lørdag 17. desember 2011

Fylkespris for idèrike bygdesamfunn

Denne veka har vore innhaldsrik. Tysdag hadde eg eit spanande oppdrag. Viksdalen var nemleg utpeika til fylkepris for idèrike bygdesamfunn. Dette var stas. Ettersom det var eg som hadde forfatta og fremja forslaget, så fekk eg oppdraget å reise på Fylkestinget og ta imot. Gaularfjellet er sjølvsagt vinterstengt, så å køyre ein tur til Fylkeshuset tek nesten tre gangar så lang tid som det ellers ville gjort. Men eg fekk heldigvis med meg godt selskap, så det blei rett og slett ein koseleg førjulstur.




Litt spanande var det og å vere med på tingsete, sjølv om vi ikkje var der meir enn nokre timar. Kjekt å sjå korleis det går føre seg, og ikkje minst helse på mange av våre folkevalde som skal styre og stelle denne perioden.

Her kan du lese litt meir om prisen og utdelinga om du vil ;-)

I morgon er det skitnesøndag. Eg reknar med den blir litt slik her i huset, altså litt skiten. Er ikkje aldeles i rute til jul nett endå. Men det kjem seg vel litt med morgondagen til hjelp. Har fått eit par sortar småkaker i boks i kveld, og kakemenn-deig står til kjøling, så då  ligg vi godt an på den fronten iallefall. Så får vi sjå korleis det går på dei andre frontane....

fredag 26. august 2011

Kaffe Latte i favoritt-kaffibaren!



Mange set pris på ein kaffipause.

Eg er ingen kaffidrikkar, men ein Kaffe Latte går fint!

Veldig fint!

Spesielt i min yndlings kaffibar.




Slik!

Og godt selskap gjer ingenting!

Den kan td kombinerast med eit par kast med fiskestanga, -eller ein dukkert om det skulle vere ynskjeleg, -slik det var for mitt selskap ;-)

onsdag 24. august 2011

Ferieparadiset

King Bailey's Cabin


King Baileys Cabin kring 1910. Foto © BKF.

 
-var eit særmerkt lite hus som vart bygd ved gravhaugen Balahaugen ca. 1904 av Hermund Steffenson Thue, som etter nokre år i «Junaiten» kalla seg Herman Stevens. Huset vart nytta som souvenirbutikk til 1935, og flytta til Vellene som bustad.


 

Her fekk plassen navnet "Arnetun", oppkalla etter sonen til han som kjøpte det og flytta det.




Mine besteforeldre kjøpte det på 50-talet og budde der fram til ca 1976. Sidan har det vore nytta som feriestad for familien.


I Balestrand finn ein mange hus i Sveitserstil, og dette blir som ei mini-mini-utgåve av dei.





Ærverdige Kvikne's hotell, både den gamle trebygningen og det meir "moderne" høgbygget , har vi god utsikt til.
Engelske kyrkja kan vi og sjå.Den ligg ca midt mellom oss og hotellet. Denne kyrkja vart bygd til "ære" for prestedottera, Margaret Sophia Green Kvikne (1850-1894)



Ho kom til Noreg første gong i 1886 for å drive fjellklatring, og var ei av dei første kvinner som klatra til topps på Romsdalshorn. I Balestrand vart ho gift 1890 med hotelleigar og fjellførar Knut Kvikne. Ho døydde av tuberkulose i 1894. Men før ho døydde, oppmoda ho ektemannen om å byggje ei «engelsk» kyrkje for turistane i Balestrand.

Han fekk m.a. økonomisk støtte frå to velståande amerikanske kvinner som budde i Balestrand, Gertrude Abbot og Elisabeth Winslow Peters.

St. Olafs kyrkje vart bygd som ei etterlikning av ei norsk stavkyrkje, og vigsla 1897.
Minneportrett av Margaret Green Kvikne heng ved inngangsdøra til kyrkja.




Ein suveren utsikt over Sognefjorden.



Fin utsikt til frukost og fin utsikt til kvelds!

tirsdag 9. august 2011

Litt interiør og slikt....



Ettersom vi har hatt open kiosk med kaffi og is i sommar, var det på sin plass med bord og stolar til eventuelle gjester. Difor vart terrassen så og sei ribba for møblar, og desse vart plassert ved kiosken.
Det har jo vore litt opplett innimellom...

Ein ribba terrasse er jo ikkje så veldig koseleg, så her måtte det på plass litt kreativitet. Kjellarboder, låve osv vart sjekka ut for potensielle dekorative og nyttige element. Diverse kassar vart skrubba for sauemøkk og ymse, og gamle baljar og bøtter vart henta fram. Eg er vart igrunn meir fornøgd med terrassen no når eg fekk plassert litt gammalt og ymse gjenbrukssaker der.



