søndag 18. oktober 2009

På tur rundt huset



I dag var det eigentleg ver til å gå tur i, men på grunn av bøssebæringsoppdrag, krympa dagen litt inn. Dagens tur blei difor ein tur rundt huset for meg og Martinus. Vi bur veldig nær elva, så vi gjekk ned for å sjå på den. Det er alltid litt spennande når elva er så lita som no. Vi kan plutseleg gå på berg og steinar som ellers er under vatn.

Martinus poserer, på bildet over står han på "fiskeberget". Fiskeplassen.


Her er vi på eit berg som går ut i elva, som ikkje alltid er like tilgjengeleg....


Utsikt mot den eine brua og ein gammal sommarfjøs på andre sida. Utruleg klart og fint no på denne tid av året.




Eit forsøkt på å ta bilde av skibakken som vi held på å opparbeide på andre sida av elva, men sola ville ikkje vere heilt med på det... Iallefall stolpar til lys er på plass. Boring og fjerninga av dei største steinane held på og det blir ryddedugnad til helga av skog og kvist og kvast.


Utsikt oppatt mot huset. Er ikkje særleg begeistra for det store vindauge når ein ser det frå denne vinkelen. Dette vart sett inn på 70-talet, og erstatta to andre vindauge som tok seg mykje betre ut. Men eg skjønar tankegangen, for vi har ei mykje finare utsikt frå stova, både mot fjella, elva og sauene på bøen. Så spørs om ikkje vindauge lyt få stå. Kanskje vi kan dempe det litt med sprossar på sikt....

Tre gutar med 4h-prosjekt held på med innspurten. To av dei har baking, så det er hyppig bakst for tida. I dag var det brød og muffins på programmet. Kjekt for oss!





5 kommentarer:

Lykkeliten sa...

Så vakkert det er hos dere!
Må si at det ikke gir samme opplevelsen å gå en tur rundt huset her, men vi trives.

Jammen er du heldig med så flinke bakere i huset!

Minka sa...

Nydelig natur du har rett utenfor stua di, heldiggris.
Klem Kristin

Nina i Paradiset sa...

Nydelige naturbilder!
Vakkert med ferskvann, mye klarere enn det salte. Men jeg liker lukten av sjøen da, for det savnet jeg da jeg bodde oppi Orkdalen.
:)

kreakris sa...

Så kjekt å sjå huset ditt frå utsida også. Og så fint område dåkke har ved elva! Det må vere deilig.
Du er driftig for tida ser eg. Fiksar og ordnar både her og der. Den nye garderobeløysinga såg veldig kjekk ut. Fin hylle!
Håpar du får ei god og kreativ veke:)

Minka sa...

Heisann. Vet ikke om du har sett lignende hjerter bare mindre på blomsterforretninger? Det er iallefall samme material, kalt ratta, tynne kvist/grener. Jeg lagde først ett hjerte i ståltråd og netting, og tullet rundt ratta med mose, evt annet pynt og ståltråd.
Klem Kristin