Gjenbruksfunn og 3000 timar?
Først til dagens funn på gjenbruksbutikken. 3 nye eksemplar til dette gamle Figgjo-servicet. Har ein del av det frå før. Dette er andre gang eg finn deler på gjenbruksbutikken. godt fornøgd..
Då er spørsmålet; går det 3000 timar til dette prosjektet? Det er vi førespegla. Godt vi ikkje veit svaret....
Det gamle tømmerhuset som vi skal flytte til våren treng både nye deler , og forsvarleg og omsorgsfull behandling av gamle deler... Vi håpar sjølvsagt at mest mogeleg skal kunne nyttast vidare. Men truleg må heile taket skiftast. Det har vore lekkasje i taket i ein del år, og det er mykje rote.. Tømmeret vidare nedover er mykje bra.
Men noko av golva må nok også skiftast ut. Då treng vi tjukke furuer....
Men noko av golva må nok også skiftast ut. Då treng vi tjukke furuer....
Dette er frå den eldste delen. Her er iallefall tømmeret tilbake til 1800-talet, kanskje endå lenger.. Truleg 1700-talet, men kan vere endå eldre. Det må vi ta prøvar av. Blir spennande å få stadfesta det.
Loftet over den eldste delen. Mange byfolk på sommarferie og drengar har sove her. Sengar langs med veggane sto klar til å ta imot gjestene og arbeidarane.
Den nyaste stova. Her håpar vi å få golvet heilt ut. Det ser brukbart ut. Truleg vil det få ny maling etter fargane som har vore brukt tidlegare.
Loftet over den "nye" stova. Her trengs nok ein del ny golvplank...
Bratt og lang trapp opp til loftet. Ved foten av trappa, i mellomverket mellom dei to husa blir det truleg ein kjøkkenkrok. Over kjøkkenet kjem kanskje eit bad, om det går å få til på forsvarleg vis...
Ny inngangsdør treng vi også. Denne har nok gjort jobben sin. Kledningen kan vi bruke mykje av frå langveggane. Truleg det meste.
Dør i gamedelen.
Så mulig det går 3000 timar? Jaja, for kvar time er vi nærare målet... Blir spennande og gjevande å jobbe med dette prosjektet. Eg gledar meg jo mest til innreiinga... men lyt nok smøre meg med tolmodigheit (litt iallefall, kjem ikkje til å sause meg heilt inn...). Men då rekk eg å samle meir inventar i mellomtida. Det er jo kjekt!