torsdag 23. mai 2013

Barnas Turlag på Fuglestien


I dag var det planlagt tur med Barnas Turlag på Fulglestien her på Flatheim.
Turboreven venta spent på grinda, og jammen dukka det opp nokre barn som ville bli med!


Dette er ein liten og lett tur rundt på garden, der vi kan lese om fuglar i området på små tavler, og om vi vil sette oss ned og spionere litt, så kan vi kanskje sjå om  nokon  har flytta inn i fugleholkane som heng rundt om i trea.


Undervegs i ruta kjem vi til gapahuken og leikeområdet. Her blei det ein liten pause for leik, mat og grilling.


 Barnas Turlag har med seg stempel, og det er alltid spennande å få stempla, -enten boka si, -eller kanskje rett og slett i panna!


Denne søte vesle karen som var med på tur, var eigentleg litt redd for dyr, men bestemte seg plutseleg for at geitekillingane var akkurat passeleg for han, og slett ikkje farlege!


Under matpausen måtte vi rett og slett sette desse turkameratane på taket ei lita stund for å få fred ;-)


Kano måtte også prøvast!