fredag 25. juni 2010

Midtsommar

Midtsommar, og sjølvplukka blomster får pryde trappa. Berre so synd det kom regn i dag, slik at vi ikkje får vere ute og beundre dei, men berre springe forbi i full fart....




Jonsokfeiring har vi hatt. I gapahuken samla vi naboar, vener og kjende, små og store til jonsokfeiring. Det var grilling, prating, synging, leiking og kosing.


Midtsommarkransen er på plass!





Etterpå avslutta vi kvelden med å tenne det STORE bålet. Godt å varme seg på når kvelden blei kjøligare, og god stemning.




Lappesteiking i stor stil.

No ventar vi på meir sol og varme, slik at vi får fleire sommarkveldar ute i grøne Viksdalen.
I morgon er det ny midtsommarfest hos vener på Tuftegarden 4h gard, som skal innvie den nye gamma si. Og då skal vi ha sol!



mandag 14. juni 2010

Eit lite livsteikn!

Vår næraste nabo er det mektige Gaulavassdraget. Dette er utsikten frå stovevindauge mitt.
Det er spennande å sjå på skiftingane i elva gjennom året, flaum, tørke, is osv osv..Aldri det same.

Det er grønt og frodig i dalføra der Gaula renn igjennom! Spesielt grønt no!

I hagen er det begynt å bli frodig og. Alt kjem seint i år, men det kjem...



Rabarbraen er snart klar for å bli suppe, saft og pai!




For eit par veker sidan var eg med som turleiar for Opptur i Gaular. Flotte ungdommar i flott lanskap!

Har eigentleg ikkje tid til å blogge nett no, så det får bli med dette så lenge ;-)