tirsdag 25. april 2017

Ein favorittplass i Sogn og Fjordane!



Eg har nokre stader som eg er litt meir begeistra for enn andre. 
Ein av desse stadane er Hjelle i Oppstryn.

I mine første leveår budde eg to år her. Dette var mens nye Strynefjellsvegen vart bygd, og far min jobba på dette anlegget. 
Sjølv om eg var lita, har eg mange minner herifrå.


Tett ved det grøne Oppstrynsvatnet, ligg Hjelle Hotell. 
I mange år har eg sagt at her skal eg "legge meg inn" for ei natt eller fleire. 
Men anledningen har liksom ikkje komt, så i fjor på seinsommaren gjorde eg kort prosess, og booka meg eit rom. Ein tur hit var anledning god nok!


For meg som er over gjennomsnittet interessert og fascinert av historie og nostalgi, var dette midt i blinken (og det visste eg jo...)


Heilt ekte...


Sjølvsagt måtte eg (dvs vi, inkludert mannen i huset)
ha eit av dei gamle romma.


Utsikten frå spisesalen. Her er fjella høge og bratte og tett på!


Hotellet er frå 1896, og har vore drive av same familien heile tida. 


Mellom hotellet og vatnet ligg gamlebutikken på Hjelle. Den har same eigarane som hotellet. Og i høgsesongen er det no kafè her. Eg for min del hugsar den gamle landhandelen i drift. 
Det var alltid veldig spennande å komme inn i den!



Og vatnet. Dette grøne vatnet er nok å sjå på mange foto rundt om i verden. Heilt spesielt, og med naturen rundt, verkeleg ei perle!


Grenda har lagt seg så fint inn til vatnet. Fine murar og trapper.


Toppen av det heile var at eg frå hotellrommet kunne sjå rett bort til huset vi budde i dei to åra vi var her. Det er huset lengs borte i vegen. Maskinisthuset vert det kalla.


No går hovudvegen i tunnell utanfor det vesle sentrum her ved vatnet. Anbefaler å ta av før tunnellen og ta ein sving innom Hjelle. Kan sjølvsagt også anbefale ei natt eller fleire på hotellet. 
Like før vi var det, Hadde Justin Bieber vore på tur til Hjelle, og bada i det grøne vatnet, så er nok fleire enn meg som syns dette er ein fantastisk plass!


mandag 24. april 2017

Mat og kos i dei gamle stovene

 I det gamle storehuset, som vi har flytta til garden, har vi to stover.
Ei stove frå 1882 og ei stove frå 1572/73.
I desse stovene har vi ofte ulike selskap og samlingar.



På desse bilda er det dekka opp til kaffistopp for ei gruppe, som kjem med buss, og skal ha ein liten stopp for å oppleve det lokale og få litt historie og ein liten matbit før dei reiser vidare.


Vi pyntar sjølvsagt med blomster frå hagen og grøftekanten ;-)
Så det varierer litt gjennom sesongen.




Sjølvsagt dekkar vi med nostalgisk servise, gjerne gammalt norsk.


To gamle Sofie-muggar, får av og til æra av å pryde bordet med blomster i seg.



I den eldste stova, har vi kyrkjebenkar frå Hyllestad kyrkje. Desse fekk vi kjøpt då dei skifta inventaret i kyrkja for nokre år sidan. Eg har oldemor frå Hyllestad, og syns det er artig å tenkje på at desse benkane sat ho i då ho "gjekk for presten" og vart konfirmert.



Til desse benkane skal det snart bli langbord, dei er sett i produksjon, meir om det seinare....






Dersom de ser godt etter, så er det her dekka med "Hvit rose" frå Egersund. Eit gammalt nostalgisk servise som eg har samla gjennom fleire år.


Litt av det du kan få smake på i desse stovene.
Gode sveler....


...........eller kanskje pai....


 ....eller Signy-kringler! Ei god oppskrift frå tante Signy, som heile familien har fått gleda av å få smake hos ho, eller kanskje få ein pose med kringler, luksus! Ho bakar ikkje så mykje lenger, men vi har fått oppskrifta og kosar oss med desse rett som det er. Og sjølvsagt må gjestene våre få smake dei!

Til sommaren planlegg vi å ha kafè her i stovene nokre veker. Meir om det seinare!

søndag 23. april 2017

Magiske Utsikten!



I fleire år har vi venta på at denne skulle komme!


Og endeleg! I fjor sommar var den klar for å opnast for publikum.


Og publikum kom! 
Denne, litt gløymde vegen, vart plutseleg veldig spennande.
Prosjekt Nasjonale Turistvegar, har valt Gaularfjellet som ei av sin 18 strekningar som er utvalde. Desse er ikkje utvalde for å la folk komme seg raskast mogeleg frå A til B, men for opplevinga. 
Frå fjord til høgfjell, gjennom grøne og levande bygder, langs blanke vatn og ikkje minst brusande fossar snor vegen seg. Her bør du helst ha tid til å stoppe litt, puste, ta inn, møte folk, kanskje ta ein matbit, eller ein kaffikopp. Nyte. 

