søndag 28. oktober 2007

Regn og flaum 281007

Den vesle Flatelva er blitt stor og skummel!!

Storelva (Gaula) er blitt kjempestor!!!






Ei elv kjem rett opp av jorda......




Hellbillies i Ål Folkepark, august 07

Allsang! Heile familien på konsert i Ål Folkepark.




Måneskin over Sollihøgda, august 07


Adrian sitt fotballag til Atløy på kamp, august 07


Kunstverkstad med Kjartan Slettemark

I starten på august var vi på kunstverkstad med Kjartan Slettemark i Instedalen i Naustdal. Alle fekk lage eit lite miniatyrhovud av budeia. Her er resultatet. Jonathan, Ørjan, Adrian, Runar og Martinus sine!

Morgonstemning over Haukedalsvatnet 051007 kl 08.10


Ein hemmelegheit på Slåttene.

På Slåttene har vi hemmelge stader. Under 2. verdenskrig då det var forbudt med radioar, gøymde dei radioen oppe i lia, i ei hole under nokre store steinar, ikkje lett å finne. Fortsatt ligg batteria som dei brukte i denne hola. Det er ganske fascinerande at det har lege urørt i over 60 år! I august hadde Barnas Turlag- Fosseheimen-Gaular tur hit, eller det var ikkje det som var meininga, men pga veret gjekk vi hit. Vi hadde nemleg med oss graut som vi skulle ete i Storeskrea ved Grautasteinen, slik dei gjorde i gamle dagar, då dei heldt på med utmarksslått. Men tok til å regne så mykje at vi gjekk hit i staden, for å kunne sitte litt tørrare under steinane. Grauten smakte fortreffeleg ute i regnet!!

Her ser vi batteria som har lege her sidan krigen!!
Utsikt mot Slåttene, Myravatnet i bakgrunnen.


Galdhøpiggen 2469 moh, 190707

Matpause, fin utsikt nedatt i dalen.

Kartlesing må også til...

På toppen, nokon har tenkt å sigle på plastposar og sekkar nedover....


Det er skummelt her oppe! Langt og bratt ned alle stader...




På veg nedover, stopp ved det siste "skumle" partiet. No er det berre moro resten, haha.



Mange muligheter for å sigle litt på ræva!!





lørdag 27. oktober 2007

Holsnipa juli 07

Pause på Espesethstølen.
På Holsnipa. Uveret kom i full fart, så pausen her vart ganske kort. Det vart fort vått, kaldt og surt, så det var berre å komme seg nedover i ein fei...

I skogsvegen, nesten nedatt, no er vi ganske våte, men dei minste vil fortsatt gå sjølv!!


To våte, men blide turkompisar, Ronja og Øyvind.








Fonn - Tungestølen 070707

Vi startar frå Fonn i Stardalen tidleg laurdag morgon. På rekke og rad over brua for å bli talde.

Det er ganske bratt oppover.... Kor bratt blir det? -Spennande for ei med skikkeleg høgdeskrekk!


Mykje fint å sjå!!!



På toppen av Gallen, det første store målet på turen...




På breen, godt innfesta i taulag, Robin, Jan Erik og Adrian.


Pause på breen.





Fonn - Tungestølen 070707

Her fekk høgdeskrekken utfalde seg. Fy flate! Det er langt ned og det er bratt, mjølkesyre i beina umiddelbart då eg kom fram på kanten, har ikkje hatt gangsperr på sikkert 15 år, men i løpet av få minutt fekk eg det kasta på meg!!! Tok si tid ned her... men kunne ikkje snu og gå over breen og nedatt til Jølster, for der var det også bratt og ingenting å halde seg i, her var det trass alt litt busker å klamre seg til....




Over elva, "piece of cake" med provisoriske bruer og kalde elvar etter denne nedturen, vel han som går her hadde vel ikkje problem med noko av delane...


Tungestølen






Godt å ligge i telt etter gammalt!
Utsikt oppatt mot breen.