tirsdag 25. januar 2011

And the winner is..........






Då har tellaren omsider passert 10 000, eg har ikkje gjort så mykje for å påskunde denne happeningen, så det har vore posta lite nytt, for å sei det sånn...

Men tida var inne for trekning, og lat som eg var i gjerningsøyeblikket, gjekk eg inn på random.org, la inn antal kommentarar (som var overkommeleg), og den heldig vart kommentar nr 2! Linda som blant anna administrerer bloggen Tuftegarden 4h-gard. Eg syns det var ganske morro og trekke på random, så eg fann ut at eg ville trekke ein liten trøystepremie. Denne gjekk til kommentar nr 4, som var Snillpike. Det morsomme med denne bloggen er at eg etter å ha fulgt den ei god stund, og fleire gangar følt at det var noko kjent, plutseleg gjekk opp for meg at innehavaren av bloggen var ein gammal nabo! Tenk å vere så treig i oppfattelsen når verden trass alt er så liten!!

Vel, då gjenstår det berre å klekke ut kva premiane skal bli, for det har eg ikkje hatt tid til etter at eg lyste ut konkurransen i romjula! Men gje meg eit par dagar, så tenkjer eg eg har ein plan.

Mulig eg skal nevne noko om bildet over... Det er ikkje årets, men kunne kanskje vore det med tanke på snømengde og slikt. Bildet skal i dette høvet fungere som eit slags illustrasjonsfoto på at vi får sola tilbake her på Flatheim, og det i løpet av kort tid, faktisk kan vi vel kanskje telle timar, og det er ikkje verst. I dag har eg spesielt lagt merke til at dagen er lysare i begge endar faktisk, og det må eg sei er ikkje anna enn ein FRYD!