lørdag 17. februar 2007

rapport frå ho mor

Ikkje fjellbilder eller andre bilder å stille med frå ho mor si side. Det eg har bedrive denne veka er å vere pasient. Interessant å sjå sin eigen arbeidsplass frå den sida. Absolutt fornøgd med service, informasjon og godt stell, både frå legar og pleiarar. Det som er interessant no er å sjå om dei naudsynte inngrep er overstått, og korleis det blir når det får gro og styrkje seg. Har framfor meg ein del veker med litt begrensningar før eg får prøvd meg i det riktige dagleglivet att. Og ikkje minst få ut alle medikament som har blitt pøsa inn dei siste vekene i ein stakkars kropp. Har vore særdeles kort i lunta nokre dagar, og legg meg grytidleg så det er ikkje heilt likt meg. Lunta kan vere kort, -det er ikkje det, men ikkje samanhengande kort slik den har vore no.

2 kommentarer:

Linda sa...

hallo! du må legge ut bilder av lappeteppene dine!

Heidi sa...

ska da ittekvert...