søndag 28. oktober 2007

Ein hemmelegheit på Slåttene.

På Slåttene har vi hemmelge stader. Under 2. verdenskrig då det var forbudt med radioar, gøymde dei radioen oppe i lia, i ei hole under nokre store steinar, ikkje lett å finne. Fortsatt ligg batteria som dei brukte i denne hola. Det er ganske fascinerande at det har lege urørt i over 60 år! I august hadde Barnas Turlag- Fosseheimen-Gaular tur hit, eller det var ikkje det som var meininga, men pga veret gjekk vi hit. Vi hadde nemleg med oss graut som vi skulle ete i Storeskrea ved Grautasteinen, slik dei gjorde i gamle dagar, då dei heldt på med utmarksslått. Men tok til å regne så mykje at vi gjekk hit i staden, for å kunne sitte litt tørrare under steinane. Grauten smakte fortreffeleg ute i regnet!!

Her ser vi batteria som har lege her sidan krigen!!
Utsikt mot Slåttene, Myravatnet i bakgrunnen.


Ingen kommentarer: