tirsdag 1. september 2009

Kiosken

Kiosken



I 1963 (mest sansynleg) var denne kiosken bygd. Mine besteforeldre hadde då starta med bensinstasjon. "Siste fylling før fjellet" var rådet til dei forbifarande. Og det var det absolutt, kun eit par kilometer til med bebyggelse og fastbuande og så er du på Gaularfjellet. Denne bygningen er i typisk byggestil frå den tida. Betongklossar, enkle bygg, ein liknande bensinstasjon kan du sjå i Luster. Den er såvidt eg veit freda. Iallefall, vi syns den er verdt og ta vare på. I fjor hadde vi litt utsalg av kaffi, is, brus og Balholm (lokalt produsert eplesaft). I år hadde vi litt rehabilitering på gang, så det vart ikkje utsalg. Neste år håpar vi at vi kan opne døren litt att. Håpet er at vi kan presentere og selge ulike lokale produkt her. Hadde eg nådd over alt eg ville, så hadde det og vore mange sjølvlaga produkt her.



Dette er eit kjennemerke langs vegen. Ofte når eg treff folk og skal forklare kor eg bur, endar vi opp med denne kiosken som eit landemerke. Mange har minner til at her måtte vi "alltid" stoppe og kjøpe sjokolade td. Artig! På bildet over, som er tatt ca i 1980, vil eg tru, poserer nabojenta. For oss ungane var det flott med ein snopekiosk så nær. På sommaren innreda vi oss hytter både her og der, rett som det var, og då måtte vi ha hushald, då var det samling av pengar og innkjøp av 10-øres karameller. Då fekk vi mykje for pengane! Jøyemeg!

Dette bildet er tatt i sommar. Vi har støypt ny platning utanfor, vi har fått nye vindauge, ny dør på toaletten bak, og rehabilitering av heile toaletten. Det aller morsomaste er at eg har fått lagt nytt hyllepapir i hyllene inne, skal prøve å legge inn bilder av det seinare. Neste prosjekt er å få tetta taket på eit vis. Ikkje det at det lek, men eg trur heile bygningen har godt av at det kjem eit totalt vannavstøytande "toppdekke" på det. Hadde det berre slutta og regne no, slik at vi fekk det tørt nok til å gjere noko som helst....
På skiltet over døra står det campingproviant mm. Dette resulterte i at vi fekk campinggjester på bøen ei natt i sommar. Ein kar som hadde minne til at han hadde campa her for lenge sidan, tok seg ned på bøen då han ankom ei sein natt. Han hadde sett at det stod camping på skiltet. Det stemmer nok at han har campa her før. Besteforeldra mine opna alltid opp for campingturistar etter at slåtten var ferdig om somrane før. Både vi og dei fekk seg ein overraskelse når det lysna av dag...

2 kommentarer:

Solveig sa...

Så spennende og flott, Heidi! Jeg stopper aldri å forundre meg over alt du får til! Så kreativ du er! Denne må jeg se "live" en gang. Den var bare kjempesjarmerende. Så godt at noen tar vare på sånt. Jeg skulle så gjerne ha vært en tur innom landhandelen jeg kjøpte karameller i når jeg var liten! Det hadde vært sjarmerende, det! Men den finnes dessverre ikke lenger.
Ha en fin kveld, Heidi! Alltid kjekt å høre fra deg:o)
Klem fra Solveig

Solveig sa...

Takk for koselig kommentar! Ja, det er spennende å jobbe med noe nytt/nye materialer, men fy som tiden går når en driver med denslags! Om i morgen starter en ny uke:o)
Ha en fin kveld.
Klem