torsdag 9. september 2010

Haustlege syslar....

Starten på september har vore suveren med tanke på veret. Sist helg var Ronja med fleire på topptur til Geitebotsfjellet, kommunetopp i Gaular. Ho hadde med seg kamera i sekken og har fotografert heimover til grenda. Hoffslåttene bada i sol ;-)


Om eg ikkje likar å plukke bær, så er det heldigvis nokon som gjer det. Koke saft likar eg betre.
Difor har det blitt plukka ein del rips, og kokt ein del saft. Sjølvberginga har med andre ord fortsett her på Flatheim.

Maling av eit høgt hus er i gang. Eg for min del har malt det eg rekk frå bakken, og der stoppar det. Eg er vanlegvis den som svingar malarkosten, men ikkje høgt oppe i lufta. Har heldigvis nokre i familien utan høgdeskrekk og, så malinga har gått sin gang, og det er store forbetringar. Skal vise bilete seinare...







Er ikkje så veldig begeistra for å plante lyng, det er liksom eit sikkert haustteikn... Men, når stemorsblomstrane som har stått her sidan tidleg mai har gitt tapt, så er det ingen veg utanom. Då er lyngen kjekk å ha, for på ein måte forlengar dei sesongen og....

Håpar på nokre dagar til med dette veret, for malinga er ikkje heilt fiks ferdig endå.
I helga skal sauene heim frå fjellet, så nokre vil vel sette pris på fint ver til det og. Ikkje for det, det er rikeleg med ruskeversprosjekt å ta av og...

2 kommentarer:

Nostalgia sa...

Skal si dere er driftige :-) Nei man er aldri arbeidsledig når man har hus...Idag har det skyet over og det skal visst regne i helgen etter alle disse fine dagene (typisk når man endelig har fri...)
Håper dere blir ferdige med malingen.

Her skal deet være loppis hele helgen, en kort men intens periode fremover som jeg gleder meg til :-)

Ønsker deg en fiiin helg ;-)
Nostalgia

SNILLPIKE♥ sa...

Er en liten barriere for meg òg å plante lyng som erstatning for sommerplantene. Så jeg har ikke fått gjort det ennå, men likte argumentet ditt med at det forlenge vekstsesongen.

God helg til deg og dine.