart rydda vekk før i veka.
Hmm... Kva kan vi få til her skal tru? Plutseleg var hovudet fullt av idear. No er fyrste sett ut i livet... Full fart (er utolmodig) siste timen før midnatt. Har neste plagg klar i hovudet, men er kanskje lurt å spare den jobben til i morgon...?

I allefall her er resultatet. Ein avlagt gensar for mor, og ein rest av eit raudt fleecestoff.

Godt mulig dette antrekket skal på skulen i morgon....




God natt!.....eller sy litt til.....

søndag 20. september 2009

Blått innlegg

Har eg noko blått?, -sikkert ikkje mykje, tenkte eg når eg las diverse andre blå blogginnlegg. Eg tok med kameraet og gjekk ei runde, og jammen var det både eitt og anna som dukka opp på mi ferd gjennom etasjane.....

Denne blåmønstrete gryn-boksen stod og skein mot meg....

Denne mjølbeholdaren, eller kva eg no skal kalle den, hadde eg jammen også....Trur det finst slik til sukker og salt også, skulle gjerne hatt det, vi får sjå om det dukkar opp på min veg ein dag....

Alt dette har eg funne på gjenbruksbutikken, litt og litt, syns det var så søtt alt ihop at det blei med meg heim....

Eit gammalt pensjonat har sjølvsagt slike kaffikanner med blå kant!

Denne har eg redda ein gang....Skår i kanten, men pytt, kva gjer vel det??

Denne lampefoten har eg fått, skjermen var gulna og stygg, men brått ein dag dukka det opp ein fin kvit skjerm på tilbud på Skeidar, og dermed fekk den eit nytt liv som "nattbordslampe" på gjesterommet...

Bjellands Christmas Box

Har redda fleire skåler med skår i eg.....

To slike koppar har eg fått i gave, det resulterte i at eg er på stadig utkikk etter fleire....


Og så har eg redde nokre fat og skåler.....so fine atte...


Når eg var liten fekk eg ein slik boks av mi oldemor. Denne har på eit eller anna tidspunkt forsvunne, men minnet om den har ikkje forsvunne. Eg har snakka om den ofte, at eg så gjerne skulle hatt ein slik igjen. Og til jul låg det jammen ein slik under treet. O ' lykke!

Eg har eit pyntehandkle som eg har brodert sjølv (faktisk...)

Eit eit pussbekken i emalje med blå kant, fungerer fint som lysestake...


Arvegods



Ein blå amerikakoffert, fungerer som bord på loftstova.



Eit av barneromma har ei blåmalt gammal seng, med eit sengeteppe i blåfargar som eg har laga sjølv. Teppet er sydd av gamle gardiner og andre stoffrestar. Heilt gjenbruk! Alle soveromma i huset har forresten slike i ulike fargar.

Denne søte lille dama er også komt til oss etter ein "redningsaksjon", kunne vel fort ha havna på "dynga"...

















lørdag 19. september 2009

Lopper

Ikkje ofte eg kjem meg på loppemarked, men i dag greidde eg det altså. Litt fangst blei det og, til tross for at eg var sein ute.
Denne skåla var skikkeleg retro, og passa perfekt inn i vår leilighet (les hytte) i byen. Der har vi lagt oss på litt retro, og ymse turkise og blåfargar går igjen.
Glasa over blei kjøpt med heim til mor. Der i huset har det nemleg eksistert slike glas så lenge eg kan hugse, altså sidan 70-talet. Greitt å få spedd på behaldninga, litt svinn kan jo forekomme...

Ei søt lita skål, med gullkant og blomsterdekor, denne fekk bli med heim.

Nok eit karaffelsett. Ikkje lenge sidan eg kjøpte eit liknande (sjå eige innlegg). Retro og artig!
Kva skal eg med det? Samlar eg kanskje på karaffelsett?


Som om ikkje eg samla på nok, fekk eg ein idè for ei stund sidan om at eg skulle samle på slike sukker/syltetøyskåler. Den fremste her var blant dagens funn.

To "sølvfat" freista meg...

Faktisk "sølvfat" nr 3 og....

Og eit fat frå Egersund. Nokon som veit kortid desse vart produserte?
Dette var altså dagens fangst. I tillegg hadde vi med oss heim 10 stk gullfarga teskeier. Desse er allerede gitt vekk til mi snille kusine som ei stund har jakta på gull-teskeier til mokkakoppane sine. I dag var altså dagen for jaktfangst. Lurt å fortelle andre kva ein leitar etter, då har ein fleire auger som ser....
Ha ein fortsatt fin laurdagskveld!