søndag 23. april 2017

Magiske Utsikten!



I fleire år har vi venta på at denne skulle komme!


Og endeleg! I fjor sommar var den klar for å opnast for publikum.


Og publikum kom! 
Denne, litt gløymde vegen, vart plutseleg veldig spennande.
Prosjekt Nasjonale Turistvegar, har valt Gaularfjellet som ei av sin 18 strekningar som er utvalde. Desse er ikkje utvalde for å la folk komme seg raskast mogeleg frå A til B, men for opplevinga. 
Frå fjord til høgfjell, gjennom grøne og levande bygder, langs blanke vatn og ikkje minst brusande fossar snor vegen seg. Her bør du helst ha tid til å stoppe litt, puste, ta inn, møte folk, kanskje ta ein matbit, eller ein kaffikopp. Nyte. 

Ein av attraksjonane som har kome som ein del av turistvegsatsinga er Utsikten. 
Eit arkitektonisk kunstverk. Eit avansert byggverk. Plassert på toppen av 9 hårnålssvingar som snor seg opp ifrå bygda ved fjorden. Her har det alltid vore eit utsiktspunkt. Heilt i frå vegen vart opna i 1938. Utsikten har sine epokar. Men denne siste er vel den mest spanande!



Vi likar å ta ein kveldstur, eller ein natt-tur til Utsikten. 
Det er alltid like spennande og sjå korleis den viser seg. 
Måneskin, skodde, regn, sol, tåke. 
Alltid med forskjellige uttrykk.




















 Slik såg det ut på opningsdagen! 
Og folksomt var det heile sommaren i fjor. 
Vi håpar og trur at mange fleire vil finne vegen hit i sommar og i åra som kjem. 
Ikkje berre for Utsikten. 
Men for heile opplevinga langs vegen frå Balestrand til Moskog eller til Sande (eller begge deler!)
Vi er mange som vil stå klare til å ta imot dykk, for seng, mat, historie, aktivitetar, eller kanskje vil du berre har fred og ro. Det finn du nok også!

Ingen kommentarer: