Viser innlegg med etiketten lopper og andre funn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten lopper og andre funn. Vis alle innlegg

tirsdag 24. februar 2015

Karoline-rommet





Det er kjekt å innrede. Men det tek si tid å finne dei rette løysingane, og dei rette møblane. Det skal harmonere med huset og med oss. Her er det tatt i bruk to pensjonatsengar frå "Hoff Pensjonat", det same gjeld nattbordet.


Vi har fokus på å bruke det vi har. Vi likar gjenbruk og oppussing. Litt nye tekstilar må til også, og då må kanskje symaskina fram, for å få det slik vi vil.

 

Her har ein riktig gammal, heimesnekra stol, som har stått ute eit par år, fått "nye" puter, dvs gamle, ny-omtrekte puter, ny-sydd trekk på puta i stolen, og gode, lune skinn. Faktisk enda eit gammalt vrak opp med å bli både innbydande og god å sitte i. Nett slik vi likar det!


Ei gammal seng kom fram frå eit loft. Ei tønne til nattbord. Eigenprodusert lappeteppe i senga, reste-og gjenbruksstoff, sjølvsagt. Ei pute fekk sydd på ei heklebord som låg på lur i eit skåp. Også ei arva brodert pute fekk plass i senga. Likeeins ei arva, vevd pute på krakken ved sida av.


Eit lite bord har vi også fått plass til. I hjørnet står eit gammalt tørkestativ med ullpledd som kan vere gode å ha både ute og inne om ein vil varme seg litt.


Her ein gammal vaskekommode frå ein gjenbruksbutikk, den fekk vi tak i for nokre år sidan. Denne er pussa opp, for den var verkeleg stygg i utgangspunktet. På den står det eit gammalt vaskestell frå "Hoff Pensjonat".


Denne senga er av nyare dato, men med litt "justeringar" glir den bra inn i miljøet. Lamper frå ein gjenbruksbutikk i Sverige er på plass over senga.

Slik ser det ut så langt, no begynner det å bli triveleg.

Under kjem bilder av dette rommet då vi starta på flytte- og restaureringsprosjektet. Og det skal seiast, dette rommet var  det som var best i stand, sett vekk i frå taket, då ;-)





torsdag 28. august 2014

Det begynner å ta form!


Det er ikkje gjort over natta å møblere eit hus. Spesielt ikkje eit gammalt, ærverdig hus, der vi vil behalde huset sitt særpreg, samtidig som det skal harmonere med våre planar for utnytting av bygningen.


Dei ulike stovene er frå forskjellige tidsepokar og må behandlast deretter. I den gamel delen kjem det ikkje til å komme så mykje på veggane. Her er det veggane i seg sjølv som er dekoren og vi vil syne fram mest mogeleg av den. Det er både imponerande arbeid, og imponerande alder på desse stokkane frå 1500-talet.



 Loftet er innreia til gjesterom, og sjølv om vindauga fortsatt ikkje er på plass, så har gjestene ikkje latt vente på seg. 


Dei gamle stolane som eg trekte om i vår, er havna på det eine rommet, saman med eit gammalt, sjarmerande bord som naboen i siste liten før bålet, fekk ein tanke om at vi kanskje kunne vere interesserte i. 


Etter litt tankeverksemd blir det sett saman møblar og inventar, som har vore samla gjennom nokre år, litt herifrå og litt derifrå. Arv, bruktfunn, "søppelfunn", gaver, litt auksjonsfunn og litt ymse.












Taket er nytt, ellers er det meste skura og pussa og brukt oppatt så langt som råd er. Då vi starta trudde vi at vi kunne bruke eitt av dei seks golva i huset. No har vi brukt alle, men nokre få reparasjonar og utskiftingar her og der. Det er faktisk ganske kjekt. 

Det er kjekt at det begynner å ta form.  Utvendig er det litt arbeid att, og litt inne også sjølvsagt. Men det minkar, det minkar ;-)


fredag 28. desember 2012

Gamle, kule julekuler!


I mange, mange år har vi (eg) pynta treet med raudt og sølv. Skikkeleg gjennomført og stileg....

