søndag 13. september 2009

Tunpynting

Haustpynting av tunet


I dag hadde vi sjeldant besøk av sola. Då vart det freistande å pynte opp litt utandørs. Hadde innkjøpt lyng som stod klar og venta på å komme til sin rett. Siste restar av sommarens stemorsblomster vart luka vekk frå bedet på tunet. Deretter vart lyngplantane sette ned. Siste tida med regn har vore midt i blinken for ein soppfamilie som skaut i veret like ved bedet. I lag med lyngen vart dette slett ikkje så verst.

Ei krukke med lavendel har også blitt innkjøpt på seinsommaren, og plassert på steinbordet ved tunet.

Eit lite melkespann vart henta ut, og fylt med rognebær.



Så no vart det nytt liv i tunet. Forhåpentleg får denne skruden pryde fram til det kvite teppet kjem og legg seg over alt.



God september og godt val!


3 kommentarer:

Solveig sa...

Så koselige høstbilder! Så kjekt å se den lilla fargen nå blamdt høstløvet og de andre flotte fargene i naturen.
Ha en fin dag.
Klem fra Solveig

Solveig sa...

Tusen takk for koselig hilsen! I dag har også jeg kjøpt meg lyng og skal høst-pynte litt:o)
Klem fra meg:o)

kreakris sa...

Så flink du er. Blei kjempefint på tunet! Eg har tenkt at eg kanskje skulle kjøpt meg litt lyng og sett ut i bedet, men jammen blei det med tanken gitt. Og no ligg eg på sofaen og er drittlei av å vere forkjøla, men det er godt det finst trivelege bloggar å besøke. Då går tida pittelitt fortare iallefall:) God helg til deg!