mandag 24. juni 2013

Bodø



Som vertskap på ein 4H-gard har vi nyleg deltatt på ein europeisk konferanse for city farms/4H-gardar i Bodø. Det har vore svært innhaldsrike og inspirerande dagar. Vi har vore ilag med mange trivelege folk frå heile Europa og hatt ei sosial og triveleg langhelg. Sjølv om  eg tok over 200 bilder, ser eg no at det er mykje som manglar. Men her skal de iallefall få nokre glimt :-)



Første dagen besøkte vi to barnehagar som var imponerande flinke til å bruke naturen og omgjevnadane sine dagleg. Dei hadde eit flott skogsområde like ved, og dette brukte dei dagleg, og dei hadde mange ulike "basar" rundt om i skogen. Og ikkje minst her leika dei side om side med elgen (!). 

Begge barnehagane hadde også fin underhaldning til oss, og på den eine fekk vi oppleve deira sommarshow 2013! Flott!


Eit glimt av hønene som sandbadar på Bodin 4H-gard.


Utsikt frå Rønvikfjellet over Bodø og til alle kantar ;-)


Spennande besøk på Ersvika samiske siida.
Her var det null stress, god tid, og det gode liv i pakt med naturen.


Her møtte vi ei ekte (?) trollkvinne ;-)


Og så eit besøk ved Saltstraumen. Mektig!



Middag i ei jordgamme, med mat steikt i kokegrop.


Besøk hos ein båtbyggar på Kjerringøy.


Testing av ein klatrejungel...


Besøk på Olavsrosestaden Kjerringøy handelsstad.






Avslutning med jonsokfeiring på Kjerringøy.


Dette var små glimt frå opplevingsrike dagar. No er vi fulle av inspirasjon og ny energi!!

søndag 16. juni 2013

Glimt frå aspirantleiren!


Etter ein litt skya og våt fredagskveld, skin sola for oss laurdag!




 Laurdagen inneheld blant anna tur til Grautasteinane og Radiosteinen.



 Her har vi ein liten pause, der vi ser på ein gamal løypestreng, og snakkar litt om kva den var brukt til.



Bratt kneik opp mot Grautasteinane.




 .....og her blir laurdagsgrauten  servert! Kødannelse!




Flott utsikt!




Turen inneheldt postar med spørsmål om natur og miljø.



 Etter turen sto bading høgst på ønskelista!




 Badedammen vår, og berga rundt er alltid like populære.



Heilt naturlege sklier!


Så er det tid for ulike aktivitetar, blant anna landskapsmaling



......og land-art



Djupt konsentrerte kunstnarar.



 Kanopadling




Mange flotte kunstverk!






 Middag laurdagskvelden, med pizza i sjusteinsovn, med steiking av appelsin-sjokolade-fondant til dessert!



 

Noko av søndagsaktiviteten var ein liten tur på Fossestien.

Vertskapet har hatt ei triveleg helg, og vi håpar og trur at deltakarane har kosa seg også!!

lørdag 15. juni 2013

Det veks og gror







Etter ein meget sein vår, er det endeleg i gang!
Det ser ut som det kan bli bra med rips i år. 
Utfordringa er at ingen er særleg glad i å plukke, men alle likar saft og bær.....




Vi har sett poteter og i år. Ikkje store mengdene. Men iallefall slik at vi er sjølvberga nokre dagar ;-)
Med gjerde for at ikkje endene skal grave oppatt potetene om dei skulle få den ideen....


fredag 14. juni 2013

I hagen


Spesielt på godværsdagar kan ein treffe ulike "typar" i hagen vår.
Snøfte Smith er ein av dei nye. Han flytta hit for eit par veker sidan og likar godt å få springe fritt. Får opp ein meget stor fart faktisk! ;-)



Dei to silkehanane likar også å få sprade litt i sola!




Ikkje fritt for at Snøfte Smith er ein aldri så liten ramp. Her tek vi han på fersken i ferd med å stjele mat frå endene!


Hønene kosar seg også ute i sola, og tek seg gjerne eit sandbad!

torsdag 13. juni 2013

Remontering er i gang



Då begynner det å ta form



Ramma skal leggast ut


I gang med reparasjon av det som var rote og måtte skiftast.

Litt meir stein må justerast og leggast på plass. Så kan vi starte med å bygge oppover. SPENNANDE!

onsdag 12. juni 2013

Steinbordet


I hagen har vi eit steinbord som vi brukar mykje. 
Frukost. Føremiddags-kaffelatte. Grillmiddag.


tirsdag 11. juni 2013

Nær elva....


Flatheim ligg langs kanten av Gaularvassdraget.
Det er flott og fascinerande å ha elva så nær. 
Vi set stort sett pris på det.


Friluftsområdet vårt ligg sjølvsagt også ved elva, og det er flott å komme så tett på. 
Når det er "normal" vannstand er det stort sett roleg vatn rundt oss.
Men, på eine sida av gapahuken renn den stri forbi. 
Ettersom vi har litt småbarn på besøk rett som det er, har vi funne det sikrast å gjere dette litt tryggare. Sjølv om ein er nær elva og vatn heile tida, er det forskjell på roleg vatn der ein kjapt kan fiske opp nokon som måtte plumpe uti. Der det renn stri elv, derimot, kan det fort bli litt verre....
Difor er det no komt gjerde som skal hindre dei minste i å ta ein kjapp snur i den retning. Sjølv om det skygger litt for elva, så er det ikkje så verst, og vel verdt det!


Gapahuk med nye gjerder!