fredag 28. desember 2012

Gamle, kule julekuler!


I mange, mange år har vi (eg) pynta treet med raudt og sølv. Skikkeleg gjennomført og stileg....

Men i fjor kom det opp protestar frå eit par av gutane her i huset. No ville dei ha det litt meir fargerikt og innhaldsrikt. Det var på tide å plukke fram dei gamle, arva kulene som ikkje har fått komme ut av kottet. Det er ulike grunnar til at dei ikkje har fått komme ut, den viktigaste er trass alt at vi har vore redd for at dei skulle bli knust. 



Men det har trass alt blitt litt rolegare tider med åra, og når gutane forlangte fram dei gamle, ærverdige kulene, tenkte eg at "la gå", det er greitt!



Men dei same gutane kom med det same kravet i år også.
Litt sikring har vi, då, slik vi har alltid har hatt. Vi har nemleg ei fin, raud sløyfe frå toppen av treet og opp i ei skrue i taket. Så fallet skal ikkje bli særleg stort, om det skulle oppstå "situasjonar". Men det har gått heilt fint så langt. Både folk og dyr er fredelege.



Kulene over og under er laga av papir, og er ganske spesielle og sikkert nokså gamle. Dei er arva frå mi bestemor.


Kulene under er også arv, og er nok iallefall eldre enn alle oss i familien...;-)





Alt i alt, så er det vel heilt i vår ånd å bruke desse gamle, arva kulene, så vi slit ikkje særleg med at det 
ikkje er heilt gjennomført fargemessig osv. Eg trur faktisk vi seier oss svært fornøgde med årets juletrepynt!

onsdag 7. november 2012

Framdrift





Etter ein lang prosess med mykje venting på ymse godkjenningar, tid til å manne seg opp og spekulere på korleis det skal angripast osv, så er endeleg Storehuset demontert. På grunn av over ein månad med regn, kom arbeidet så seint i gang, at vi ikkje får starte på gjenreising før til våren.




Sjølv om taket var heilt kaputt, og vi kanskje hadde forventa at det skulle avdekke seg endå meir som var dårlegare enn først antatt, så var det faktisk ein del som var bedre. Positivt!

No ligg huset merka og lagra i store stablar ved tomten der det skal byggast oppatt, klart til vårsola har fjerna snøen. Då er det berre å hive seg rundt!

Likevel har vi ein del bygningsdelar som må reparerast og kopierast i løpet av vinteren. Det er berre å hugse på at vinteren igrunn går fort, så det gjeld å sette igang ;-)




Det blir utruleg spennande å gjenreise bygningen i sitt nye tun, og sjå det tek form! Det gledar vi oss til!



Vi har tatt prøvar av tømmeret på den eldste delen, og det viser seg og vere hogd vinteren 1572 og 1573.
Det er nesten skummelt å tenke på alt dette huset har opplevd. 440 år er mange generasjonar med mykje sorg og glede. Det er ei ære å få lov til å ta vare på det vidare.

tirsdag 4. september 2012

Villa Villekulla


I helga, då folk gjekk mann av huse for å vere med på Førde Opp på den nye bystien, reiste eg og gjengen til nabokommunen på andre sida i staden.

I Balestrand var det marknadsdag i Holmen, dvs på kaiområdet. Lokale tilbydarar av mat, klær mm, og ymse andre aktivitetar. Brukbart ver, og god stemning.

I helga hadde eg bestemt meg for å sette linsa på nokre av dei flotte villaene i Balestrand. Dei ligg på rekke og rad og er ganske fascinerande. Dei fleste er bygd opp på slutten av 1800-talet og begynnelsen av 1900-talet. Dei er tilsynelatande velhaldne, og det er bra!






Rosemaling utvendig på hus er vel heller sjeldan kost...

 

Har alltid syns denne med tårn har vore ekstra spennande....

