onsdag 30. desember 2009

Nybakt!

Eg brukar alltid å bake litt ymse gjærbakst før jul. I år blei det heller dårleg med det....

Men, i dag har eg iallefall sikra at de vart gjærbakst før nyttår!

Manna meg opp til ein bolledeig, men brått hadde det blitt både deig til knekkebrød, grove bollar, brød og skillingsbollar. Jøyemeg!








Knekkebrød har eg prøvd for første gang i dag. Hadde ikkje alt som stod i oppskrifta, men tok det eg hadde som likna mest, trur ikkje det vart so hakkande gale ;-)


Grove bollar!


Og brød som til slutt vart litt flate etter å ha heva altfor lenge i steike-køen, med eit utal brett bollar føre seg. Men dei blir nok oppetne!
No skal eg lage meg ein god kopp te, og smake både knekkebrød og bollar.
Viss eg kjem meg oppatt av sofaen, -det er ikkje berre berre å bake med dårleg rygg....Viss ikkje får eg rope om hjelp ;-)
Ha ein fin kveld!

mandag 28. desember 2009

Romjul og julegaver

Sviblar må vere i hus heile desember. Planta full ei korg i fin fargeblanding, og no sprer lukta seg i heile huset. Mmmmm....
Både svarte englar og svart stjerne er å finne i den svartaste stova ;-).





Tenkte eg skulle vise fram litt av julegavene også. Denne fine pynten var under treet, men er no havna oppi treet.
Englesåpe og englefjes var å finne under juletreet. Desse for rett i kjellaren på baderomshylla.











Desse tre nissane hadde Ronja laga til brødrene sine.








Eit skilt som har vore på ønskelista i lang tid, var også under treet. Kanskje vi må ut å henge det opp i morgon?







Og ei bok! Skrive av ei venninne! Turar for små føter i Sunnfjord. Omtrent 100 turar har denne dama skrive om i boka. Vi har og vore med å gått nokre av dei, og vi er med på bilder i boka. Så bra å ha så mange turtips i nærområdet. Eg syns ofte dert er litt tiltak å ta ut på turar, når vi ikkje veit heilt verken kor vi skal starte eller slutte. Det slepp vi å lure på no! Denne blir nok flittig brukt både av oss og andre framover.

Sola har snudd! Det passa difor perfekt med utviding av behaldninga av plastservicet frå Marimekko. Det er først og fremst til hagebruk, og no gledar vi oss til det!











Koppar og fat. Dei er fine desse!





Og brannteppe. Slett ikkje dumt. Hadde faktisk tenkt på det no rett før jul, at det var sikkert lurt å anskaffe seg. Plutseleg så var det under treet! Slett ikkje verst!



















Og så vil eg vise litt av den nostalgiske julepynten.

Nissen i trekanten heng på døra i Nostalgi-kjellaren. Desse nissane hadde besteforeldra på dørene sine. Dei er gamle og har med seg mange gode minner.
Dei fleste av englane har eg hatt så lenge eg kan hugse. Den største kan trekkast opp, og går då rundt mens den spelar ein julesang. Dei to små papirenglane har eg fått av ei grandtante som budde i København. Dei er også gamle. Den lille risengelen er ei venninne som har laga, av litt nyare dato enn dei andre, men har nokre år på baken den og... Den nest største engelen har Ronja arva frå mi tante.
Den tova nissekona er det Adrian som har laga.
Dette vart ei lita visning av gaver, julepynt, og litt julestemning her i huset. Som vanleg har eg lasta opp altfor mange bilder, så dei kjem nok litt på kryss og tvers her. Det får stå til!




søndag 20. desember 2009

Bloggar om alt på ein gang....



Begrensar meg ikkje denne gangen, men bloggar om alt på ein gang! Har lasta opp altfor mange bilder også, så dei har plassert seg litt rart utover....


