tirsdag 28. desember 2010

10 000 og trekning!

No overdriv eg litt...er ikkje 10 000 besøkande nett endå, men det nermar seg...
Og då tenkte eg at det er på sin plass å trekke ei gave her på bloggen. Om 4 veker+ kjem sola tilbake her, og ho er hjarteleg velkommen! For tida spekulerer eg på nyttårsforsett. Har funne ut at det ikkje er så dumt, og om eg fortel dei til nokon, så greier eg å halde dei og. Tidlegare har eg hatt "skal ikkje"-forsett. Eg trur nok det er lettare enn "skal"-forsett. Men eg trur kanskje det er på tide å avansere litt og satse på "skal"-forsett i år ;-). Vel, vel, eg har nokre dagar igjen på å formulere det....så vi får sjå kva det endar med...

Mens eg ventar på at sola kjem tilbake, og i manko på gode, nye bilder, trøstar eg meg med nokre litt gamle sommarbilder, frå ein sommartur på fjellet her med gutane. Eg er og svært interessert i litt høgre temperaturar framover, både vinter og sommartemperaturar. Gjerne litt snø og (gjeld vinter), for no er det knapt til å gå på ski, og då er jo vinteren heilt ubrukeleg, med altfor lite snø, og altfor mange kuldegrader.







Vel, iallefall, besøkstalet etter at eg starta teljaren i fjor haust, har snart nådd 10 000. Akkurat kva eg skal trekke har eg ikkje spekulert ut endå, men ei gave skal det bli!
For å vere med i trekninga må eg få ein kommentar på dette innlegget, slik at eg har nokon å trekke mellom ;-). Trekninga vil foregå så fort eg oppdagar at teljaren passerer det magiske talet. Så her er det berre å hive seg rundt!

torsdag 18. november 2010

Har eg bu så har eg bu!



Eg har ein gammal bevaringsverdig kiosk. Kiosken var ein del av ein bensinstasjon som vart bygd tidleg på 60-talet. Den fungerer delvis som ein kiosk, litt drift om sommaren, og litt museum... for bygningen er ei av få i sitt slag som er att i landet, og litt gamle saker som hadde sin plass i kiosken, har fortsatt sin plass der. Og sjølvsagt har eg samla ein del bilder frå bensinstasjonen sin start og fram til no. Nokre av desse er komt på veggen.
Eg likar å putle på og lage litt saker og ting, sjølv om eg gjerne skulle hatt mykje meir tid og høve til det...
Men av og til kjem symaskina eller noko anna kreativt fram på bordet. Overskotet av produksjonen havnar inn i bua. Ein stad må det vere ;-).
Inspirert av diverse livsstilsbutikkar som eg har observert i denne bloggverden og på andre nettstader, har eg også fått på plass pittelitt varer i bua. Vel, litt varer har eg hatt lenge, men no er det litt i gave og interiør-leia.

Putene vart laga i fjor på denne tid....




Men her er litt av dei ikkje-heimelaga-varene. Litt i mi ånd er det... Produkta kjem frå Sagen Vintage Design, og ideen er å bruke motiv frå blant anna gamle postkort, samla av ein samlar....( og det kan eg vel kalle meg eg og.....)



Serviettar, kort og fyrstikkøskjer er det eg har fått på plass i bua, så langt. Kanskje finn eg noko anna spennande å putte inn der og etterkvart...

Men dei kan jo ikkje berre stå der til pynt, så om nokon treng ein liten presang til seg sjølv eller andre no i desse tider, er det berre å stikke innom ;-).




Desse rosene fekk eg i presang av meg sjølv før helga. I denne mørketida, og kalde tida, er det viktig med litt oppmuntrande blomster i stova. Og telys! Enten telys eller sydentur ;-)

Ha ei god natt! Skal prøve å komme tilbake om ikkje så lenge!


lørdag 23. oktober 2010

Nyinvestering!




Eg er igrunn lite begeistra for desse "kjøpebloggane", der ein til stadigheit skal vise fram nye ting ein har kjøpt....Men i dag tenkte eg at eg nett skulle vise kva eg har fått i hus denne veka.
Moods of Norway traktor-vaffeljern!

Har veldig sansen for Moods-gutane og inspirasjonen dei finn i tradisjon, kultur og natur her på vestlandet (og sikkert ellers i landet og).


