fredag 3. august 2012

Kulturlandskap

Dei aller fleste likar å sjå eit veltstelt kulturlandskap.
Etterkvart som samfunnet har endra seg dei siste 10-åra, er det ferre og ferre som haustar for (gras) fordi dei må. Mange fjøsar står tomme, og det er strengt tatt ikkje nødvendig å slå graset for den del. Nokre av desse bruka som ikkje er i drift leiger ut jorda til eit anna bruk som fortsatt driv. På den måten får dei fortsatt jorda si stelt, iallefall det mest lettstelte av jorda si. Bratte bakkar og utkantar kan det vere so som so med. Ein del av desse nedlagte bruka blir berre ståande og gro att, matjorda blir forringa, og det mykje omtala kulturlandskapet forsvinn under kratt og skog.



Her på Flatheim har vi ikkje akkurat eit lettstelt bruk. Ingen bratte bakkar, men det meste er overflatedyrka, så det er lite med flate bøar, men heller  haugar og knollar, litt blautt og litt tørt...

Vi har også eit område som er svært spesielt, nemleg ein furulund, der dyra beitar vår og haust og som blir slått om sommaren. Det er ikkje sikkert mange har tenkt over det, men slike stader er det svært få av.

Ettersom vi har sauer i fjøsen, må graset slåast. Med høytørke som einaste "oppbevaring" er vi ganske veravhengige, og som oftast må det opp nokre hesjar for å berge graset i hus. 

Det er ikkje sjeldan at turistane stoppar i vegen for å fotografere desse hesjane. Det hender og at dei rett og slett må ned og sjå på dei.



Legg merke til "traktoregga". Eit lite område er mogeleg å komme til for å presse rundballar, og i år blei det 3 stk. Så her er gamle og nye kunster i skjønn forening ;-)


Her blir det slått rundt furuleggane med slåmaskin.


Men det er også andre faktorar for eit velstelt kulturlandskap. Nemleg beitande dyr og/eller rydding av skog. I år har vi tre geitebukkar. Desse kan verkeleg kunsten å rydde landskapet! I sommar har dei fått gått på eit område ved elva. Rett nok på naboen, men til glede både for oss, forhåpentlegvis også naboen, og resten av grenda, ettersom vi no har fått opna opp eit område som etterkvart var blitt ganske utilgjengeleg. Ein del skog blei hogd her i vinter og vår, men resten av jobben har desse gjort. Vi har fått att utsikta både mot elva og brua.

Det er arbeidskrevjande å halde kulturlandskapet i hevd, men i respekt både for farne og kommande generasjonar tykkjer eg det er vår plikt å gjere det.

(og dette kunne eg sagt mykje meir om.........)

2 kommentarer:

Åshild i bestemors hage sa...

Så flott skrevet. Jeg lurer også på å leie noen geiter, men da må vi gjerde inn et område først. Foreløpig er det nok å gjøre med hus og tun.

LIVS LYST sa...

Å så gøy å se! Herlig. Til og med hesjer. Fantastisk!