tirsdag 6. oktober 2009

Prosjekt



Denne kommoden i loftsgangen har eg gått forbi ein heil del gangar og tenkt at den må snart malast. Den var blitt både stygg og kunne med fordel vore kvit og oppkvikkande i gangen. Plutseleg ein dag var prosjektet påbegynt... Det er jo ikkje eit stort prosjekt, men som med dei fleste prosjekt så er det mogeleg å ruge på dei ganske lenge om ein vil før ein set dei ut i livet..




Eit anna prosjekt som har vore ruga på ganske lenge, er maling av gangen. Har slett ikkje vore fornøgd med fargen som vi mala her når vi flytta i hus, og pussa opp alle plasser på ein gang... Syns den er altfor tung og trist. Endeleg surra eg meg til å kjøpe maling....men, -det resulterte i at endå fleire prosjekt vart sett i gang. No er det difor ganske mange prosjekt pågåande samtidig. Det kan faktisk skimtast ei lite kaos både her og der....





Det eine prosjektet som brått kom igang var riving av taket i stova. Ein liten lekkasje frå kjøkkenet over hadde ødelagt eit par av takplatene. Nye plater ligg klare. Men, ein dag kom vi på at det mest sansynleg er panel i taket under platene. Vi har nemleg 3 stover på rekke og rad, og dei to andre har panel. Plutseleg når eg var igang med nedrigging av diverse veggpynt mm i gangen, var herren i huset igang med nedrigging av takplater. Og det var som forventa, panel under. Denne hadde og litt skavankar etter lekkasjen, men vi får sjå med litt tiltak om det blir bra. Ellers kan vi jo male...Men dei andre stovene er ikkje malt, så det blir kanskje litt dumt... Uansett det skal ikkje oppigjen nye kvite takplater. Det er sikkert.


Når vi først er igang med riving i dette rommet, kan vi like godt sjå korleis tømmeret ser ut under det malte 70-tals panelet. Det var eigentleg meininga å avdekke dette tømmeret då vi flytta inn, men det drukna i ein heil masse andre prosjekt som måtte prioriterast først. Det var difor enklast å berre male alt, og ta stova i bruk. Ein del av tømmeret er absolutt brukbart. Men to av veggane har ikkje heilt tømmer pga vindu som er kledd igjen og dør på den andre veggen. Uansett, når vi først er igang med riving, er det berre å få alt vekk. Det blir nok ny smal, malt panel på dei veggane der vi ikkje får skikkeleg tømmervegg.


Det er fort gjort å rive ned, men det laga seg til litt arbeid med dette. Panel, nye taklister, maling osv... I gangen er det også eit par veggar med dette 70-tals panelet, ikkje mykje freistande å male på den... Spørs om det ikkje blir ny panel her og...

Ja, ja, sånn kan det gå. No har vi iallefall litt å putle med ei stund framover. Ettersom ingen av oss har verdens beste helsetilstand for tida, kan det fort ta litt lenger tid enn det ellers ville gjort..Men, men, det blir nok bra til slutt!

Ellers er eg mottakeleg for tips til kva eg skal gjere med sikringsskåpet over kommoden på det øverste bildet. Vurderer tavlemaling og ein tekst som eg allerede har tenkt ut....

God natt!

2 kommentarer:

Lykkeliten sa...

Hei!
Så koselig at du la igjen kommentar inne hos meg slik at jeg oppdaget deg også!
Dette er en blogg etter min smak, men mange prosjekter og litt daglig kaos. Ligner litt på mitt hjem dette her.
Det er et pes å bo oppe i for mange prosjekter, men det blir jo så fint etter hvert.
Det skal bli spennende å se hva dere velger å male etter hvert, og når det gjelder sikringssskapet tror jeg jammen jeg hadde prøvd tavlemaling slik du selv foreslo!

kreakris sa...

Oi, her balla det på seg skjønar eg. Men det gjer det jo ofte. Håpar helsa og energien fører dåkke i havn med eit resultat dåkke blir fornøgde med! Skjønar godt at de vil ha tømmer framfor plater og panel.

Sikringsskapet hadde du jo allereie ein god ide på. Alternativt kan du kle den med ein tapet. Av og til kan det funke å framheve framfor å skjule, seiest det.

Og by the way så gjekk det greit på "utflukta" her om dagen. Men eg kom ikkje heim før kl 0430...Godt å høyre at jobben ikkje tok knekken på deg! Hadde litt vondt av deg...Håpar neste vakt blir betre:)

God helg, snart!