Martinus fekk æra av å innvie det i forbindelse med 4H-prosjektet sitt. Lurer litt på korleis det passar med mi tolmodigheit angåande vaffelsteiking til storfamilien.... Er jo litt krinkelkrokar som skal fyllast med røre. Men Martinus fekk det til, han klaga ikkje heller, så då er det vel håp for fleire....og ein kan jo alltids supplere med dobbelt vaffeljern om det går for seint med ein traktor i slengen.

God helg til alle, her blir det muligens søndagsvafler ;-)








søndag 17. oktober 2010

På hausttur i Balestrandfjella


I går tok vi ein liten rundtur over Balestrand. Eit flott løypenett er merka og tilrettelagt med utgangspunkt frå Belehalli, like over sentrum. Her kan vi velge mellom natursti, stølstur eller topptur, rundtur eller fram og tilbake same vegen. Lange og korte.



Vi kjem fort opp til god utsikt!


Kviknes Hotell og Balestrand sentrum.


Oppe på første støl, eller stølsvoll..., -her er det ingen stølshus att å sjå.



Neste støl er Fjærestadstølen, her er det to fine stølshus. Koseleg stølsvoll.





Nedover frå Fjærestadstølen går vi gjennom eit stort granfelt. Å gå gjennom slike granfelt med den mjuke mosedekte bakken er magisk!





Ei flott bru gjer det komfortabelt å ta seg fram ;-)





Her er det berre å ta turen!







fredag 15. oktober 2010

Ein forlatt skatt


Eg har alltid vore fascinert av gamle bygningar. I dag har eg besøkt ein stad med mykje historie og mange skjebnar.
I Luster ligg Harastølen. Ca 500 moh. Majestetisk ruvar den store bygningen oppe i fjellsida over Lustrafjorden. Omkring hovudbygningen er det mange mindre bygningar. Harstølen var tuberkulosesanatorium frå 1902 og fram på 50-talet. Teorien på den tid var at desse pasientane kunne kurast i tynn og tørr fjelluft. Plasseringa av Harastølen var i ei slik "immunsone", som det vart kalla. Etter at tuberkulosevaksine fekk sitt gjennombrot etter 2. verdskrig vart sjukdommen meir eller mindre utrydda her i landet. Etter dette var Harastølen psykiatrisk sjukeheim fram på 80-talet.
Ein liten periode var det også asylmottak her, til all drift vart lagd ned først på 90-talet.
Bygningen kosta 777 000 då den stod ferdig i 1902, den hadde då 96 sengeplassar. På 50-talet var kapasiteten oppe i 150 sengeplassar.

Harastølen består av 23 bygningar. Eit heilt samfunn var bygd opp her. Eige kraftverk, taubane, grisefjøs, søsterhjem, doktorbolig, postopneri, kapell med likhus osv. Her er det mykje fordums prakt å sjå.


Dette er vel eit stabbur, som er på veg å legge seg litt over.....



Eit stort forfall, som har vorte framskunda av hærverk. Tragisk.
Slik eg har oppfatta det er det eit aksjeselskap som no eig Harastølen. Intensjonen var for 10 år sida, og utvikle staden til eit ferie-og fritidssenter.



Litt spøkelsesaktig... Mange lar seg nok fascinere også av det....
Utanfor bygningen var det tidlegare bygd ein baldakin. Der vart pasientane trilla ut for kuring året rundt. Her låg dei og pusta inn den "riktige" lufta godt innpakka i posar av reinsdyrskinn.




Samfunnet. Ser føre meg aktiviteten som har vore i tunet og bygningane.





Skulle nok vore freda og tatt vare på dette her. Mykje viktig og spennande historie knytt til staden.





Veit ikkje kva dette er for byning. Nokon som veit?





Eiga taubane frå fjorden og opp.





Dette var eingang eit staseleg stakittgjerde..........




Det var kjekt å vere der og sjå staden på nært hold, forfallet var større enn eg hadde trudd. Bilda eg har sett er nok nokre år gamle... Rart å forestille seg at det var drift der for under 20 år sidan....