Tenkte eg først skulle vise litt frå kiosken. Den typiske 60-tals betongklossen. Her har eg fyllt inn ettterkvart som eg har sydd og produsert, og det ser snart ut som ein velfyllt butikk ;-).
Eg har også fyllt inn med litt lokalt produserte produkt, foreløpig Balholm frå Balestrand, men utover våren skal det inn litt andre produkt også, og så blir det vel litt utsalg til vegfarande i sommar tenkjer eg.
Ellers er det litt gamle nostalgiske saker frå tida bensinstasjonen var i drift. Kanner, oljeflasker, litt informasjonsskilt og ein del bilder frå kiosken si historie er hengt opp på veggane.
Kven er det som har laga alle desse hjerta, skal tru...? ;-)














Har lyst å vise denne muggen (trur ikkje eg har gjort det før...). Denne fekk eg av ein supersnill kollega, som hadde dumpa bort i den på eit loppemarked. Eg har nemleg heile servicet med dette mønsteret, men hadde ikkje mugge... Då dette kom for ein dag, var eg så heldig at eg rett og slett fekk heile muggen! Takk og takk! Eg jaktar stadig på delar som denne dama manglar til sine arvegods.

På ein av mine turar innom gjenbruk denne månaden oppdaga eg denne muggen. Eg syns det var noko veldig kjent med den.. men det plinga ikkje før eg var på støvtørkingsraid i min nostalgi-kjellar. Då oppdaga eg til alt overmål at eg hadde 3 skåler i same mønster. Muggen sto fortsatt i butikken neste gang eg var innom, og då vart det handel. Eg kan berre gremmest over den vesle terrinen som eg ikkje kjøpte tidlegare i haust, også i same mønster. Då plinga det nemleg ikkje. Og den er selvfølgeleg vekke no....
I kveld vart trappa opp til 2. etasje pynta. Girlander med lys og lysglas i trappa vart skikkeleg lunt og "julete". Litt grønsåpelukt kom det også ut av denne seansen.
Og kva skal dette bety? Jo, den utflytta kattungen er heime på juleferie. Og ein morgon eg kom ned hadde den leika litt hardt med ein orkidè... Det meste av blomster låg fint ved siden av... Det var berre å late som det var avskårne blomster og putte dei i vatn...

Snøen har omsider lagt seg såpass at mannen i huset (den eldste), kom seg avgårde for å prøve skia. På Gaularfjellet fann han denne utsikta.

Turboreven, som er maskoten til Barnas Turlag, kviler ofte her hos oss mellom turane sine med barna. Han fekk difor lov å vere med på denne turen. Eg trur han var lykkeleg for det!

Eit av dei siste sengeteppa eg har sydd i lyseblått, lilla og rosa-tema. Dette er pakka inn og blir å finne under eit juletre om nokre få dagar...
Badet i kjellaren held på å få sitt særpreg. Det er detaljane som tel heiter det.. Difor har eg fått sendt nedover to parfymeflasker frå Paradiset hage og interiør. Desse held nemleg stilen som badet skal få..

Ei lita trekvit hylle vart innhandla for kr 15,- på gjenbruksbutikken for nokre veker sidan. Denne har fått seg ein omgang eller to med malerkosten, og er havna på veggen på badet med diverse "stæsj" på.



No må natteravnen opp i senga. Det er nemleg eit poeng å komme på beina igjen før seinvakta i morgon! Ha ei god natt!

fredag 18. desember 2009

Hjerter! .....igjen...



Eit mini-innlegg til meg og vere.... I kveld har eg atter ein gang sydd ei par hjerter. Fekk takk i nokre fleire band på min tur til Balestrand på mandag. Dermed så poppa det opp eit par nye variantar i hovudet mitt som berre måtte ut...
I kveld har vi vore på julekonsert i kyrkja. Mange flinke sangtalent og koret sang julestemninga inn. Etter konserten er det tradisjon med juletregang. Dette trur eg eigentleg er litt spesielt at vi gjer i kyrkja. Så lenge eg kan hugse har vi hatt denne tradisjonen. Forskjellen er at ringen rundt juletreet var mykje større før. Eg er eigentleg ikkje ein veldig ivrig juletregangar, men i dag måtte eg berre vere med, for denne tradisjonen syns eg er verdt å ta vare på!
I morgon blir det Førdetur. Eg må berre ta meg kraftig sammen å komplettere julegavene. Må sendast og leverast både hit og dit. Trur mange avgangar har deadline i helga, så ....Og sjølvsagt ein tur på gjenbruk, den mest spennande butikken i heile Førde!!
Sov godt, til dei som endå ikkje søv,....og god vakt dei som faktisk ikkje skal sove i natt!



