onsdag 23. februar 2011

Skal tru om det blir hagearbeid snart?



Omtrent slik ser det ut her for tida. Kvitt og fint!



Kun få dagar att før vi er i vårmånaden, mars.....I går gjekk varmesteinen i jorda, så no er det håp!
 I dag har eg fyrt i 4 ovnar, full stilling som fyrbøtar med andre ord. Ein iskald austavind bles gjennom hus og marg og bein, så det er heilt nødvendig å tenke positivt. Dagane blir lenger. Viss ein legg godviljen til, så kan ein sjå og kjenne at sola klarar å varme litt her og der.

Tenker litt på prosjekta som står for tur når snøen forsvinn....Lurerr på kortid vi kan starte på dei? Heilt umogeleg å svare på, men ingen fare, det er eit og anna som står igjen av det som skulle vore gjort før snøen forsvinn og ;-)


Ein av syrinane i hagen ber tunge bører....

 


Tippane som bygger seg opp av snømåkinga blir større og større....
Blir spennande å sjå kortid desse forsvinn.


Sola er hjarteleg velkommen inn!