Bord hadde eg heller ikkje... Men i grenda har vi eit firma som driv med linjer og kablar, så vegen var ikkje lang for å skaffe seg ein kabeltrommel. Hadde igrunn tenkt å male den, men måtte iallefall prøveoppstille først, og eg syns igrunn ikkje den vart så verst. Hadde til og med fire hjul liggande som eg har flytta på nokre gangar, og lurt på kva dei kunne nyttast til. Og no var endeleg dagen kommen, -under trommelbordet sjølvsagt!
Og eit slikt bord kan jo nyttast både over og under ;-)



No er det vel ikkje heilt rett og kalle verandastæsjing for interiør....
Hmmm...

Jaja, kan iallefall vise at samlinga mi av desse svarte gjenstandane veks. Endå ein ny vase vart erobra på Låven på Sandane.



Og så kan eg vise eit lite tablå frå loftsgangen.... Ein krakk med nokre, sikkert minst 50-60 år gamle sko, som eg sjølv har hatt i eige i sikkert minst 25 år, etter at eg redda dei frå ein søppelsekk i si tid. Skrullete? -ja, kanskje det ;-)



Til slutt nokre bilder frå "leiligheta" som vi har hatt som utleige i sommar.


Har sikkert vist litt bilder herifrå før, men med nytt kamera, litt betre bilder, så eg tar ei ny runde...


Det meste her inne er gamle saker og ting, som eg har samla litt her og litt der gjennom åra.


 

Eg syns utsikta er fabelaktig!

Men, i hagen utanfor bur det sikkert minst 5-6 hanar, og desse er etterkvart begynt å gale, eller iallefall trene seg på det. Det kan bli eit ganske bra orkester ganske så tidleg på morgonen....
Men, i dag har eg fått på plass øyreproppar. Det er jo ikkje sikkert alle syns dette er festleg og eksotisk ;-)



søndag 7. august 2011

Litt hage....



Likar igrunn å surre litt i hagen....
Og nokre nye prosjekt kvar sesong er ikkje til å unngå.
I år har det blitt grusgangar. Det var eit vinn-vinn prosjekt, der grastorva forsvann opp på taket på gapahuken. Eg likar igrunn godt slike prosjekt som på ein måte er to på ein gang.
Bedet under terrassen måtte sjølvsagt også utvidast, for vi kunne jo ikkje ha ei stripe med plen mellom grusgangen og bedet! Trur dette var ei stor forbedring som vi vil setje pris på. Dessutan blir inngangen til Nostalgi-kjellaren både betre og finare. Faktisk var vel dette prosjektet kanskje tre-fire prosjekt på ein gang. Iallefall er det avkryssa på to-do-lista ;-)



Urtehagen som vi så smått starta på for eit par år sidan har også blitt udvida og utvikla. Kan fastslå at dei fleste urtane frå i fjor har overlevd denne tortur-kalde vinteren. Det er bra på ca 430 moh.



Inspirert av Nina i Paradiset, fekk eg i fjor sommar på plass eit badekar ute i hagen. Må innrømme at det ikkje har vore brukt så veldig mykje. Men eg syns det er ganske koseleg, og kjekt å ha muligheit for eit karbad i det fri!


Ein gammal utslagsvask pyntar opp veggen på hønsehuset, og ein gammal benk som eg har "redda" har også fått plass i dette hjørnet av hagen.




Vi har stort sett hatt open kiosk med ymse innhald i sommar. Diplom-is og kaffi er ein slager. -Og i går forsvann jammen eitt av mine heimelaga lappe-sengetepper heilt til Tyskland. Litt artig det!





Syslar med tanken på eit interiør-innlegg i neste omgang.
Har vel skjedd eitt og anna på den fronten og ;-)

mandag 18. juli 2011

Sommar i fjellet


Her i "fjellheimen" er det litt av kvart å ta seg til.

Sommaren er tida for uteprosjekt.

Det er sjølvsagt rikeleg av dei, og det har lett for å dukke opp nye ;-)




Den vesle, gamle, sjeldne kiosken vår, er stort sett open om dagane, og vi har is, brus, kaffi, Balholm og litt ymse i denne "bua". Nostalgisk, særprega og ganske koseleg.



Rett som det er stoppar det turistar, både køyrande og vandrande, tek seg ein pause, og kosar seg med is og kaffi.



Det er difor på sin plass å ha stolar og bord til desse gjestene. Det resulterte i eit nytt prosjekt... Eit "møbelsett" vart henta fram og mala , og resten av møblane treng og oppussing, så faktisk skal alt malast. Hmmm... eit langsiktig prosjekt kanskje?



Innimellom ferierer vi litt i og ved gapahuken. Laurdagskvelden hadde vi denne utsikta ilag med koseleg besøk. Ikkje verst ;-)



Litt framgang har det og vore på Storehus-flytte-prosjektet. Men fortsatt mykje godt arbeid gjenstår her.



Tenkjer eg skal vise meir av sommarprosjekta ein annan dag...