Ein av attraksjonane som har kome som ein del av turistvegsatsinga er Utsikten. 
Eit arkitektonisk kunstverk. Eit avansert byggverk. Plassert på toppen av 9 hårnålssvingar som snor seg opp ifrå bygda ved fjorden. Her har det alltid vore eit utsiktspunkt. Heilt i frå vegen vart opna i 1938. Utsikten har sine epokar. Men denne siste er vel den mest spanande!



Vi likar å ta ein kveldstur, eller ein natt-tur til Utsikten. 
Det er alltid like spennande og sjå korleis den viser seg. 
Måneskin, skodde, regn, sol, tåke. 
Alltid med forskjellige uttrykk.




















 Slik såg det ut på opningsdagen! 
Og folksomt var det heile sommaren i fjor. 
Vi håpar og trur at mange fleire vil finne vegen hit i sommar og i åra som kjem. 
Ikkje berre for Utsikten. 
Men for heile opplevinga langs vegen frå Balestrand til Moskog eller til Sande (eller begge deler!)
Vi er mange som vil stå klare til å ta imot dykk, for seng, mat, historie, aktivitetar, eller kanskje vil du berre har fred og ro. Det finn du nok også!

lørdag 22. april 2017

Å fange stemningar!



Å leve i nuet i kvardagen er både enkelt og vanskeleg.
Ofte er det mange oppgåver som står på planen, og det ligg alltid der i bakhovudet og "masar". 
Likevel prøver eg å lage små "lommer", enten for å rett og slett sette meg ned ved steinbordet i hagen og ta ein kaffe-latte, eller stoppe opp der eg er og ta inn det eg ser og høyrer.
Eg likar og å fange desse øyeblikka. Det skjer svært ofte at eg på veg frå ein stad til ein annan, plutseleg berre må stoppe bilen for å ta bilde. Då er det ofte eit spesielt lys, eller fargar, som gjer at det berre må fangast! 

Det er fascinerande å sjå kor mange uttrykk ein stad kan ha gjennom året. Snø, flaum, sol, regnboge, kveldssol, morgonsol, regn, skodde, nordlys, måne osv osv. Nokre av desse øyeblikka kan vere sjeldne å sjå. Då blir det endå meir fascinerande!



Tok eit lite dykk i arkivet, og fann litt ulike stemningar som er fanga her på Flatheim. 




Bildet over er rett nok fanga av ein fotograf som var gjest her i fjor sommar. Han var tidleg opp, fekk morgonsola med på laget, og fekk masse fine bilder, tatt med drone, i ulike vinklar. 
Tusen takk, Max, om du les dette!



Elva ligg like ved oss, og syner mange ulike sider av seg sjølv gjennom året. 




Det er ein eigen ro over det å sitje på elvekanten og tenke på ingenting!


På kanten av elva står desse og nikkar så fint.

Mange av øyeblikka er sjølvsagt fanga med mobilkamera, eg trur eg skal ta eit dykk i det arkivet også ein dag, så kan eg vise fleire gyldne øyeblikk!

torsdag 20. april 2017

Snart tid for utemat!


Vi har, om vi skal sei det sjølv, eit flott friluftsområde, omringa av Gaulavassdraget.


 Her har vi lagt til rette for ulike former for matlaging.


Vi har fleire sjusteinsovnar, som ligg på rekke og rad ved elvekanten.


Kokegrop har vi også. Ein spennande måte å tilberede mat på, -men det krev litt øving,


Ein av favorittane våre, er pizza i sjusteinsovnane.


Velg ditt eige favorittfyll, og vakt over din eigen pizza, så får du den heilt perfekt!


Gapahuken er lun og koseleg, og har ei fantastisk utsikt.
Her kan vi sitte lenge....


Kjekt og sosialt med matlaging i fellesskap, god tid, og naturen rundt på alle kantar.
Kanskje du har lyst å prøve?

BDE51E43-4166-4C94-A64074D63476497B-BF4D4A9A-83A0-43DF-AF296C7FD8760BE3

tirsdag 18. april 2017

Ei god natts søvn


Snart klar for ny turistsesong og sengene på garden er snart klare for å gje folk ei god natts søvn. 
Her kan  du sovne til elvesus, og vakne til hanegal. 



Her er det ro og stillheit, og rom for å puste og kvile både inne og ute.



Her møter de det ekte norske, og kan føle litt på historien både frå nær og fjern fortid.


Ein stoppestad sidan 1950, ventar på nye gjester og nye møte mellom menneske.