søndag 15. april 2012

Kyllingar til gards!


Det ligg framleis rikeleg med snø rundt husa her. Våren slit litt med å få heilt tak her i grenda. Stadig vaknar vi opp til nysnø. Eg brukar likevel ikkje mykje energi på å sutre over dette, sjølv om eg er veldig klar for hagearbeid og meir uteliv. Då syns eg det er betre å fokusere på det som gir litt vårstemning, trass alt. Kyllingar er vårstemning for meg. Fredag henta vi 12 kyllingar med heim frå Bergen. Førebels bur dei inne i huset, litt omrokkeringar blant smådyr og høner må til før dei kan flytte ut der dei skal vere. Forhåpentleg skjer det i løpet av veka. Men er jo litt koseleg å høyre på kvitringa deira, så det går bra enn så lenge


lørdag 14. april 2012

Påskegåve


Vesle, nye nevøen skulle komme på sin første påskeferie til Viksdalen. Då måtte han sjølvsagt få krabbeteppe. Lenge sidan symaskin, stoff og saks har vore framme no. Men "gamle" kunster sat fortsatt i ;-). Teppet er sydd av lappar frå gamle dukar, gardiner, stoffrestar og gamle dongeribukser. Gjenbruk slik eg likar det. Det einaste nyinnkjøpte for anledningen er fleecestoffet til kanting og bakside (eller framside om ein vil). I same slengen blei det klipt opp lappar til 4 slike tepper til og i tillegg blei det sydd eit sengeteppe til ei voksenseng, som eg skal vise fram seinare ettersom eg manglar platevatt til foring, så det er ikkje heilt i boks endå.

God helg til alle. Her blir det 4H-møte med alle 4H-gardane og klubbane i bygda på ettermiddagen. Blir spennande å komme i lag å samkøyre planar og aktivitetar. I morgon blir det 100-års dag i Balestrand. Det er ikkje så ofte ein får sjansen til å vere med på. Sjølv om Ronja på 9, faktisk har vore i 100-års dag før. Iallefall ein alder det står respekt av