mandag 7. september 2015

Open gard




Søndag hadde vi "Open gard" her på Flatheim.
Ca 45 personar ville bruke ettermiddagen sin til det.
Det blei litt for travelt for fotografen, så det blei ikkje tatt så mykje bilder, men litt foto har vi greidd å samle ihop.



 Naturmøteplassen vår er fuglestien "Fuglar i Fosseheimen".
Kva er vel då meir naturleg enn eit lite snekkarverksted der ein fekk snekre seg fugleholkar. 
Litt eldre og meir erfarne "snekkarar" hjelper dei yngre.


I Storehuset hadde vi kafè, der ein blandt anna fekk kjøpt seg slike bollar ;-)




Moskusendene våre er ganske tamme, så barna fekk klappe dei. Spennande!


Ved gapahuken, som ligg omtrent midt i fulglestien, var det rigga til med grillar, slik at besøkande kunne grille og kose seg. Her er utsikten frå gapahuken.



Her er var det også mogeleg å prøve ferigheiter med pil og boge.


Grilling


-Og eting


Padling i den vesle lona i elva var det også nokre som syntest var spennande.



Og ikkje minst prøve fiskelukka.


Fin fangst!
Og fin søndag!

fredag 4. september 2015

Det går seg til


Det pågår stadig litt bygging her på farmen.
Sakte, men forhåpentlegvis sikkert er "annekset" i ferd med å ta form i tunet.  



Nede ved elva har eit lysthus tatt form denne sesongen, 


Her kan ein nyte naturen, rett ved elva, og kanskje ein stjernehimmel om ein har flaks.


Varm seg og kose seg ;-)









Forhåpentlegvis endå nokre veker att før frost og snø får ta tak.

torsdag 20. august 2015

Hausthelg


Hausten kan vere fin. I skogen og på fjellet finn vi sopp og bær. 
I elva kan vi få fisk.



Fossestien ligg der, klar til å ta imot vandreglade menneske
Toppane ligg der også, litt høgre oppe, -også klare til å ta imot oss. Vi kan komme litt nærare den haustklåre himmelen.


Etter ein dag i skogen eller på fjellet, kan det vere behageleg å senke seg ned i eit varmt og godt bad.



Eller samlast rundt eit lite bål, inne i lysthuset eller ute under open himmel, begge deler har sin sjarm.



Til slutt kan vi legge oss under, lune, knitrande dyner, og få ein kvil og ei god natts søvn




Kanskje har vi kvilt litt i stolen først, eller rundt langbordet med eit god måltid.



Her på Flatheim har vi fortsatt ledige helgar utover hausten. Har du lyst å ta ein tur med familien for ei hausthelg, med natur og kos i historiske omgivelesar? Eller kanskje ei sosial helg med vener, god mat og fine turar? Vi kan ordne mat  og drikke, eller kjøkken om du vil kokkelere sjølv, varm badestamp, gode sengar og koselege lokale. 
10-13 sengeplassar er tilgjengelege.


Det er berre å ta kontakt om det skulle friste med ei helg i Viksdalen, enten for kvile, aktivitet, eller gjerne ein kombinasjon av begge deler :-). Velkommen til Flatheim!

søndag 14. juni 2015

Sommaren 2015 på Flatheim




No ventar vi på sol og varme!
Sommaren burde vore her!


Vi er klar!


I år som i fjor held vi open kiosk og open gard kvar dag i sommarferien!
Vi startar 23. juni og  held fram til 16. august.
Kiosken vil vere open frå kl 11-19.
Her har vi is, brus, kaffi, te, snop med meir, og mange spennande gåve-og interiørartiklar. 




Garden vil vere open i same tidsrom.
Då er det mogeleg å helse på dei forskjellige dyra som bur her, fiske, bade, padle i kano, vandre på fuglestien og naturstien, leike og grille på friluftsområdet ved gapahuken mm.
Pris for dette er kr 70,- pr person.


Det er også mogeleg å overnatte her om ein ynskjer. Vi har fleire rom til leige, eller du kan overnatte i telt. Vi har også badestamp og lysthus som kan leigast på bestilling!






Velkommen til Flatheim!

(obs! laurdag 27. held vi stengt pga anna arrangement)

tirsdag 24. februar 2015

Karoline-rommet





Det er kjekt å innrede. Men det tek si tid å finne dei rette løysingane, og dei rette møblane. Det skal harmonere med huset og med oss. Her er det tatt i bruk to pensjonatsengar frå "Hoff Pensjonat", det same gjeld nattbordet.


Vi har fokus på å bruke det vi har. Vi likar gjenbruk og oppussing. Litt nye tekstilar må til også, og då må kanskje symaskina fram, for å få det slik vi vil.

 

Her har ein riktig gammal, heimesnekra stol, som har stått ute eit par år, fått "nye" puter, dvs gamle, ny-omtrekte puter, ny-sydd trekk på puta i stolen, og gode, lune skinn. Faktisk enda eit gammalt vrak opp med å bli både innbydande og god å sitte i. Nett slik vi likar det!


Ei gammal seng kom fram frå eit loft. Ei tønne til nattbord. Eigenprodusert lappeteppe i senga, reste-og gjenbruksstoff, sjølvsagt. Ei pute fekk sydd på ei heklebord som låg på lur i eit skåp. Også ei arva brodert pute fekk plass i senga. Likeeins ei arva, vevd pute på krakken ved sida av.


Eit lite bord har vi også fått plass til. I hjørnet står eit gammalt tørkestativ med ullpledd som kan vere gode å ha både ute og inne om ein vil varme seg litt.


Her ein gammal vaskekommode frå ein gjenbruksbutikk, den fekk vi tak i for nokre år sidan. Denne er pussa opp, for den var verkeleg stygg i utgangspunktet. På den står det eit gammalt vaskestell frå "Hoff Pensjonat".


Denne senga er av nyare dato, men med litt "justeringar" glir den bra inn i miljøet. Lamper frå ein gjenbruksbutikk i Sverige er på plass over senga.

Slik ser det ut så langt, no begynner det å bli triveleg.

Under kjem bilder av dette rommet då vi starta på flytte- og restaureringsprosjektet. Og det skal seiast, dette rommet var  det som var best i stand, sett vekk i frå taket, då ;-)