mandag 9. mai 2011

Morgontrimmen!


Eg seier meg godt fornøgd med morgontrimruta mi!
Vi er så heldige å ha ein flott tilrettelagt tursti langs elva, heile 21 km er tilrettelagt med sti, heller bruer, skilt, merker osv.. Eg har valt meg ut ein liten del av den, der eg får ei fin sløyfe som er akkurat passeleg for ein morgontur.

No er det slett ikkje kvar dag, det blir gjennomført, men det kan vere eit mål.....Stien kan forresten nyttast til alle døgnets tider, -så det er aldri for seint ;-)

I dag har eg hatt ein av dei flottaste turane på stien "ever"!

Berre sjå....




Eg knyter meg på stien ved Myravatnet. Her held isen på å bryte opp og sei farvel, og vasskanten var full av glitrande diamantar..


Vel inne på stien kjem eg til eit myrhol. Det er skummelt og spennande på same tid. Eit slikt hol som er botnlaust.....



Denne elva må eg over, men det går fint, ligg mange store steinar uti, gjeld berre å holde balansen...

På andre sida står ein F og viser at eg er på rett veg.


Så går eg langs Lisjevatnet.



Før eg kjem til Hovsfossen. Her er det sterke krefter i sving, når vatnet kastar seg utfor.


Hovsfossen.
I bakgrunnen garden Hov.


Høyr kor de buldrar.....


Ved foten av fossen har ei gammal uteløe/vedbu fått nådestøtet i vinter.
Dette er eit gamalt grindbygg. Tragisk å sjå for ei som syns gamle bygningar er blant det flottaste eg kan tenke meg..


Men heldigvis er det også løer som lever i (nesten) beste velgåande ;-)
Etter å ha forlatt stien for å returnere heimover, "sneik" eg meg gjennom eit beiteområde Dette beitet er eit av dei flottaste i sin sort.

Denne mosemyra måtte berre forevigast.



Då er eg inne på vårt eige beiteområde. Her held vi på å opparbeide ein fuglesti. Sjølvsagt med tema fuglar,  -som vi har kalla "Fuglar i Fosseheimen".

Her er eit rekkehus for sporvar.



Eneboligar også....



Må til slutt nett vise dei nye bebuarane på Flatheim. 5 små andungar! Skikkeleg søte og morsomme.
"Ka i alle dagar? -Pingvinar? -sa ein av gutane her idet han kikka ned i kassen i innflyttingsøyeblikket ;-).

4 kommentarer:

Ekte Interiør sa...

For et herlig innlegg! Spennende å bli med på tur i den fantastiske naturen du har rundt deg! Likte rundvisningen blandt de forskjellige bopelene til fuglene godt. ;-) Søte unger!

Tuftegarden 4H-gard sa...

Det såg ut til å vere nett so fantastisk som du fortalte om på telefonen. Flotte bilder, Heidi! Eg trur vi bur på den flottaste plassen i landet! Spesielt om våren og sommaren. Høsten òg, forresten...for ikkje å snakke om solfylte vintradagen med glitrande snø så langt auge kan sjå!

Nostalgia sa...

Tenk å bo så flott ! Det må være rene vitamininnsprøyting !!

Kjempesøte andunger :-)

Ønsker deg en fortsatt fin uke !
Klem, Nostalgia

Anonym sa...

Fantastisk virituell tur! Målet må være å gå denne før sumaren er bygones;-D

Helsing By-Linda