mandag 20. september 2010

Det kjem seg....

Etter lang venting og ein del masing, har vi omsider fått på plass riveløyvet på Storehuset som vi skal flytte. Etter at løyvet kom, måtte vi prioritere maling av huset. Og så kom regnet...Så den store innsatsen har vi ikkje fått starta med på flytteprosjektet, men vi er iallefall igang med merkinga. Og det er jo VIKTIG! Så vil hausten, nedbør eller ikkje nedbør og temperatur, ha ein viss påverknad på prosessen vidare. Håpet er å få demontert på denne sida av året....

Her ligg 3 stk pusekattar. Dei to minste nermar seg fire veker. Den store er storebror som passar på, og som vil vere med i det gode selskap. Har han funne ut at han har lyst å ligge i korga, så legg han seg der, enten det er plass eller ikkje. Snålingen!


Vi hadde eit mål om å få malt minst to veggar i sommar. Det har vi greidd, og nesten den tredje og....men så blei det stopp og slik har det stått utan at det har skjedd noko i halvanna veke. Det har faktisk ikkje vore opplett så lenge i strekk at det har vore mogleg å tørke opp såpass at mønet og hjørnborda kan få siste strøket. Utruleg irriterande. I kveld hadde det kanskje gått. Men kor er dei som torer seg opp på øverste avsats? Ikkje heime iallefall...



Må sei det har komt seg mykje. Vi har skifta frå raude til kvite vindskeier og hjørnebord. Slik var det opprinneleg malt, og slik er det blitt igjen. Syns det blei mykje koselegare å sjå til no ;-). Då er det "berre" vindauga igjen å få skifta. To-rams og tre-rams vindauge var det som var opprinneleg. På 70 og 80 talet vart mesteparten av desse skifta ut til husmorvindu. Tragisk. Huset mista ein del av seg sjølv og sin stil. Vi har skifta ein del av vindauga, men det står att mange. Planen er å ta det litt gradvis vidare. Må sei eg gledar meg til det er gjort. Spekulerer litt på dette store vindauga på nedsida av huset, som vart sett inn på 70-talet. Det tek seg ikkje særleg bra ut frå utsida, men inne i stova er det igrunn veldig fint med stort vindauga og utsikt mot elva. På ein måte syns eg det er litt for lite når det først skal vere stort. Så lurer faktisk på å sette inn eit som er endå litt større, og med oppdeling i same stil som dei andre vindauga, berre i større format.


På denne sida er til alt overmål eit par av vindauga punkterte også. Fysjom!

Alltid noko å ta tak i med gamle hus. Likevel, gamle hus er jo det kjekkaste som finst. Eg lyg ikkje når eg seier at eg ALDRI har ønska meg eit nytt hus. Gamle hus har vore ei av mine store interesser til stor fascinasjon, så slik må det berre vere.
Då satsar vi på litt opphaldsver, for det har vi behov for framover! God natt!




3 kommentarer:

Nostalgia sa...

Helt enig med deg : ingenting er som gamle hus ! Huset blir kjempefint, jammen har der hatt jobb! Hadde ikke våget meg opp i stillaset nei ;-)
Alltid mye å gjøre med et gammelt hus, men kjekt å se fremskrittene og små og store prosjekt ta form :-)

Ønsker deg en fiiin uke !
Nostalgia;-)

Lykkeliten sa...

Så fint det blir.
Alltid vanskelig å bli ferdig med å male før regnet tar over, men lykke til videre.

Klem Lykkeliten

Minka sa...

Jeg er som deg, kunne aldri bodd i ett nytt hus..men mannen vil mer enn gjerne,hehe..Er vanvittig mye arbeid med gamle hus, men så har det da sjel. Maling av hus er ikke det artigste jeg vet, og kjedelig når man blir stoppet av været..klems