tirsdag 2. mars 2010

Likholefossen


Vi bur langs den framtidige Nasjonale Turistveg over Gaularfjellet. Fossane er blant hovudattraksjonane langs denne vegen. Over den ein fossen, Likholefossen, har turistvegprosjektet bygd ei spennande bru. Den er spennande i seg sjølv med sin unike arkitektur. Den er også spennande på grunn av at den går heilt utpå kanten av fossen. Når elva er å sitt største er det fascinerande å stå og sjå på vatnet som rasar under brua og utfor. Det er enorme krefter i sving. På bildet over er det vinter og svært lite vatn, mest snø og is.



Dette syns eg er ein spennande fotovinkel på brua.


På kveldstur.







Brua er også ein av innfallsportane til den 21 km, godt tilrettelagde og merka Fossestien som går langs elva. Det er fint å velge seg ut etappar på denne, gå oppover eller nedover alt etter smak og behag. Går vi oppover går vi alle dei mektige fossane i møte. Dei som ikkje har vore her, anbefalast eit besøk både på brua og Fossestien!




4 kommentarer:

Minka sa...

Så utrolig heldige med så vakker natur rundt dere...

lisje astrid's husblogg sa...

Ojsann!!Du er jammen heldig som har slik flott og mektig natur nær deg!
Veldig fine bilder☺
Tusen takk for kos helsing frå deg♥
Ønskar deg ein god kveld♥
Klem frå Astrid☺

Nostalgia sa...

For noen utrolige bilder ! Ja dere er heldige som er omgitt av så mye spennende natur.

Ønsker deg en fin torsdag !
Klem, Nostalgia

kreakris sa...

Eg var jo "turist" i strøket ditt i haust, og har konkludert med at eg vil opp att i sommar og gå på stiane. Kjempefint område, og imponerande mykje dugnadsarbeid bak dette.

Fine bilder!