torsdag 15. juli 2010

Sommarproduksjon, sommarturistar og sommarstæsj




I sommar har vi opna oppatt ein flik av det gamle pensjonatet og prøver oss som turistvertar att. Kjekt det! Litt folk har vi hatt innom. Spennande å sjå kven som ferierer på denne måten, berre stoppar når dei ser eit skilt i vegkanten. Har ofte eit inntrykk av at alle er så organiserte no til dags, alt skal vere "tima" og tilrettelagt på førehand....
Vel, iallefall, vi prøver dette i år. I vegkanten står det eit ordinært "Rom"-skilt, men på trappa har eg i tillegg laga nokre skilt av rekved frå Solund. Det er ei utfordring å halde tunet og trappa ryddig og pent, slik at det er innbydande for turistar å stoppe, når ein har eit lass med ungar som har skulefri og mange slags prosjekt i løpet av ein dag. I tillegg til at vi andre også kan styre med ymse igjennom ein dag.

Vart freista til å handle litt hos Hilde Heimdal for nokre dagar sidan. I dag kom det pakke. Litt koselege overraskingar var også med i pakken. Tusen takk. Nokre veggord var bestilt, og nokre kom i bonus. Dette har fått plass på innsida av ytterdøra. Vart no litt koseleg, syns eg. Skal syne meir av stæsjet frå den pakken ein annan dag...


Det har vore eit svært blanda ver denne veka. Så mandagskvelden drog eg fram symaskin og stoff som har vore klar lenge. Og som vanleg når maskina er framme, så begrensar eg meg ikkje. Plutseleg hadde eg produsert fire kjolar. I dag hadde eg tenkt å ha fotoseanse i hagen. Men med torden, storm, flobyger, sol og skodde, så vart det kveld før eg fekk gjort det. Lyset var då heller dårleg for fotografering, så fargane kjem ikkje til sin rett.








Ein liten jentekjole til Ronja Røverdatter. Ho syns først den var litt rar, og ville helst ha fotsid, men når kappa kom på, så vart kjolen akseptert!




Ein voksenkjole i turkis velour med englebilde frå Barbro.







Ein voksenkjole i svart og lys blå velour med hjerteapplikasjoner.







Og så ein kjole til mor som matchar Ronja sin, det blir litt morsomt å sprade rundt i ;-)!














I morgon er det siste vakt på jobb, så er det fire veker ferie. Dei kjem til å gå altfor fort, men det er jo vanleg med sommaren, den går unna!


fredag 2. juli 2010

Basecamp

Denne veka har 44 ungdommar boltra seg her på Hoffslåttene. Vi er nemleg vertskap for Basecamp Fosseheimen, som blir arrangert i regi av Sogn og Fjordane Turlag. Media har vore på besøk kvar dag. Først NRK, neste dag lokalavisa "Firda" og i dag NRK igjen. I kveld har det vore vist opptak i programmet "Norge i dag", det kan du sjå her.

Utsikten frå camp-område.



På veg på tur!



Campen.

Her er det også mogeleg å telte for ein rimeleg penge (når Basecampen er ferdig vel og merke, og det er i morgon, laurdag). Her er det koseleg utedo, gapahuk, badeplass og fiskeplassar. Her er kun få minutt å gå til Fossestien, som er ein godt tilrettelagt vandresti langs det verna Gaularvassdraget. Stien er 21 km lang, men du kan velge å gå etappar av dette om det er meir passeleg.

Skulle du farte over Gaularfjellet og har lyst å ta ein stopp i området, kvifor ikkje ei natt eller to i telt, og verkeleg nyte naturen her.









Ha ei god helg!