Men i fjor kom det opp protestar frå eit par av gutane her i huset. No ville dei ha det litt meir fargerikt og innhaldsrikt. Det var på tide å plukke fram dei gamle, arva kulene som ikkje har fått komme ut av kottet. Det er ulike grunnar til at dei ikkje har fått komme ut, den viktigaste er trass alt at vi har vore redd for at dei skulle bli knust. 



Men det har trass alt blitt litt rolegare tider med åra, og når gutane forlangte fram dei gamle, ærverdige kulene, tenkte eg at "la gå", det er greitt!



Men dei same gutane kom med det same kravet i år også.
Litt sikring har vi, då, slik vi har alltid har hatt. Vi har nemleg ei fin, raud sløyfe frå toppen av treet og opp i ei skrue i taket. Så fallet skal ikkje bli særleg stort, om det skulle oppstå "situasjonar". Men det har gått heilt fint så langt. Både folk og dyr er fredelege.



Kulene over og under er laga av papir, og er ganske spesielle og sikkert nokså gamle. Dei er arva frå mi bestemor.


Kulene under er også arv, og er nok iallefall eldre enn alle oss i familien...;-)





Alt i alt, så er det vel heilt i vår ånd å bruke desse gamle, arva kulene, så vi slit ikkje særleg med at det 
ikkje er heilt gjennomført fargemessig osv. Eg trur faktisk vi seier oss svært fornøgde med årets juletrepynt!

onsdag 16. mai 2012

Ein sein vår


Eg har sikkert nevnt det før, men eg er ikkje særleg glad i vinteren. Dagane med nysnø som glitrar i sola, og akkurat passeleg vintertemperatur, dei likar eg! Men det er så mange andre sortar vinter som eg ikkje er fullt så begeistra for. Eller, vi kan sei det slik, at om vinteren hadde vore ca halvparten så lang, så hadde det blitt bra!

Altså, eg treng nokre støttetiltak. Det hjelp godt med blomster og lys! Men når dagane blir lenger og lysare, då avtar dette behovet. I år har det på ein måte blitt lysare, men når hagearbeid og anna må foregå i termodress, då er det på ein måte ikkje heilt klart til å avslutte blomster-inne-sesongen. Evt starte plukke-inn-sjølv sesongen.



Eg likar godt å bruke muggar, norgesglas, krukker, kanner osv til å ha blomster i. Blir litt lei dei klassiske blomstervasane. Så for tida er det ein gammal mugge som gjer jobben på stovebordet. Eg syns det er fint!


Forrige veke var eg så heldig å komme over denne vesle vasen, eller kanskje det er eit stort glas? Med litt sliten gullkant og blomstermønster på bruktbutikken. Skal tru om det var 5 kr den kosta? ;-)
Det likar eg!



mandag 14. mai 2012

Uterom


Under altanen er ei lita avdeling. Har ein periode nytta det til å tørke klede, men syns ikkje det var så praktisk. Til tider dårleg tørk, men også lite smart når inngangen til Nostalgikjellaren vår er her. Difor fjerna eg klesnorene, og "innreda" ei lita avdeling her. Her er det iallefall mogeleg å sitte tørt om ein føler for å lufte seg litt på våte dagar (og litt har vi av dei).

søndag 4. mars 2012

Samlinga veks!

Har tidlegare synt bilder av desse svarte sakene som eg har drive og samla på gjennom fleire år. Faktisk i over 20 år!
Det starta med at eg fekk eit par ting frå mi bestemor, som ho hadde hatt og brukt i mange år.
Deretter har det "balla" på seg. No har eg faktisk laga ei eiga avdeling for svarte saker, i kjellarnedgangen. Det blei faktisk ganske koseleg å samle alt slik. Det eg aller mest ynskjer å få tak i er ei blomsterpotte i dette mønsteret. Det var nemleg ei av dei første tinga eg hadde, og denne er dessverre knust....

Men ein dag håpar eg at det dukkar opp ei ny på min veg!

lørdag 3. mars 2012

Klassefest


4. og 5. klasse hadde klassefest i går. Fest er fest, og borda må pyntast!

Lys og blomster høyrer til. I Nostalgi-kjellaren pyntar vi med nostalgi.

Rosene blei difor plassert i gamle mjølkeflasker.

