lørdag 27. oktober 2007

Fonn - Tungestølen 070707

Vi startar frå Fonn i Stardalen tidleg laurdag morgon. På rekke og rad over brua for å bli talde.

Det er ganske bratt oppover.... Kor bratt blir det? -Spennande for ei med skikkeleg høgdeskrekk!


Mykje fint å sjå!!!



På toppen av Gallen, det første store målet på turen...




På breen, godt innfesta i taulag, Robin, Jan Erik og Adrian.


Pause på breen.





Fonn - Tungestølen 070707

Her fekk høgdeskrekken utfalde seg. Fy flate! Det er langt ned og det er bratt, mjølkesyre i beina umiddelbart då eg kom fram på kanten, har ikkje hatt gangsperr på sikkert 15 år, men i løpet av få minutt fekk eg det kasta på meg!!! Tok si tid ned her... men kunne ikkje snu og gå over breen og nedatt til Jølster, for der var det også bratt og ingenting å halde seg i, her var det trass alt litt busker å klamre seg til....




Over elva, "piece of cake" med provisoriske bruer og kalde elvar etter denne nedturen, vel han som går her hadde vel ikkje problem med noko av delane...


Tungestølen






Godt å ligge i telt etter gammalt!
Utsikt oppatt mot breen.








torsdag 22. mars 2007

snart sommar...

Medan vi ventar....



kan vi glede oss og kose oss med gode minner frå i fjor. Dette er eit koseleg bilde av Jonathan og Martinus som utforskar litt av naturen ved Mjellstølen. Det er vel ikkje heilt rett å sei at det er sommar, det er vel heller haust. Men, det er iallefall varmt nok til t-skjorte, og då er det ikkje så verst....eller?

lørdag 3. mars 2007

"Storm frå nordvest"

Flott teaterkveld! Urpremiere på "Storm fra nordvest", ein musikal inspirert av Jakob Sande si dikting. Fekk både tårer i auga, frysningar og latterkuler. Stolt av å vere sunnfjording med sognebunad i kveld! Skal verkeleg prøve å få med meg ei framsyning til, kanskje i Dale? Der er det jo ein ekstra sus over det, litt nærare Kobbeskjæret og alt det andre. Det kan vekeleg bli ein god nr 2-fest i Fjaler!

torsdag 1. mars 2007

inne i huset


Spisestova, eller etestova som eg kanskje burde kalle den......



Inne i huset

Stova, dvs den eine av stovene våre. I høst og vintermodus når det gjeld gardiner, puter osv. Rundt påsketider blir det eit hamskifte i så måte....






Salongen, - i salongen har vi tv, bøker, filmar osv. , og ein god sofa...




Loftstove (over) med utsyn mot himmel og fjell. Med store takglas har vi flott utsikt her oppe!

Inne i huset


Nr 3 og 4, prinsesserommet og det blå rommet. Begge har sengetepper frå Flatheim kreativ.
I det røde og rosa sengetepper finn vi bestemor sine kjøkkengardiner fra 70-talet.... Det er litt morsomt og tenke på. Dette er Ronja og Martinus sine rom