torsdag 18. november 2010

Har eg bu så har eg bu!



Eg har ein gammal bevaringsverdig kiosk. Kiosken var ein del av ein bensinstasjon som vart bygd tidleg på 60-talet. Den fungerer delvis som ein kiosk, litt drift om sommaren, og litt museum... for bygningen er ei av få i sitt slag som er att i landet, og litt gamle saker som hadde sin plass i kiosken, har fortsatt sin plass der. Og sjølvsagt har eg samla ein del bilder frå bensinstasjonen sin start og fram til no. Nokre av desse er komt på veggen.
Eg likar å putle på og lage litt saker og ting, sjølv om eg gjerne skulle hatt mykje meir tid og høve til det...
Men av og til kjem symaskina eller noko anna kreativt fram på bordet. Overskotet av produksjonen havnar inn i bua. Ein stad må det vere ;-).
Inspirert av diverse livsstilsbutikkar som eg har observert i denne bloggverden og på andre nettstader, har eg også fått på plass pittelitt varer i bua. Vel, litt varer har eg hatt lenge, men no er det litt i gave og interiør-leia.

Putene vart laga i fjor på denne tid....




Men her er litt av dei ikkje-heimelaga-varene. Litt i mi ånd er det... Produkta kjem frå Sagen Vintage Design, og ideen er å bruke motiv frå blant anna gamle postkort, samla av ein samlar....( og det kan eg vel kalle meg eg og.....)



Serviettar, kort og fyrstikkøskjer er det eg har fått på plass i bua, så langt. Kanskje finn eg noko anna spennande å putte inn der og etterkvart...

Men dei kan jo ikkje berre stå der til pynt, så om nokon treng ein liten presang til seg sjølv eller andre no i desse tider, er det berre å stikke innom ;-).




Desse rosene fekk eg i presang av meg sjølv før helga. I denne mørketida, og kalde tida, er det viktig med litt oppmuntrande blomster i stova. Og telys! Enten telys eller sydentur ;-)

Ha ei god natt! Skal prøve å komme tilbake om ikkje så lenge!


2 kommentarer:

Barbros lille atelier sa...

Å, så mye fint du har laget! Supersøte ugler og flotte puter! Kjekt å kunne ha sin egen bu å ha de i:-) Det så veldig koselig ut der inne:-)

Klem

Kristine sa...

Kjekt å ha ei bu å fylle opp med fine heimelaga ting! Og kanskje kan du gå i bua og "handle julegåver" på denne tida? Det blir vel ei og anna heimelaga julegåve frå deg kan eg tenke meg. Lite tid til sånt på meg i år, dessverre.

Likar samanlikninga di telys versus syden:) Det enkle er ofte det beste!

Ha ei fin novemberveke! Klem