mandag 21. september 2009

Redesign

REDESIGN
I dag skulle eg flytte stofflageret mitt frå eit rom til eit anna. Det resulterte sjølvsagt også i ein liten gjennomgang av beholdninga. Dessutan var det litt liten plass på den nye oppbevaringsplassen, og eg tenkte at her må eg sy slik at eg får betre plass....
Det hadde jo ikkje skada om frøken Spjåk hadde fått seg eit nytt plagg, blei lite igjen i garderoben etter at det som var for lite vart rydda vekk før i veka.
Hmm... Kva kan vi få til her skal tru? Plutseleg var hovudet fullt av idear. No er fyrste sett ut i livet... Full fart (er utolmodig) siste timen før midnatt. Har neste plagg klar i hovudet, men er kanskje lurt å spare den jobben til i morgon...?

I allefall her er resultatet. Ein avlagt gensar for mor, og ein rest av eit raudt fleecestoff.

Godt mulig dette antrekket skal på skulen i morgon....




God natt!.....eller sy litt til.....

2 kommentarer:

Minka sa...

Kjempe søt, du er kreativ og flink. Jeg har så vidt begynt å lære meg å sy klær selv, det er jo så artig.
Klem Kristin

kreakris sa...

Så flink du er! Tenker frøken spjåk vart fornøgd?
Neste gong det blir kollegakortkveld lovar eg å informere deg slik at du kan vere med og ta del i moroa! Kanskje det blir hos meg om ikkje så lenge? Må berre hoste meg ferdig først:)
Ha ein fin dag!