Stor stemning!

mandag 27. februar 2012

Gyngestol


Då er omsider gyngestolen rehabilitert, og klar for sitt nye liv, som heil, brun, nybeisa og nylakka!

Gyngestolen fann vi ein eller annan stad her i huset då vi flytta inn. Den hadde knekt meie, så desse var tatt av, meiner eg og hugse. Men vi fann den som var i orden, og fekk laga nye med denne som mal. Men så stoppa det. Dvs dei nye vart montert, og så blei den ståande slik, men raudt, holete trekk, trekvite meiar, og brune bein og armlene. Den har faktisk stått i stova, men har iallefall siste tida hatt eit lappeteppe slengt over seg, så i første augekast har det vel ikkje sett så gale ut....

Plutseleg hadde eg fått stoff til nytt trekk i hus. Og plutseleg var vi begynt å demontere og fjerne det gamle. Og etter å ha stått på vent i ni år, så seier det seg sjølv at eg ikkje hadde tid til å ta "før"-bilder. Men iallefall her er eit etter-bilde. Stolen som var farleg nær å bli bål, er no god som ny.

Gjenbruk kan vi like!

søndag 12. februar 2012

Trang for oppdatering....


Dristar meg til med eit lite interiørinnlegg. Det blir heller lite av det, sjølv om planane er der. For det er alltid slik at når ein ser ting gjennom linsa, då ser ein alt som ein har tenkt å rette på, eller som ein ikkje er heilt fornøgd med. Eigentleg ein fin måte å få augene opp for ting ein har sett seg blind på, både innomhus og utomhus ;-)!

På bilde over ser de ei tallerkenhylle som eg og mannen laga i haust. Eg hadde lenge snusa litt rundt etter ei slik hylle, men fant aldri noko som passa med pris, eller størrelse, så til slutt fann eg ut at det var berre å setje igang sjølv. Det føregår slik at eg teiknar og føreslår korleis det skal sjå ut, er som oftast med på materialhandel eller leiting i eige lager (som snart er oppbrukt), mannen snekrar og sagar stort sett, Til slutt er det min tur å svinge malarkosten. Sjølv om alle no skal ha det meste kvitt, så vart det ikkje det her i garden. Det vart faktisk stikk motsatt, svart!

Her har eg plassert alle mine fargeglade koppar frå Greengate og dei få eg har frå PIP. Blir litt glad av å sjå på denne hylla med glade fargar. Og så er det slik at eg kan velge ein ny type kopp kvar gang eg skal drikke ein kaffelatte eller ein kopp te. Små gleder er viktig det!



Noko som også er komme i hus i løpet av dei siste månadane er desse fantastisk fine boksane. Eg er meget glad i gamle, fine boksar. Endå eit innslag med glade fargar! Den blå rommar flatbrød, heimelaga av ei tante, -og eg skal snart manne meg opp å teste flatbrødbakeevnen sjølv har eg tenkt. Så då kan det bli påfyll. Den gule boksen rommar ymse snacks som av og til kjem i hus, og ellers ikkje har nokon fast plass. For snopehylle eller snopeskuffe, det har vi ikkje ;-).

Ha ein fin søndag. Her er dei fleste ute på ski, unntatt meg som ikkje er i "optimal" form kva dag, og den av sønene som er "friskast" i bakken, men som blei litt for tøff i går, -han kom forsåvidt bra ifrå det, men ein dag uten skisko og full fart opp ned og bak fram er truleg påkrevd ;-).

Ha ein fin søndag og morsdag!  Vurderer litt vaffelsteiking ut på ettermiddagen, -men er litt i stuss om det er mi oppgåve i dag....


tirsdag 9. august 2011

Litt interiør og slikt....



Ettersom vi har hatt open kiosk med kaffi og is i sommar, var det på sin plass med bord og stolar til eventuelle gjester. Difor vart terrassen så og sei ribba for møblar, og desse vart plassert ved kiosken.
Det har jo vore litt opplett innimellom...

Ein ribba terrasse er jo ikkje så veldig koseleg, så her måtte det på plass litt kreativitet. Kjellarboder, låve osv vart sjekka ut for potensielle dekorative og nyttige element. Diverse kassar vart skrubba for sauemøkk og ymse, og gamle baljar og bøtter vart henta fram. Eg er vart igrunn meir fornøgd med terrassen no når eg fekk plassert litt gammalt og ymse gjenbrukssaker der.



