torsdag 1. oktober 2009

Colargol









Nokre vil nok hugse denne karen! Eg har aldri kunna gløyme han. Min store favoritt på Barne-tv fronten. Var faktisk så begeistra for han at når eg var 3 år og fekk ein bror var eg fast bestemt på at han skulle kallast opp etter denne, nemleg Colargol. Eg fekk dessverre ikkje gjennomslag for det...






I fjor ønska eg med Colargol-ting til bursdagen. Mi snille svigerinne tråla nettauksjonar "verden over" og det eine og det andre kom i mine hender. Prospektkortet på biletet under hadde eg sjølv. Har spart på det sidan eg var liten. Trudde det var borte vekk, men plutseleg dukka det opp att, takk og lov! Alt det andre har mi svigerinne skaffa til rette. Glas, fleire bilder, button og til og med ein film. Så no kan eg sjå oppatt alle episodane eg hugsar (eller ikkje hugsar) frå gamle dagar! Og ungane kan få sjå "skikkeleg Barne-tv".









1 kommentar:

Linda sa...

Åhh så artige, selvfølgelig husker jeg Colargol!
Fine Colargolting du har!
Nå har jeg kikket nermere på teppene dine, sannelig mange fine du har laget!

Ha en fin fin helg!
Klem Linda