onsdag 19. august 2009

Mellom bakkar og berg utmed havet





I sommar har vi vore på tur. I sangen syng dei om bakkar og berg utmed havet. Og der var vi! Mormor sin barndomsheim. Urtegarden. Eit veglaust småbruk i Solund. Tidlegare har eg kun vore dit med båt. Denne gangen ville vi prøve å finne vegen til fots. Vi starta eit par"nabogardar" i frå. Ein snill nabo som ferierte på garden der vi hadde utgangspunkt ville følge oss eit stykke på veg. Han var godt kjend, for dette hadde vore hans skuleveg i gamle dagar. Takk for det!



Stien var slett ikkje lett å finne. Mange, mange år sidan den skulen var i drift. Men med kjentmann gjekk det greitt, fram til neste gard. Her var det også folk på ferieopphald, så vi spurde oss for, og fekk fortalt omtrent kor det var lurt å gå vidare. Kjentmannen snudde, og vi fekk fortsette åleine. Her fekk vi stole på at noko var nedarva i genene frå dei som har gått her mange gangar for lenge sidan... Her var det ikkje lett å finne stien. Det har vore ein sti ein gang, men den var nok attgrodd for lenge sidan. Einekrattet raspa rundt beina, over stein, rundt berg, over elv, opp der, ned der, den vegen eller den vegen? Dette var skulevegen til små barn, i storm og blest!



Så fekk vi auge på sjøbua. Der er det! Men korleis komme seg dit? Ikkje ned der for der stuper det rett i sjøen. Rundt den knausen kanskje?





Eit spennande, litt annleis og utfordrande landskap å ta seg fram i når alle stiar er attgrodde for mange ti-år sidan.

Ei fin strand innerst i vikja før vi kjem til Urtegarden.





Innimellom desse knausane har forfedrane rydda seg mark med handemakt. Fascinerande å tenkje på. Her måtte både tolmodighet, krefter og motivasjon takast i bruk. Men hadde dei noko valg? Sjøen og jorda var levebrødet. Trasigt å tenke på at det no gror att sakte men sikkert, etter alt slitet dei hadde her.



Denne knausen er eg spesielt glad i. Den må alltid besøkast og fotograferast dei gangane vi er her. Det som er litt rart, er at denne knausen er større enn eg hugsa den. Ellers er det ofte omvendt. Det vi hugsar som stort når vi var små, eller for lenge sidan er ofte mindre enn vi hugsa det. Med denne var det altså omvendt denne gangen.
Kjekt å ha gjort dette. Det var det største målet for sommaren. No er vegen lagt på minne, og vi skal gjere det igjen!






1 kommentar:

kreakris sa...

Det såg ut som ein fin, og annleis tur! Og så stilig den knausen var. Den såg nokså uframkomeleg og glatt ut på framsida.

Likte innlegget ditt om hesjing og høytrakking. Eg dreiv også med slikt i min spede barndom og det sit igjen som gode minne:)

Håpar eg ser deg på jobb igjen om ikkje so lenge!