søndag 26. juli 2009

Gapahuken

Vi har ein idyllisk plass ved elva. Der har vi laga oss ein gapahuk. I sommar har vi blant anna hatt jonsokfeiringa der. Vi inviterte heile grenda og endå litt fleire til grilling og bålbrenning. Skikkeleg triveleg var det!


Ronja og tante Alvhild hadde laga jonsokkrans, slik det skal vere på jonsokafta.

Her ser vi gapahuken ein dag tidlegare i vår. Vi har laga langbord og benker i den, så det begynner å ta form. Etterkvart håpar vi å få på plass heller i golvet, slik at det blir litt jevnare og ikkje minst reinare.


Like ved gapahuken har vi eit stort steinbord med benker rundt. Her er det også fint å bade i elva når vassføring og temperatur er passeleg til det.



Gapahuken er til leige for ein kveld eller ein dag, om nokon ynskjer litt andre omgivelsar for ein grillfest eller eit lite selskap. Det er også mogeleg å finne teltplassar ved gapahuken. Ny, fin utedo har vi bygd i sommar i tilknytning til gapahuken.




Utsikten er fin. Bak røyken har vi den nye brua over Likholefossen. Dette er ein fin "innfartsstad" til Fossestien.





søndag 19. juli 2009

Pay it forward



Pay it forward -Litt spanande...


Har du lyst til å vere med på det? I såfall gjeld følgande..


1)Du må ha eigen blogg slik at du kan dele bodskapen
2)Du skal ha lysta til å glede andre
3)Du skal sende avgarde dine 3 gåver innan 365 dagar


Dei tre første som melder si interesse til dette får ei gave frå meg. Å fikse tre gåver i løpet av eit år høyrest ut som ei enkel og triveleg utfordring. Det kan jo vere heimelaga ting, eller ein kan prøve å finne noko som ein trur kan falle i smak hos mottakaren. Det bestemmer ein heilt sjølv, og det er ingen reglar for kor stor eller kor lita gåva skal vere. Er du med? Skriv i så fall ein kommentar til dette innlegget. Etterpå legg du ut dette på din blogg, og det blir din tur til å dele ut gåve...

onsdag 15. juli 2009

Gardsovernatting



Gamle pensjonatsenger og tømmerveggar med historie er klare til å ta imot dei som ynskjer å sove i eit gammalt pensjonat på småbruket Flatheim i Fosseheimen Viksdalen.



Vi anbefaler å finne eit berg ved elva, og berre sitte der og finne roen. Ein rusletur langs elva på Fossestien er også verdt å få med seg. Prøve fiskelykka kanskje? Ein avstikkar til fjorden er passeleg å ta, enten til Bygstad og Dalsfjorden eller over Gaularfjellet til Vetlefjorden eller Balestrand. Og ikkje minste Gaularfjellet med sine 9 hårnålssvingar, er ei oppleving. Mange flotte fjelltoppar og stølar kan opplevast med utgangspunkt i Fosseheimen Viksdalen. Kom og opplev!