Med mykje innsats, kreativitet og pågangsmot kan det vel fortsatt gå an å redde staden. Men eg trur det hastar!!
-og det trengst både eldsjeler og pengar!!
-men begge deler finst jo i dette landet!












søndag 10. oktober 2010

Fin start på haustferien

Har ein tendens til å måtte ha friske, avskårne blomster i huset. Denne veka var det 20 for 59 på Coop'en, så då blei det ein svær bukett med kvite roser. ;-)


Vi har så og sei alltid oppussingsprosjekt på gang ein stad. For tida har vi minst to. Dette golvet er det eine. Når vi flytta inn pussa vi ned alle golv, etter å ha henta mange fram under golvbelegg og plater
For variasjonen sin del, og ikkje minst for å gjere det litt enkelt, blei eit par av soveromsgolva malte. Dette var ingen suksess. Malinga hefta dårleg på underlaget, truleg pga av blandinga i den gamle lakken. Det vart difor svært fort stygt.


Vi har no tenkt å skifte heile golvet. Etter ei runde hos byggevareforretingar i Førde, og litt telefonar til andre i distriktet, fann vi til slutt nokon som kunne levere golvbord i same breidde som det gamle. Bestilling er lagt inn. Planen var å starte med utriving av dette i helga, men der strakk ikkje tida til. På same tid skal det isolerast under, og truleg fjernast museskit ....

Ellers så var det litt framgang på eit par av dei andre prosjekta, noko som bl.a resulterte i at eg sit med ein bandasjert peikefinger....




Helga måtte også nyttast til litt trim og friluftsliv. Det fine veret tilsa at ein liten tur måtte leggast inn i programmet kvar dag. Fredag føremiddag vart det ein liten fin tur på Gaularfjellet. Her ved Torsnesstølen.




Gaularfjellet.






I dag blei det utflukt med gutta-boys til Langeland for å rappellere. Eg, som er ganske hardt ramma av høgdeskrekk holdt seg under feltet for fotografering. Best slik...





Men gutane var tøffe og kom ned den ca 25 meter høge veggen...





Teknikken blei bedre for kvar tur!






På heimveg vart det stopp for ein liten stølstur. Rørstadstølen ligg fint til oppe i lia ved Viksdalsvatnet og har ein flott utsikt!




Utsikt mot Viksdalen.






Eit gammalt tre med mange hakkespetthol og store soppar.




Skogstroll!





og eit litt sånn Harry-Potter-aktig tre ;-)
Då håpar vi på fint haustferiever også, alt blir så mykje kjekkare då!







lørdag 2. oktober 2010

Litt nytt frå siste veka ;-)



Denne veka har Sogn og Fjordane hatt eksotisk besøk frå Gambia i regi av 4H. Mesteparten av tida har dei budd på Tuftegarden 4H-gard i Viksdalen. Torsdag var dei tre 4H-klubbane i Viksdalen samla i og ved Gamma på Tuftegarden for sosialt samvær, det blei lært vekk norske leikar, vi fekk smake på Gambisk lapskaus (som eg ikkje hugsar navnet på i farten) og vi steikte lappar på bål. Ein skikkeleg triveleg kveld.

Her er det klart for leiking!
På heimefronten har dei to kattungane våre blitt større og villare. Her ser dei ganske troskyldige og avslappa ut, men dei er ikkje like fredelege heile tida...........


Det er grunnen til at duken er bretta oppatt på bordet i stova i kveld. Dei har nemleg komt i skade for å rive ned og ødelegge litt i løpet av dagen....



I kjellaren er det også aktivitet. Prosjekt "fiksing av siste golvet" er i gang. Det har i kveld starta med legging av membran. Denne skal holde vatn som måtte komme opp frå grunnen ute, og det kan jo vere greitt.

Etterkvart skal det leggast flis oppå her... Det skal bli bra! Det har seg nemleg slik at etterkvart som dei andre golva har blitt fiksa, blir jo dei attverande golva desto styggare. Ettersom det er det midterste rommet som no står att, kan ein jo ikkje unngå å sjå det heller, ein må liksom ferdast der til dagen, og dermed skal det bli nokså frydefullt å få det ferdig ;-).



På kjøkkenet har ein ny Basilikum fått plass i eit gammalt litermål. Eit lite gjenbruksstunt som eg kan like!



Dessuten har to nye nostalgiske emaljekoppar komt i hus. Dei står foreløpig midt på kjøkkenbordet, for dei er ganske koselege å sjå på ;-).



Dette hjørnet i gangen har nok blitt vist på bloggen før. Men i dag har det fått ein liten haustvri, med eit varmt og godt og svart lammeskinn på benken.