søndag 20. desember 2009

Bloggar om alt på ein gang....



Begrensar meg ikkje denne gangen, men bloggar om alt på ein gang! Har lasta opp altfor mange bilder også, så dei har plassert seg litt rart utover....


Tenkte eg først skulle vise litt frå kiosken. Den typiske 60-tals betongklossen. Her har eg fyllt inn ettterkvart som eg har sydd og produsert, og det ser snart ut som ein velfyllt butikk ;-).
Eg har også fyllt inn med litt lokalt produserte produkt, foreløpig Balholm frå Balestrand, men utover våren skal det inn litt andre produkt også, og så blir det vel litt utsalg til vegfarande i sommar tenkjer eg.
Ellers er det litt gamle nostalgiske saker frå tida bensinstasjonen var i drift. Kanner, oljeflasker, litt informasjonsskilt og ein del bilder frå kiosken si historie er hengt opp på veggane.
Kven er det som har laga alle desse hjerta, skal tru...? ;-)














Har lyst å vise denne muggen (trur ikkje eg har gjort det før...). Denne fekk eg av ein supersnill kollega, som hadde dumpa bort i den på eit loppemarked. Eg har nemleg heile servicet med dette mønsteret, men hadde ikkje mugge... Då dette kom for ein dag, var eg så heldig at eg rett og slett fekk heile muggen! Takk og takk! Eg jaktar stadig på delar som denne dama manglar til sine arvegods.

På ein av mine turar innom gjenbruk denne månaden oppdaga eg denne muggen. Eg syns det var noko veldig kjent med den.. men det plinga ikkje før eg var på støvtørkingsraid i min nostalgi-kjellar. Då oppdaga eg til alt overmål at eg hadde 3 skåler i same mønster. Muggen sto fortsatt i butikken neste gang eg var innom, og då vart det handel. Eg kan berre gremmest over den vesle terrinen som eg ikkje kjøpte tidlegare i haust, også i same mønster. Då plinga det nemleg ikkje. Og den er selvfølgeleg vekke no....
I kveld vart trappa opp til 2. etasje pynta. Girlander med lys og lysglas i trappa vart skikkeleg lunt og "julete". Litt grønsåpelukt kom det også ut av denne seansen.
Og kva skal dette bety? Jo, den utflytta kattungen er heime på juleferie. Og ein morgon eg kom ned hadde den leika litt hardt med ein orkidè... Det meste av blomster låg fint ved siden av... Det var berre å late som det var avskårne blomster og putte dei i vatn...

Snøen har omsider lagt seg såpass at mannen i huset (den eldste), kom seg avgårde for å prøve skia. På Gaularfjellet fann han denne utsikta.

Turboreven, som er maskoten til Barnas Turlag, kviler ofte her hos oss mellom turane sine med barna. Han fekk difor lov å vere med på denne turen. Eg trur han var lykkeleg for det!

Eit av dei siste sengeteppa eg har sydd i lyseblått, lilla og rosa-tema. Dette er pakka inn og blir å finne under eit juletre om nokre få dagar...
Badet i kjellaren held på å få sitt særpreg. Det er detaljane som tel heiter det.. Difor har eg fått sendt nedover to parfymeflasker frå Paradiset hage og interiør. Desse held nemleg stilen som badet skal få..

Ei lita trekvit hylle vart innhandla for kr 15,- på gjenbruksbutikken for nokre veker sidan. Denne har fått seg ein omgang eller to med malerkosten, og er havna på veggen på badet med diverse "stæsj" på.



No må natteravnen opp i senga. Det er nemleg eit poeng å komme på beina igjen før seinvakta i morgon! Ha ei god natt!

2 kommentarer:

Minka sa...

Butikken ser jo kjempe koselig ut..Masse flotte varer. Og for en natur dere har rundt dere, dere er heldige.
Klems...

kreakris sa...

Du og du for ein produksjon! Fantastisk å ha ein slik kiosk å stille ut tinga dine i. Dette må no vere kjekt for både deg og forbipasserande turistar.

Det er godt solsikkemuggen fekk komme ilag med fleire solsikker, der han høyrer heime. Det er kjekt når ein får påfyll til noko ein samlar på, og bruktbutikken er og blir den mest spennande butikken i Førde!

Heldige mannen din som har vore på skitur på fjellet. Det såg fantastisk ut! Det er visst lite snø på Sunnmøre, så vi lar skia stå igjen heime når vi reiser nordover, men eg håpar på snø og finever på nyåret.

God jul til deg og flokken din!