torsdag 15. juli 2010

Sommarproduksjon, sommarturistar og sommarstæsj




I sommar har vi opna oppatt ein flik av det gamle pensjonatet og prøver oss som turistvertar att. Kjekt det! Litt folk har vi hatt innom. Spennande å sjå kven som ferierer på denne måten, berre stoppar når dei ser eit skilt i vegkanten. Har ofte eit inntrykk av at alle er så organiserte no til dags, alt skal vere "tima" og tilrettelagt på førehand....
Vel, iallefall, vi prøver dette i år. I vegkanten står det eit ordinært "Rom"-skilt, men på trappa har eg i tillegg laga nokre skilt av rekved frå Solund. Det er ei utfordring å halde tunet og trappa ryddig og pent, slik at det er innbydande for turistar å stoppe, når ein har eit lass med ungar som har skulefri og mange slags prosjekt i løpet av ein dag. I tillegg til at vi andre også kan styre med ymse igjennom ein dag.

Vart freista til å handle litt hos Hilde Heimdal for nokre dagar sidan. I dag kom det pakke. Litt koselege overraskingar var også med i pakken. Tusen takk. Nokre veggord var bestilt, og nokre kom i bonus. Dette har fått plass på innsida av ytterdøra. Vart no litt koseleg, syns eg. Skal syne meir av stæsjet frå den pakken ein annan dag...


Det har vore eit svært blanda ver denne veka. Så mandagskvelden drog eg fram symaskin og stoff som har vore klar lenge. Og som vanleg når maskina er framme, så begrensar eg meg ikkje. Plutseleg hadde eg produsert fire kjolar. I dag hadde eg tenkt å ha fotoseanse i hagen. Men med torden, storm, flobyger, sol og skodde, så vart det kveld før eg fekk gjort det. Lyset var då heller dårleg for fotografering, så fargane kjem ikkje til sin rett.








Ein liten jentekjole til Ronja Røverdatter. Ho syns først den var litt rar, og ville helst ha fotsid, men når kappa kom på, så vart kjolen akseptert!




Ein voksenkjole i turkis velour med englebilde frå Barbro.







Ein voksenkjole i svart og lys blå velour med hjerteapplikasjoner.







Og så ein kjole til mor som matchar Ronja sin, det blir litt morsomt å sprade rundt i ;-)!














I morgon er det siste vakt på jobb, så er det fire veker ferie. Dei kjem til å gå altfor fort, men det er jo vanleg med sommaren, den går unna!


5 kommentarer:

Barbros lille atelier sa...

Å, for noen lekre kjoler du har sydd! Knallfine farger og utrolig fin fasong! Så flink du er!

Ønsker deg en riktig god sommer, og håper riktig mange stikker innom pensjonatet ditt:-)

Klem

Solveig sa...

For noen lekkre kjoler, da!! Så flink du er! Jeg har kjøpt både mønster og stoff, men er jeg komt lenger da?? Neppe! Tror vi må ha oss en sykveld:o))
Ønsker deg ei fin helg.
Klem fra Solveig

Kristine sa...

Eg har vore omreisande, delvis uorganisert turist i år, og hadde gjerne tatt inn på pensjonatet ditt om eg hadde passert det på min veg!

For ein kjoleproduksjon! Du er effektiv når du kjem i gang. Fine var dei og.

Håpar du får ein super ferie! Eg er ikkje topp motivert for å ta over stafettpinnen, men sånn er det alltid når ferien er over...

ann helen sa...

Nydelige kjoler du har laget. Kommer det actionbilder etterhvert eller.....

Ønsker deg en fortsatt fin sommer, håper det er mange gjester som tar turen innom dere. Klem

lisje astrid's husblogg sa...

Woooow!
Du er no berre vanvittig flink da!
Utruleg fine kjolar!

Kjempe fin ytterdøra di og!

Tusen takk for så koseleg helsing og fine ord frå deg♥

Ønskar deg gode sommardagar:)

Klem frå Astrid♥