I denne hadde keisar Wilhelm i si tid fest. Min bestefar fortalde at han som liten gut hadde stått og sett gjennom gjerdet på dei fine folka som dansa og sprada rundt i hagen.


Forseggjort garasje, vil eg sei!


Futegarden. Her skal Gjest Bårdsen i si tid vore i fangenskap.


Standsmessig fuglebrett!


mandag 6. august 2012

Ferdig!



Då er det vesle, nye hønsehuset i hagen ferdig. Det vil sei, det gamle vesle hønsehuset er erstatta med eit litt større. Eg likar ikkje å sei at ting er ferdig før dei er ferdig. Men no er torvtaket på plass, så då begynner det å bli bra, sjølv om det er står att litt maling (på slike stader som ikkje viser så godt....;-))


Slik ser det ut frå trappa ;-)



Torvlegging!!


fredag 3. august 2012

Kulturlandskap

Dei aller fleste likar å sjå eit veltstelt kulturlandskap.
Etterkvart som samfunnet har endra seg dei siste 10-åra, er det ferre og ferre som haustar for (gras) fordi dei må. Mange fjøsar står tomme, og det er strengt tatt ikkje nødvendig å slå graset for den del. Nokre av desse bruka som ikkje er i drift leiger ut jorda til eit anna bruk som fortsatt driv. På den måten får dei fortsatt jorda si stelt, iallefall det mest lettstelte av jorda si. Bratte bakkar og utkantar kan det vere so som so med. Ein del av desse nedlagte bruka blir berre ståande og gro att, matjorda blir forringa, og det mykje omtala kulturlandskapet forsvinn under kratt og skog.



Her på Flatheim har vi ikkje akkurat eit lettstelt bruk. Ingen bratte bakkar, men det meste er overflatedyrka, så det er lite med flate bøar, men heller  haugar og knollar, litt blautt og litt tørt...

Vi har også eit område som er svært spesielt, nemleg ein furulund, der dyra beitar vår og haust og som blir slått om sommaren. Det er ikkje sikkert mange har tenkt over det, men slike stader er det svært få av.

Ettersom vi har sauer i fjøsen, må graset slåast. Med høytørke som einaste "oppbevaring" er vi ganske veravhengige, og som oftast må det opp nokre hesjar for å berge graset i hus. 

Det er ikkje sjeldan at turistane stoppar i vegen for å fotografere desse hesjane. Det hender og at dei rett og slett må ned og sjå på dei.



Legg merke til "traktoregga". Eit lite område er mogeleg å komme til for å presse rundballar, og i år blei det 3 stk. Så her er gamle og nye kunster i skjønn forening ;-)


Her blir det slått rundt furuleggane med slåmaskin.


Men det er også andre faktorar for eit velstelt kulturlandskap. Nemleg beitande dyr og/eller rydding av skog. I år har vi tre geitebukkar. Desse kan verkeleg kunsten å rydde landskapet! I sommar har dei fått gått på eit område ved elva. Rett nok på naboen, men til glede både for oss, forhåpentlegvis også naboen, og resten av grenda, ettersom vi no har fått opna opp eit område som etterkvart var blitt ganske utilgjengeleg. Ein del skog blei hogd her i vinter og vår, men resten av jobben har desse gjort. Vi har fått att utsikta både mot elva og brua.

Det er arbeidskrevjande å halde kulturlandskapet i hevd, men i respekt både for farne og kommande generasjonar tykkjer eg det er vår plikt å gjere det.

(og dette kunne eg sagt mykje meir om.........)

onsdag 11. juli 2012

Geocaching


For nokre dagar sidan hadde vi besøk av ein gjeng frå fylkeskommunen. Kveldens prosjekt var å lære meir om geocaching. I området er det allerede ein slik "post". Denne hadde vi som mål og finne, og i tillegg skulle vi prøve å legge ut ein ny.


Det blei ein liten rundtur på Fossestien. Det vil sei ein liten del av den 21 km lange stien.  Og vi både fann og plasserte geocach.