Ha ein fin kveld!

mandag 11. juli 2011

Sjøsetting av ender





Det var på tide å "sjøsette" endene.
Friskt rennande vatn og større område var heilt nødvendig.
Vi har heldigvis ei lita elv som renn gjennom garden, "Flatelva", her er det kulpar og fossar og roligare farvatn i fin blanding. Hit gjekk flyttelasset.

Endene flytta i "det dei sto og gjekk i". Vi geleida dei opp på den gamle høyvogna (den raude vogna vi ser litt av på bildet), og så gjekk turen til elva.


Dei hadde alle instinkt i orden, dei berre gjekk fram på elvekanten og sleppte seg uti.
Full fest! Dei bada og boltra seg, og ikkje minst vaska og pussa seg i fleire timar.
Dette var stas!


Vi fekk bygd eit lite hus til dei og, men den får vi vise fram ved ein seinare anledning, treng litt maling og slikt før det er heilt presentabelt, men det gjer nytten frå dag 1.

Kjem tilbake snart med sommar på Flatheim.

mandag 9. mai 2011

Morgontrimmen!


Eg seier meg godt fornøgd med morgontrimruta mi!
Vi er så heldige å ha ein flott tilrettelagt tursti langs elva, heile 21 km er tilrettelagt med sti, heller bruer, skilt, merker osv.. Eg har valt meg ut ein liten del av den, der eg får ei fin sløyfe som er akkurat passeleg for ein morgontur.

No er det slett ikkje kvar dag, det blir gjennomført, men det kan vere eit mål.....Stien kan forresten nyttast til alle døgnets tider, -så det er aldri for seint ;-)

I dag har eg hatt ein av dei flottaste turane på stien "ever"!

Berre sjå....




Eg knyter meg på stien ved Myravatnet. Her held isen på å bryte opp og sei farvel, og vasskanten var full av glitrande diamantar..


Vel inne på stien kjem eg til eit myrhol. Det er skummelt og spennande på same tid. Eit slikt hol som er botnlaust.....



Denne elva må eg over, men det går fint, ligg mange store steinar uti, gjeld berre å holde balansen...

På andre sida står ein F og viser at eg er på rett veg.


Så går eg langs Lisjevatnet.



Før eg kjem til Hovsfossen. Her er det sterke krefter i sving, når vatnet kastar seg utfor.


Hovsfossen.
I bakgrunnen garden Hov.


Høyr kor de buldrar.....


Ved foten av fossen har ei gammal uteløe/vedbu fått nådestøtet i vinter.
Dette er eit gamalt grindbygg. Tragisk å sjå for ei som syns gamle bygningar er blant det flottaste eg kan tenke meg..


Men heldigvis er det også løer som lever i (nesten) beste velgåande ;-)
Etter å ha forlatt stien for å returnere heimover, "sneik" eg meg gjennom eit beiteområde Dette beitet er eit av dei flottaste i sin sort.

Denne mosemyra måtte berre forevigast.



Då er eg inne på vårt eige beiteområde. Her held vi på å opparbeide ein fuglesti. Sjølvsagt med tema fuglar,  -som vi har kalla "Fuglar i Fosseheimen".

Her er eit rekkehus for sporvar.



Eneboligar også....



Må til slutt nett vise dei nye bebuarane på Flatheim. 5 små andungar! Skikkeleg søte og morsomme.
"Ka i alle dagar? -Pingvinar? -sa ein av gutane her idet han kikka ned i kassen i innflyttingsøyeblikket ;-).

mandag 2. mai 2011

Flatheim kjem fram att frå snøen



Plutseleg vart det vår!

Siste dagane før påske forsvann snøen i rekordfart.
Det vart litt travelt for litt av kvart hadde snøa ned og var flott gøymt under det kvite teppet.
Full fart fram med rive og trillebår, og få vekk alt rusk og rask, kvist og kvast.

Litt påskeliljer måtte på plass også.
Sjølv om det freistar å oppsøke hagesentera er det berre å ta det litt roleg, kan nok bli både snø og frostnetter her i fjellet ei god stund framover endå.

Men det blir ikkje lenge før stemorsblomster skal i jorda, dei toler ein støyt.



Og dei som styrer seg sjølv må sjølvsagt få lov til det. Eg har ei tue med snøklokker i hagen, og dei ventar ikkje lenge før dei viser seg i full prakt.


Vi har også henta nye kyllingar til gards. Dette er fire dverg cochinar. Dei har tøfler på, og er veldig nusselege. Her har dei fått lov å boltre seg litt i hagen i fineveret. Trur dei syns det er ganske stas.

I dag har naboen dradd ut gyllevogna, så no er vårlukta på plass og. Den er heldigvis forbigåande.

Etter ein litt stille periode på bloggen, satsar eg no på litt hyppigare oppdatering. Vaknar liksom litt til liv ilag med alt anna i naturen!