torsdag 27. april 2017

Stæsj i tuntreet



Eg har funne nokre artige solcelle-pærer som eg testar i tuntreet.
Syns dei er litt koselege. 

I dag har vi tatt ut alle hagemøblane, i rein og skjær trass!
No skal våren vinne! Vi latar som vi ikkje ser snøen, og plasserer møblane ut det dei skal stå. Hadde verkeleg eit håp om at det etter ein vinter med så lite snø, skulle det bli tidleg vår, men nei, kunne likegodt hatt to meter snø, våren hadde nok komt like tidleg då og.

Men, men, hagen fekk eg raka og rydda i, ein dag snøen var vekke, så det er iallefall gjort. Og i dag kunne eg sjå fleire ras i Storefjellet, eit heilt sikkert vårteikn.
Så eg har trua!!


Ingen kommentarer: