fredag 20. november 2009

Greengate i Førde

Oppdagelse!



Rart at ingen forhandlar Greengate i Førde har eg tenkt av og til. For eit par veker sidan kjøpte eg meg eit par koppar i Balestrand, det var inntil då, den einaste staden eg hadde oppdaga som selde dette. I går var vi på jakt etter nokre knottar til eit gammalt nattbord. Vi hadde sett i eit vindu i ein "ny" butikk litt utanfor sentrum at det truleg kunne finnast knottar der. Og kanskje litt andre småting. Det som openberra seg når vi kom inn var ei heil avdeling med Greengate, godt gøymt bak i ein krok. Og butikken har vore der i nesten eit år! Attpåtil er det i kjellaren, under vår "byhytte" (les leilighet). Hoho, for ein oppdagelse! Trur kanskje det er mange andre som heller ikkje har oppdaga dette. Så om du likar Greengate. Ta ein tur til den vesle butikken i kjellaren under Førde Terrasse, Flatene 1!



To nye grøne, med prikkar denne gangen. Så no kan vi ha gjester...

tirsdag 17. november 2009

Dagens

Dagens produksjon består av ein ny pepperkakeform-pose, -eller noko-anna-juleting-pose.
Eg har eit altfor dårleg kamera til dette bruk. Sjølv syns eg faktisk at alt er mykje finare, enn det ser ut på bilde. Men, men det får stå til..


Eit miljøvenleg handlenett har eg også laga i dag. Dette er delvis laga av stoff som eg vant på bloggen Hobbyrommet. Litt retroinspirert. Langt og smalt. Bra til å handle purreløkar og slikt med, hehe.
Har gjort ferdig eit par hjerter til. Med englar i duse fargar.


-Og så ei pute. Denne har englar i hjartet. Kunne ikkje ta nærare bilete, for det vart faktisk stygt, og puta er fin!


Det var dagens. God natt!


mandag 16. november 2009

Hjartedilla!
Den siste tida har eg hatt dilla på å sy hjarter. Det har blitt mange variantar. Stadig nye idèar til utgaver dukkar opp! Mest spennande å sy, ikkje så spennande å stappe, og sy att holet....Så det har vore mange uferdige objekt.... Men no har eg skjerpa meg og stappa og sydd litt. Tenkte å vise litt av dei eg har produsert.

Det har blitt lite blogging denne veka. Vi har vore travelt opptatt pga eit slikt lite kryp som er avbilda under. Ronja har hangla i fleire veker. Etter mange turar hos lege, mange blodprøvar og vurderingar avsløra det seg til slutt ein borreliainfeksjon. Fysjom! Men no er vi igang med behandling. Intavenøs i 14 dagar, så det blir mange turar for behandling. Men det må til!


Så over til hjarter..og litt til.
















Sist helg var det julemarknad i bygda. Ein klassekamerat til mine 10-åringar hadde støypt lys som han selde. Gutane mina var truleg blant dei beste kundane. Vi har iallefall no ei fin samling med grøne lys på kjøkkenbordet. I går måtte eg kjøpe ein Azalea. Begynte forsiktig med kvit, ettersom eg tenkte eg skulle vente litt til med dei lilla og røde, sidan dei er litt meir "julete".

Eg har fått ei gammal potte, som nok er ubrukt, etter ein landhandel som er nedlagt for mange år sidan. Det står prislapp under, kr 8,75 trur eg det var... Morsomt. Potta er fra Cathrineholm og egnar seg fint som potteskjular.





Eg har og forsøkt meg på lysdekorering. På avstand ser det jo ikkje så verst ut... Lyt nok prøve dette fleire gangar... Øvelse gjer vel meister...?






Dagen i dag har i grove trekk bestått av rydding av eit hus som har vore forsømt siste veka, litt gjester, behandlingstur med Ronja, besøk, litt hjartestapping, ferdiggjeringa av eit utkast av ei oppgave i mi videreutdanning som er sendt til veiledning (puh!) og no til sist, langt på natt, eit lite blogginnlegg. Alt i alt ikkje så verst... No gjenstår det å overvinne lakenskrekken! Ha ei god natt!




søndag 8. november 2009

Litt nytt, litt brukt og vinnarlukke!


Eg er rett som det er inn i den uferdige butikken til Nina i Paradiset og snokar i hyllene.
Dette har resultert i litt handel. For eit par dagar sidan kom varene i hus. Desse utruleg søte små skålene til telys kunne eg ikkje stå imot....



Dei har fått plass på dette sinkbrettet enn så lenge. Om litt skal sinkbrettet få æra av å vere adventsstake. Då skal også desse tala på biletet under vere med. Korga i bakgrunnen har eg også plukka frå hyllene i Paradiset. Det vesle sinkfatet er av same merke som det avlange, men det har eg plukka i hyllene til ein blomster og interiørbutikk i Balestrand (som eg ikkje hugsar navnet på i farten).


Denne såpa fann eg også i Balestrand. Den har fått plass i denne gamle flotte såpekoppen som eg har tatt vare på frå gamal tid. Dette får sin plass på nye badet...



I Balestrand har dei også Greengate. Eg har no i eit halvt års tid, kikka på dei ulike variantane i den hylla. Denne gangen blei to eksemplar med meg heim. Syns dei matcha putene på kjøkkenet ganske bra...


Og så har eg vore ein tur innom gjenbruksbutikken... Det var det eit par skattar som venta på meg denne veka. Eit stettfat....


Og denne utruleg søte skåla frå Figgjo. Med sommarfuglar på, var den ikkje lett å gå ifrå!


Denne veka har eg funne hjarteknaggar på Kid, flotte var dei. Trur dei havnar på vaskerommet..

Og så har eg vunne! 2 gangar! Først hos Hobbyrommet, ein overraskelsestoffpakke. Denne dama har mange skattar i stoff, og eg var skikkeleg heldig og fekk litt av dei. Gledar meg til å begynne på dei!


Og så hos Lykkelitens Boble, ein skikkeleg koseleg pakke. Med flott oppvaskkost og klut. Perfekt!



Og serviettar, med yndlingsblomen Hortensia, og "pyntedingsar" som eg ha tenkt å pynte lys med. Også perfekt!

Sjå alt det koselege som var i pakken!



Jøyemeg kor mykje eg har fått i hus denne veka! Morro var det, men kan nok ikkje fortsette i dette tempoet, då blir det snart fullt! No skal eg forresten på julemarknad, kanskje eg finn skattar det og....?

onsdag 4. november 2009

Symaskina framme att..


Plutseleg ligg det visst ei heil rekke med hjerter på bordet og ventar på fyll.....



Ein julepose.....





Til peparkakeformer


Med mange barn kan det fort bli mange peparkakeformer. Beholdninga veks for kvart år. Kor skal dei vere alle dei dagane dei ikkje får vere i full drift på kjøkkenet?
Jau, no skal dei henge i denne posen på veggen i matboda!




Desse skal til fjells. Hytta på fjellet er nemleg iferd med å få seg nye kjøkkengardiner. Desse blir med som følge...



Eit forsøk på å sy ein vinflaskepose var sånn halvvegs vellukka.
Eg viser den fram likevel...



Nokre linhjerter med englemotiv, er ferdig stappa...



Desse får følge av matchande puter (eller var det omvendt?), pynta med paljettband...



Putene blir "prøvekøyrde" i gangen....



Som nattbloggar, får eg sei god natt til alle!