onsdag 28. februar 2007

Camping og stasjon

Turisme i stor målestokk! Når sommaren kom var det om å gjere å få graset fort i hus, så bøen kunne bli campingplass. Nokre kom att år etter år. Ei fin tid!

Bensinstasjon

I dei dagar...... då Gaularfjellet var ei hovedfartsåre var dette ikkje eit uvanleg syn. Rett som det var i høgsesongen kunne vi oppleve kø ved bensinpumpene. Bensinstasjonen kom på starten av 60-talet. Kiosken var bygd i 63. Dette biletet er truleg frå 70-talet?

Flatheim 1951


Her er Selma og Jens, med barna Alvhild, Gunnar og Åsta. Arbeidet med huset pågar stadig. Her ser vi at eine veggen fortsatt ikkje har fått kledning. Sjå tuntreet!

Gamle tider på Flatheim

Slik såg tunet ut på starten av 50-talet. Vegen var litt lenger ifrå enn den er i dag. Her ser vi høyløa som vart fjerna for ikkje så mange år sidan.

Gamle tider på Flatheim

Flatheim på starten av 50-talet. Skiferen er ikkje komen på taket. Skiferen var lagd i 54-55, så dette biletet er tatt før. Hoff pensjonat-skiltet er komme opp, og det var ikkje komme i 51 iflg andre foto.

Flatheim sett fra oven

Slik ser Flateheim ut frå Storeskrea. -Om sommaren. På dette bildet ser vi også tangen som Trollspegelen er planlagd på. Flott område!

lørdag 24. februar 2007

Flatheim kreativ

Siste vekene har det pågått eit oppryddingsarbeid her på Flatheim. Skuffer og skap er tømde for gamle gardiner og stoffrestar og er blitt omskapt til sengetepper, krabbetepper og vogntepper. Her er litt av det som er blitt produsert. Pr i dag er eg vel oppe i eit antal på 11 sengetepper, 4 krabbetepper og 2 vogntepper. Det ligg fortsatt meir stoff og ventar.....


Her er gamle gardiner og persienner frå gamle Flatheims-dagar representerte i eit sengeteppe.. Nesten som ei minnebok...
Over; eit krabbeteppe, nesten ferdig i grøntonar, finare enn på bilde..
Og eit bonderomantisk sengeteppe med sauer, og det er faktisk ferdig!


Dette er eit halvferdig vognteppe i mørk turkis, svart og grått...

lørdag 17. februar 2007

Holtsnipa (1139moh) 14.02.07

Endelig kjem bildene Linda og då synst eg det er riktig å starte med mitt turfølge for dagen


Var litt uheldig med foto lyset, men opp her skal vi


Kleivane og Eldal



Synd det ikkje var skikkelig klårt på onsdag....dette er tatt mot Meelsnipa, det er eit av dei finaste toppane i området, bortsett frå Storefjellet til venstre som er min favoritt i området




Lengst bak i horisonten kan Grovebreen skimtast litt til venstre for midten ligg Kabusen med Rundenova og Pernova til høgre. Fremst kan Knutstølen inspiserast












Mot Vågen og Hestadgrend med Kvamshesten lengst i fra







Vikja og Venevassegja midt i mot








Dette er mot Oppdalen og Høyanger fjella









Utsikt mot Råheimsdalen og Høgemyra til venstre, Vikastølen og Myklevatnet i midten med Venevassegja til høgre










Meg sjølv på toppen











rapport frå ho mor

Ikkje fjellbilder eller andre bilder å stille med frå ho mor si side. Det eg har bedrive denne veka er å vere pasient. Interessant å sjå sin eigen arbeidsplass frå den sida. Absolutt fornøgd med service, informasjon og godt stell, både frå legar og pleiarar. Det som er interessant no er å sjå om dei naudsynte inngrep er overstått, og korleis det blir når det får gro og styrkje seg. Har framfor meg ein del veker med litt begrensningar før eg får prøvd meg i det riktige dagleglivet att. Og ikkje minst få ut alle medikament som har blitt pøsa inn dei siste vekene i ein stakkars kropp. Har vore særdeles kort i lunta nokre dagar, og legg meg grytidleg så det er ikkje heilt likt meg. Lunta kan vere kort, -det er ikkje det, men ikkje samanhengande kort slik den har vore no.

søndag 11. februar 2007

Storefjellet 10.02.07







Fantastisk tur! Strålande ver og strålande landskap!

Skileikdag på Slåttene






I strålande sol, fint ski- og akeføre og litt kald vind, samla små og store seg på Slåttene til skileikdag. Oppunder 50 personar var med. Oppi bakkane laga vi bål, nokre grilla pølser, andre tok nista si rundt bålet. Det var sosialt og kjekt. Små og store gjekk på ski eller aka på bøane og i bakkane rundt.

torsdag 8. februar 2007

No ska da skrivast!

Berre vent til eg får summa meg...! Men til dykk som er grueleg spente på kva som kjem her, får eg komme med litt for å halde dykk i ånde so lenge.

Om dagane går eg her i vintereventyrland. Synest synd i alle stakkarane som ikkje får oppleve dette. Sol, kaldt (slik at det knirkar under skoa), snø på trea, snø som glitrar, slik at eg berre får lyst å legge meg midt oppi den å kike opp på den knallblå himmelen! Og det skal eg gjere så fort eg gidd å kle på meg nok kle, kanskje i morgon...? Ro og fred, fjell og elv, flaks for meg at det var her eg havna og ikkje midt inne i ein trang by. Det vil eg helst ha i mindre dosar. Paradis må vere her, sant?

mandag 5. februar 2007

Fyrste posten!


Då e Heidi i gang med bloggen sin!
- med litt hjelp frå Linda.
Bildet er frå ein studietur til Danmark i 2005.