torsdag 8. februar 2007

No ska da skrivast!

Berre vent til eg får summa meg...! Men til dykk som er grueleg spente på kva som kjem her, får eg komme med litt for å halde dykk i ånde so lenge.

Om dagane går eg her i vintereventyrland. Synest synd i alle stakkarane som ikkje får oppleve dette. Sol, kaldt (slik at det knirkar under skoa), snø på trea, snø som glitrar, slik at eg berre får lyst å legge meg midt oppi den å kike opp på den knallblå himmelen! Og det skal eg gjere så fort eg gidd å kle på meg nok kle, kanskje i morgon...? Ro og fred, fjell og elv, flaks for meg at det var her eg havna og ikkje midt inne i ein trang by. Det vil eg helst ha i mindre dosar. Paradis må vere her, sant?

2 kommentarer:

Tufteline sa...

Så flott at du er kommen i gang! Og du beskriv situasjonen vår her på dala veldig godt. Det er sjitkaldt men en herlig følelse å gå og tråkke når det knirker under skoa

Her bur; Espen, Anna Elisa og Simen, Agnar og Sonja sa...

Heisann! ja no går det fint framover ser eg! Ikkje tvil om kor paradis er! Gå rett ut om døra, ta på seg truger - ski - ta sparken fatt - sette seg på akebrettet(om nokon kan dra;-)og farte i vei! Ja det er livet for mei!
Ellers har eg nett sett bilda frå Storefjellet - turen til Sigurd i dag. Eg vert farte sjuk!!!!