onsdag 21. oktober 2009

I mjølkerampens rike





Eit rampeprosjekt har pågått i bygda ei stund. Det vil sei at vi vil rehabilitere og ta vare på rampane og historia omkring desse. Prosjektet har vi kalla "Damer i sving". Det vil sei at damer har teke initiativ, søkt om prosjektmidlar, fått, og organisert arbeidet vidare.Vi er no eit godt stykke på veg med jobben. Det er kjekt å sjå at rampane framstår som innbydande og velstelte. Hadde rampane kunne snakke, hadde dei nok hatt mange gode historier å komme med. I si storheitstid var det eit viktig møtepunkt i mange grender. Her blei nytt utveksla, både med naboar og med mjølkebilsjåføren som køyrde gjennom bygdene. Her leika ungane. Eg har sjølv hatt mange konsertar i forskjellige rampar. Dei fungerer nemleg perfekt som scene for småjenter. Her har vi kunne søke ly for veret. Romantikk har det nok tidvis også vore i rampen.



Denne rampen har i desse dagar fått nytt liv. Her er ein dugnadskar i full sving..


Denne rampen ligg like ved ei ferist. Der trillar det stadig hjulkapslar. Rampen er eit lite hjulkapselmuseum. ;-).



Dette er vel den største rampen langs vegen. Denne ligg slik at turgåarar på Fossestien kan ta seg ein rast. Mange syklistar tek pause for veret her. Rampen er pynta med mjølkespann og blomster. Ei tavle som formidlar historien med bilete og tekst, kjem på plass her i desse dagar.








Ein mindre ramp, i ei mindre grend. Like søt, om ein kan kalle ein ramp for det...


Tre rampar til står att på programmet til å få nytt liv. Når dette er ferdig kan farande og fastbuande beundre alle desse små byggverka. Vi håpar dei no kan stå i mange år og formidle ein del av bygda sin historie.
Velkommen til mjølkerampens rike!


7 kommentarer:

Mira sa...

Så flott at dere tar vare på melkerampene.
Håper dere får ha melkespanna i fred og, for det er populert å pynte med slike.
Klem fra Mira.

Lykkeliten sa...

Tenkte akkurat det samme som Mira.
Håper dere får ha melkespanna i fred.
Tror det er mange bloggdamer som ønsker seg slike, uten at jeg på noen måte beskylder noen av oss for å stjele altså.
Tenkte mer på at de er lette å selge til oss.

Lykke til videre i arbeidet med å ta vare på lokalhistorien. Flott tiltak!

Nina i Paradiset sa...

Kjempeflott prosjekt!
Husker godt at de reiv den gamle melkerampen der jeg vokste opp. Husker at jeg syns det var trist, enda den var innmari forfallen. Lille Nina likte å ta vare på det gamle allerede da! ;)

Har bestilt enda mer varer fra Jeanne d'Arc!
Liker de så innmari godt, så selv om flere av de er litt dyre, er de så spesielle og flotte at jeg gambler på det.

Kristine sa...

Skal sei de er driftige der oppe i dalen. Dette var eit bra prosjekt. Artig å bevare gamle minner og kunne formidle for dei yngre korleis ting var i tidlegare tider.
Kjekt å sjå at du har laga kjolar og hjerter! Eg har begynt med litt hjerteproduksjon også no. Veldig kjekt.
Kor tid kan vi jobbdamene invitere oss sjølve på besøk til deg trur du? Vi har lyst å gjere det før vinteren kjem for fullt der oppe. Eg har dessutan noko å overlevere deg;)

Minka sa...

Så bra at dere tar iniativ og gjør noe med det. Er kjempe koselig å se.
Klem Kristin

Ellemeller sa...

Tusentusen takk for hyggeleg kommentar! Alltid like kjekt det:)

So flott at de tek vare på mjølkerampane!!

Anita

Bossa sa...

Tenk at du får deg et tømmerhus. Jeg er så kjempe-misunnelig. Har ønska meg lite hus i hagan i mange, mange år, men det eneste jeg har "måttet" gjøre er å lage mitt eget hus inni stua. Det ble et dukkehus da, men jeg er veldig glad i det.....