mandag 14. desember 2009

Nissefest på låven, kjole og anna fjas


Barnas Turlag Fosseheimen Gaular hadde årets siste arrangement på laurdag. Nissefest på låven på Tuftegarden. 80 små og store hadde lyst å ete laurdagsgrauten på låven, helse på dyra, og kanskje også få eit glimt av fjøsnissen....

Vi hadde kokt rikeleg med graut, så alle fekk ete seg mette og gode. Benka på høybuntar rundt med duk og lys på bordet, var stemninga svært god.

Fjøsnissen kom fram etter at vi hadde sunge så fint vi kunne. Alle fekk mandariner, rosiner og buffar frå nissen. Han var verkeleg snill!



Sidan vi var kun ein dag før luciadagen, serverte vi gløgg og lussekattar også. Eg hadde faktisk tatt på meg oppdraget å lage lussekattar.... Det hadde eg aldri gjort før. Det gjekk bra!
;-)


Den blå turboreven er alltid med Barnas Turlag på turar og aktivitetar. Han var blid og fornøgd i høyet.
I kveld fann eg ut at det var på tide at eg fekk meg ein ny kjole. Har hatt eit grått stoff liggande leeeenge, øyremerka kjole. Denne gangen vart det med hette på, og raude hjarter. Litt "julete"...









På kjøkkent har vi hengt opp eit gammalt skap. Det manglar glas, og skal truleg få prøve seg med hønsenettingvarianten i første omgang...
Inni skåpet har Greengatekoppane mine fått plass. Samt ei søt liten vase som eg fann på gjenbruksbutikken. Og fine små krydder og urte-glas frå ei dyktig venninne som produserer dette sjølv!




Det går også framover med julegavehandel og -produksjon. Korga som eg har sett fram for å plassere desse i etterkvart som dei blir innpakka og klare, er full....og eg er ikkje ferdig...



Sviblane på kjøkkenet er i full gang, trudde at eg hadde kjøpt ein rosa, ein kvit og ein lilla, men alle viser seg å vere kvite. Iallefall, ...dei luktar godt. Her ein morgon kjende eg lukta heilt opp i tredje etasje når eg kom ut på trappekanten... Godt vi likar den...Ingen har klaga iallefall....



Då er det nok på tide å komme seg under fellen. Halve natta er gått og vel så det. Men natteravnen elskar stillheita i huset og er slett ikkje trøytt. Trur likevel eg skal klare og sove når eg berre kjem meg opp i senga... God natt alle!

tirsdag 8. desember 2009

Desemberstemning


Å ta bilde av utendørsbelysning, går eigentleg ikkje an med mitt kamera. Men dristar meg til å vise fram eitt likevel. Postkassebusskurmelkerampen vår er blitt julepynta med lys, nisse og kongler. Det er faktisk ganske koseleg.



Reknar med alle er leie av å sjå alle hjartevariantane eg syr, men det er jo så artig, at det dukkar stadig opp nye eksemplar. Desse to er allerede gitt vekk til to sangfuglar, som sang julestemningen inn hos meg og sikkert andre også, i en såkalla minijulehuskonsert fredag kveld.


Ein ettermiddag tusla vi ut i skogen for å plukke kongler og samle litt greiner og slikt til å pynte med. Litt er tatt i bruk, og litt gjenstår, viser det ein annan dag....



Ikkje heilt fritt for at vi fekk litt julestemning. Kvitt var det iallefall, sjølv om vi ikkje akkurat kunne gå på ski....