mandag 30. september 2013

Haust i Bygstad


Ein liten visitt i Bygstad i helga, resulterte i nokre haustmotiv i linsa.


Intense fargar





søndag 29. september 2013

Vår nye, friske "hobby"!



For ei veke sidan starta denne friske aktiviteten. Morgondukkert med for tida 7-8 grader i vatnet. 
Vi er sikre på å vakne, og vi blir ganske så energifylte utover dagen.
Ein kjapp dukkert i Lyngstadfossen (Paradisfossen eller Kjerringer-mot-strømmen-fossen som den også blir kalla) kl 9 kvar morgon er oppkvikkande! Og gjengen av morgonfriske badeløver har blitt større utover i veka, artig!




Verdt å prøve! :-)

lørdag 28. september 2013

Det ser idyllisk ut her, og det ER det! ;-)



Sist veke fekk vi spørsmål om å ta i mot ein gjest. Ein tysk blogger som skulle reise rundt i området vårt, teste vandreprodukta våre og oppleve litt av fjellet og litt av kysten. Eit triveleg oppdrag som vi sa ja til. Ettersom ho hadde ein ettermiddag og ein morgon til disposisjon, valde vi å syne fram Fossestien langs Gaularvassdraget. Sjølvsagt skulle ho jo vore her minst ei veke, og fått sett både toppar, stølar og mykje meir...

Både vi og ho var særs heldige med veret. Sol frå skyfri himmel, litt kald, men frisk og klar haustluft. Eit godt utgangspunkt for å vise fram naturen vår frå si beste side.





Kameraet blei sjølvsagt med på tur. Greitt å fange opplevelsen i linsa. Og kvar årstid har sin sjarm!



Her ved Hovsfossen (bilde over)



Fint haustlys


Låg haustsol, litt irriterande for auga...Men valde å fokusere på dei gode stemningane det skapte i staden!


Ein nyskjerrig gjeng.




Ute av sola  FROST!


Eit idyllisk småbruk, Langøyra, som ein til dagleg ikkje ser fordi det ligg litt skjerma, vekk frå vegen, men passerer om ein er på vandring langs Fossestien.



Blei det for kaldt for denne?
(Barndommens store skrekk, vi fekk farten opp når desse nerma seg)



Likar lyset!!


Likar lyset II!



Avslutta kvelden ved bålet, med utemat.


Varme frå bålet og ein fantastisk stjernehimmel!

tirsdag 16. juli 2013

Storehuset veks


Mesteparten av tømmeret er komt på plass igjen. Etter at desse bilda blei tatt, kom det endå litt meir i høgda. Ein del av det som ligg oppunder taket treng reparasjon før vi kan begynne på sjølve taket. 

Det skal bli bra å få tett tak. 

Nokre dagar med meldingar om store nedbørsmengder er i vente, så i kveld blei det pakka inn i presenningar, i påvente av sol som forhåpentlegvis kjem til helga.


Det er ganske utruleg at tømmeret er i såpass bra stand, denne delen som vi ser her er trass alt 440 år gammal! Den andre delen er mest truleg frå 1889. Litt reparasjonar har det blitt, sjølvsagt. Heldigvis har vi flinke fagfolk i Nedre Jølster Bilelag, som har bidratt med arbeid og gode råd undervegs.


Tippar at dei som syns regnet er mest ok, er denne gjengen her. 


Tok å fanga denne syrinen i linsa. Er nok på siste verset no....Synd eg ikkje fekk med lukta!

mandag 24. juni 2013

Bodø



Som vertskap på ein 4H-gard har vi nyleg deltatt på ein europeisk konferanse for city farms/4H-gardar i Bodø. Det har vore svært innhaldsrike og inspirerande dagar. Vi har vore ilag med mange trivelege folk frå heile Europa og hatt ei sosial og triveleg langhelg. Sjølv om  eg tok over 200 bilder, ser eg no at det er mykje som manglar. Men her skal de iallefall få nokre glimt :-)



Første dagen besøkte vi to barnehagar som var imponerande flinke til å bruke naturen og omgjevnadane sine dagleg. Dei hadde eit flott skogsområde like ved, og dette brukte dei dagleg, og dei hadde mange ulike "basar" rundt om i skogen. Og ikkje minst her leika dei side om side med elgen (!). 

Begge barnehagane hadde også fin underhaldning til oss, og på den eine fekk vi oppleve deira sommarshow 2013! Flott!


Eit glimt av hønene som sandbadar på Bodin 4H-gard.


Utsikt frå Rønvikfjellet over Bodø og til alle kantar ;-)


Spennande besøk på Ersvika samiske siida.
Her var det null stress, god tid, og det gode liv i pakt med naturen.


Her møtte vi ei ekte (?) trollkvinne ;-)


Og så eit besøk ved Saltstraumen. Mektig!



Middag i ei jordgamme, med mat steikt i kokegrop.


Besøk hos ein båtbyggar på Kjerringøy.


Testing av ein klatrejungel...


Besøk på Olavsrosestaden Kjerringøy handelsstad.






Avslutning med jonsokfeiring på Kjerringøy.


Dette var små glimt frå opplevingsrike dagar. No er vi fulle av inspirasjon og ny energi!!

søndag 16. juni 2013

Glimt frå aspirantleiren!


Etter ein litt skya og våt fredagskveld, skin sola for oss laurdag!




 Laurdagen inneheld blant anna tur til Grautasteinane og Radiosteinen.



 Her har vi ein liten pause, der vi ser på ein gamal løypestreng, og snakkar litt om kva den var brukt til.



Bratt kneik opp mot Grautasteinane.




 .....og her blir laurdagsgrauten  servert! Kødannelse!




Flott utsikt!




Turen inneheldt postar med spørsmål om natur og miljø.



 Etter turen sto bading høgst på ønskelista!




 Badedammen vår, og berga rundt er alltid like populære.



Heilt naturlege sklier!


Så er det tid for ulike aktivitetar, blant anna landskapsmaling



......og land-art



Djupt konsentrerte kunstnarar.



 Kanopadling




Mange flotte kunstverk!






 Middag laurdagskvelden, med pizza i sjusteinsovn, med steiking av appelsin-sjokolade-fondant til dessert!



 

Noko av søndagsaktiviteten var ein liten tur på Fossestien.

Vertskapet har hatt ei triveleg helg, og vi håpar og trur at deltakarane har kosa seg også!!