tirsdag 25. april 2017

Ein favorittplass i Sogn og Fjordane!



Eg har nokre stader som eg er litt meir begeistra for enn andre. 
Ein av desse stadane er Hjelle i Oppstryn.

I mine første leveår budde eg to år her. Dette var mens nye Strynefjellsvegen vart bygd, og far min jobba på dette anlegget. 
Sjølv om eg var lita, har eg mange minner herifrå.


Tett ved det grøne Oppstrynsvatnet, ligg Hjelle Hotell. 
I mange år har eg sagt at her skal eg "legge meg inn" for ei natt eller fleire. 
Men anledningen har liksom ikkje komt, så i fjor på seinsommaren gjorde eg kort prosess, og booka meg eit rom. Ein tur hit var anledning god nok!


For meg som er over gjennomsnittet interessert og fascinert av historie og nostalgi, var dette midt i blinken (og det visste eg jo...)


Heilt ekte...


Sjølvsagt måtte eg (dvs vi, inkludert mannen i huset)
ha eit av dei gamle romma.


Utsikten frå spisesalen. Her er fjella høge og bratte og tett på!


Hotellet er frå 1896, og har vore drive av same familien heile tida. 


Mellom hotellet og vatnet ligg gamlebutikken på Hjelle. Den har same eigarane som hotellet. Og i høgsesongen er det no kafè her. Eg for min del hugsar den gamle landhandelen i drift. 
Det var alltid veldig spennande å komme inn i den!



Og vatnet. Dette grøne vatnet er nok å sjå på mange foto rundt om i verden. Heilt spesielt, og med naturen rundt, verkeleg ei perle!


Grenda har lagt seg så fint inn til vatnet. Fine murar og trapper.


Toppen av det heile var at eg frå hotellrommet kunne sjå rett bort til huset vi budde i dei to åra vi var her. Det er huset lengs borte i vegen. Maskinisthuset vert det kalla.


No går hovudvegen i tunnell utanfor det vesle sentrum her ved vatnet. Anbefaler å ta av før tunnellen og ta ein sving innom Hjelle. Kan sjølvsagt også anbefale ei natt eller fleire på hotellet. 
Like før vi var det, Hadde Justin Bieber vore på tur til Hjelle, og bada i det grøne vatnet, så er nok fleire enn meg som syns dette er ein fantastisk plass!


Ingen kommentarer: