tirsdag 28. desember 2010

10 000 og trekning!

No overdriv eg litt...er ikkje 10 000 besøkande nett endå, men det nermar seg...
Og då tenkte eg at det er på sin plass å trekke ei gave her på bloggen. Om 4 veker+ kjem sola tilbake her, og ho er hjarteleg velkommen! For tida spekulerer eg på nyttårsforsett. Har funne ut at det ikkje er så dumt, og om eg fortel dei til nokon, så greier eg å halde dei og. Tidlegare har eg hatt "skal ikkje"-forsett. Eg trur nok det er lettare enn "skal"-forsett. Men eg trur kanskje det er på tide å avansere litt og satse på "skal"-forsett i år ;-). Vel, vel, eg har nokre dagar igjen på å formulere det....så vi får sjå kva det endar med...

Mens eg ventar på at sola kjem tilbake, og i manko på gode, nye bilder, trøstar eg meg med nokre litt gamle sommarbilder, frå ein sommartur på fjellet her med gutane. Eg er og svært interessert i litt høgre temperaturar framover, både vinter og sommartemperaturar. Gjerne litt snø og (gjeld vinter), for no er det knapt til å gå på ski, og då er jo vinteren heilt ubrukeleg, med altfor lite snø, og altfor mange kuldegrader.







Vel, iallefall, besøkstalet etter at eg starta teljaren i fjor haust, har snart nådd 10 000. Akkurat kva eg skal trekke har eg ikkje spekulert ut endå, men ei gave skal det bli!
For å vere med i trekninga må eg få ein kommentar på dette innlegget, slik at eg har nokon å trekke mellom ;-). Trekninga vil foregå så fort eg oppdagar at teljaren passerer det magiske talet. Så her er det berre å hive seg rundt!

9 kommentarer:

Miss Mette sa...

Hei Heidi
Gratulerer med besøkstallet :) jeg vil gjerne være med i trekningen din ♥ Ønsker deg også en fortsatt god jul og et godt nytt år som kommer. Stor klem fra Mette

Linda sa...

Hei Heidi!
Kjempegøy at så mange er innom på bloggen din! Eg er spent på både gaven og på nyttårsforsettet ditt! No er det berre 4 dagar att til eg har greidd mitt for 2010. Det gjekk jo skuffande lett, så no har eg òg begynt å spekulere på eit nytt eit ;o)

Nostalgia sa...

Grattis med masse besøk ! Ble veldig nysgjerrig på hva som er nyttårsforsett, hi.hi :-)

Deilig med litt sommerbilder, her har det vært 23 minus i natt....

ønsker deg en fiiin kveld !
Klem, Nostalgia

SNILLPIKE♥ sa...

Så koselig, gratulerer så masse med så mange besøkende. Jeg vil veldig gjerne være med i trekningen din.

Ønsker deg og dine en fortsatt fin romjul, klem ann helen.

By-Linda sa...

Hei, Heidi den Heilage!
Eg vil gjerne vere med i trekninga di; er superspent på nyttårsforsett og premiar osv osv. Synest du godt kan blogge litt oftare; det er moro med alt du finn på inn på der:-) Beste helsing By-Linda

Anonym sa...

Hei Heidi :)

Endeleg har du opna for kommentarar for oss som ikkje er so avanserte bloggarar. Det var bra! Har prøvd tidlegare, men då eg oppdaga at eg måtte registrere meg osv sletta eg heller kommentaren..
I alle fall, du er ei super dame og det er artig å følgje deg i bloggen din! Me må snart treffast!

Stor klem frå
Uni (eller var det Gunnar?)

Nina i Paradiset sa...

Arti med mange besøkende! ;)

Dukkehusene kommer flatpakkede, og alt inventaret må kjøpes i tillegg, bortsett fra trappene.
Fru Rosa har endel møbler, og jo mer hun selger, dess mer tar hun inn.
Jeg tenkte å ta inn sånne selv, men hun kom meg i forkjøpet ;)

Her bur; Espen, Anna Elisa og Simen, Agnar og Sonja sa...

Hei! eg og vil bli med!!! :-)
Kan du fortelle nyttårsforsettet i kveld?

Anonym sa...

Takk for en interessant blogg