Bord hadde eg heller ikkje... Men i grenda har vi eit firma som driv med linjer og kablar, så vegen var ikkje lang for å skaffe seg ein kabeltrommel. Hadde igrunn tenkt å male den, men måtte iallefall prøveoppstille først, og eg syns igrunn ikkje den vart så verst. Hadde til og med fire hjul liggande som eg har flytta på nokre gangar, og lurt på kva dei kunne nyttast til. Og no var endeleg dagen kommen, -under trommelbordet sjølvsagt!
Og eit slikt bord kan jo nyttast både over og under ;-)



No er det vel ikkje heilt rett og kalle verandastæsjing for interiør....
Hmmm...

Jaja, kan iallefall vise at samlinga mi av desse svarte gjenstandane veks. Endå ein ny vase vart erobra på Låven på Sandane.



Og så kan eg vise eit lite tablå frå loftsgangen.... Ein krakk med nokre, sikkert minst 50-60 år gamle sko, som eg sjølv har hatt i eige i sikkert minst 25 år, etter at eg redda dei frå ein søppelsekk i si tid. Skrullete? -ja, kanskje det ;-)



Til slutt nokre bilder frå "leiligheta" som vi har hatt som utleige i sommar.


Har sikkert vist litt bilder herifrå før, men med nytt kamera, litt betre bilder, så eg tar ei ny runde...


Det meste her inne er gamle saker og ting, som eg har samla litt her og litt der gjennom åra.


 

Eg syns utsikta er fabelaktig!

Men, i hagen utanfor bur det sikkert minst 5-6 hanar, og desse er etterkvart begynt å gale, eller iallefall trene seg på det. Det kan bli eit ganske bra orkester ganske så tidleg på morgonen....
Men, i dag har eg fått på plass øyreproppar. Det er jo ikkje sikkert alle syns dette er festleg og eksotisk ;-)



lørdag 2. oktober 2010

Litt nytt frå siste veka ;-)



Denne veka har Sogn og Fjordane hatt eksotisk besøk frå Gambia i regi av 4H. Mesteparten av tida har dei budd på Tuftegarden 4H-gard i Viksdalen. Torsdag var dei tre 4H-klubbane i Viksdalen samla i og ved Gamma på Tuftegarden for sosialt samvær, det blei lært vekk norske leikar, vi fekk smake på Gambisk lapskaus (som eg ikkje hugsar navnet på i farten) og vi steikte lappar på bål. Ein skikkeleg triveleg kveld.

Her er det klart for leiking!
På heimefronten har dei to kattungane våre blitt større og villare. Her ser dei ganske troskyldige og avslappa ut, men dei er ikkje like fredelege heile tida...........


Det er grunnen til at duken er bretta oppatt på bordet i stova i kveld. Dei har nemleg komt i skade for å rive ned og ødelegge litt i løpet av dagen....



I kjellaren er det også aktivitet. Prosjekt "fiksing av siste golvet" er i gang. Det har i kveld starta med legging av membran. Denne skal holde vatn som måtte komme opp frå grunnen ute, og det kan jo vere greitt.

Etterkvart skal det leggast flis oppå her... Det skal bli bra! Det har seg nemleg slik at etterkvart som dei andre golva har blitt fiksa, blir jo dei attverande golva desto styggare. Ettersom det er det midterste rommet som no står att, kan ein jo ikkje unngå å sjå det heller, ein må liksom ferdast der til dagen, og dermed skal det bli nokså frydefullt å få det ferdig ;-).



På kjøkkenet har ein ny Basilikum fått plass i eit gammalt litermål. Eit lite gjenbruksstunt som eg kan like!



Dessuten har to nye nostalgiske emaljekoppar komt i hus. Dei står foreløpig midt på kjøkkenbordet, for dei er ganske koselege å sjå på ;-).



Dette hjørnet i gangen har nok blitt vist på bloggen før. Men i dag har det fått ein liten haustvri, med eit varmt og godt og svart lammeskinn på benken.