lørdag 17. oktober 2009

Laurdagskveld



Då er det blitt laurdagskveld. I dag er det fredagspizza, som på grunn av andre "happeningar" som konfirmantleir og 2 års-dag til eit fadderbarn fredagskvelden, er blitt flytta til laurdag. I dag har det blitt litt meir maling i gangen, slik at den nye garderobeløysinga, delvis har blitt tatt i bruk. Ellers begynt å vinterplassere krukker og blomsterkassar ute. Dette er ikkje ryggvenleg arbeid, så det må takast litt "pø om pø" (som så mykje anna).
10-åringane har i dag hatt "hovudansvaret" for pizzabakinga, med litt rettleiing. Første gang dei har laga botn, og det skal dei ha, lenge sidan vi har hatt så sprø og god pizzabotn!
Kjøkkenet har fått eit par nye puter, som sikkert blir å finne både på golvet og anna... Iallefall, dei var akkurat passeleg søte, passa gardinene og andre saker og ting som befinn seg på kjøkkenet for tida.



I eine kassen var det fortsatt litt farge og liv. Dette fekk komme inn i stova, og heng no her og skal glede oss litt lenger.


Viser litt av den nye garderobeløysinga. Vi har tidlegare hatt ein liten "krinkelkrok" til jakker mm. slik at "restlageret" har befunne seg litt i kjellaren og litt ei trapp opp... Litt tungvint kan du sei... No er det blitt ei vesentleg større og meir praktisk løysing, takka vere at det bl.a er fjerna ei dør. I slike gamle hus er det rikeleg med dører og vindauge, det er sikkert...Meir plass til å henge, mange gode hyller til korger ( og kanskje litt pynt og fjas?). Det står sjølvsagt att litt listing, litt maling, og litt meir spekulering på skoplasseringa osv... Men "storarbeidet" er vel overstått, trur eg... Får vise meir når vi er i boks.



Det er blitt kveldsstemning i stova. Med ein ny hortensia på plass. Denne gangen ein kvit, sjølv om favoritten er blå. Ikkje berre er favorittfargen blå, men blå hortensia er faktisk favorittblomen. Men nett no var det kvitt som passa best inn i mitt stovehaustmodus...


Den gamle gyngestolen er under eit langvarig restaureringsarbeid, dvs nye meiar for eit par år sidan, men fortsatt ingen beis, maling eller lakk på desse. Stolen har heller ikkje sett noko til det nye trekket den er blitt lova. Den har enn så lenge, fått eit lappeteppe over seg. Det er den sikkert glad for, for då får den iallefall vere inne i stova. Og attpåtil framfor ovnen....



Dør borte vekk!

Kveldsstemning. Ny panel og gammalt tømmer er på plass i bakgrunnen.


Kveldsstemning andre vegen....




Ny lesekrok dette kanskje? Rett ved ovnen, kan bli godt for ein frostpinne gjennom vinteren.

God laurdagskveld allemann!










3 kommentarer:

Minka sa...

Så kjekt med unger så store at de kan lage maten, gleder meg. Og synes den gyngestolen hadde passet fint som lesekrok.
Klem Kristin

Mira sa...

Sånn et flott sted dere bur på. Mye jobb å pusse opp, Ja. Vårt hus var nytt i 1820.Kjøkkenet og kjøkkenloftet er eldre. Så vet godt åssen det er å ha mange dører.
Godt å ha mye ved når kulda kommer.
Likte bloggen din godt, og har lagt meg til som følger.
Ønsker deg ei trivelig uke.
Klem fra Mira.

Solveig sa...

Åååå så koselig stemning det var hos deg, Heidi! Kjenner meg godt igjen i alle oppussingsprosjektene i tillegg til alle andre ting som skal gjøres:o) Men så har vi ikke tid til å kjede oss da:o)
Vakre møbler og hus med sjel i hos deg:o)
Ha en flott søndagskveld.

Klem fra Solveig