På turen gjekk vi gjennom dette området, som faktisk er eit av mine favorittområde på stien. Litt trolsk er det her syns eg!

Det var trivelege gjester og det blei ein kjekk kveld. Geocaching er dessutan ein spennande og utbreidd aktivitet, så det er berre å hive seg på og prøve! Sjekk ut geocaching.com.

søndag 8. juli 2012

Det blomstrar på Flatheim!


Eg likar hage og blomster, og skulle ynskje eg var både flinkare med slikt og hadde meir tid til det. Men når det er mykje ein har lyst å bruke tid på, så må det porsjonerast ut, og då blir det sånn passeleg.

Men eg har iallefall ein del ulike plantar, det meste er gamle stauder frå bestemor si tid. Desse kjem att år etter år, og det er jo veldig greitt, så er iallefall det gjort. Då er det "berre" for oss å gjere eit forsøk på å halde ugraset vekke, og evt andre justeringar vi måtte komme på.


Det ser lovande ut for peonen, stor og frodig, med mykje knoppar. Det ville vere fint om den fekk stå og blomstre i fred utan bli rasert av vind og regn også. På førehand takk!


No er eg ikkje ein kløpper på navn, er flinkare på ville blomster enn hageblomster, takka vere eit par år med natur og planter som 4H-oppgave i gamle dagar. Men iallefall, desse orange syns eg er veldig fine, dei gjer mykje av seg, og eg har på følelsen at dei er litt gammaldagse ;-). No er dei på siste verset her for i år, men dei har stått lenge denne gangen syns eg, kanskje pga lite regn?


Nokre gule liljer, har rikeleg av desse...


Og ein plante som eg føler er litt gammaldags, anar ikkje navn, men syns den er ganske sjarmerande!



Desse blå over, er også ein av mine favorittar i hagen.


Akeleier, over og under, har vi bl.a langs husveggen, sådde nokre i andre fargar for nokre år sidan, og trur denne over er eit resultat frå det. Ellers er det denne blå som dominerer her i gården.


Rosa lupiner. Desse er svartelista her til lands, men vi har nokre eksemplar, denne rosa og nokre blå. Trur vi har holdt dei i sjakk for spreiing, så då er det vel ikkje så veldig farleg enn så lenge...


Litt sånn typisk kantplante...


Denne og...


Då er eg spent på rosene etterkvart. Ikkje så mange som har sprunge ut av desse endå. Kanskje eg tek meg ei runde med kamera litt seinare...

God søndagskveld!

søndag 17. juni 2012

Popping!


Når sumaren er komen og graset er grønt,
 - då blir det brukt mykje tid i og ved gapahuken.

Om det er litt utrygt for regn og ikkje tipp topp temperatur,
så er det likevel fullt mogeleg å grille og lage mat ute, ettersom vi har både bord, benker, koppar, kar og pledd under tak. I dag var ein slik søndag.



På opningsdagen for 4H-garden fekk vi popcorngryte i gåve frå 4H i fylket.
Strengt tatt fekk vi vel beskjed om å teste den med ein gong,
men det rakk vi rett og slett ikkje.

Så i dag blei det testing av popping!


Og det funka fint!

Veit ikkje om det var flaks eller det faktisk ikkje var så vanskeleg...
Det vil vise seg ;-)



I allefall fekk vi meska oss med popcorn heile gjengen, og det vart faktisk litt til overs.

fredag 15. juni 2012

Godis i skapet


I kiosken har vi eit gammalt sjokoladeskap.
Stikk vi nasen inni der kan vi fortsatt kjenne angen av fordums godteri.



Etter nokre år med litt andre oppgåver, har skapet endeleg fått att sin gamle jobb.
Ikkje så mykje sjokolade, men iallefall ymse anna godsaker.


Nostalgisk som seg hør og bør.


Godsaker med fin emballasje med motiv med troll og dyr.
Velkommen innom om det freistar med litt godis frå eit gamalt sjokoladeskap ;-)