fredag 5. mars 2010

Award og tankar om snø og påske



For nokre dagar sidan fekk eg ein koseleg award frå Hobbyrommet. Dette er ei kreativ dame som prøver seg på litt av kvart, syr, heklar, strikkar, scrappar, lagar lamper, pussar opp og styrer på. Mykje spennande som skjer hos ho!
Eg vil gjerne bringe awarden vidare til Margrethes hus og hage, Snillpike og Lisje Astrid's Husblogg. Koselege bloggar alt ihop!

I natt har vi fått litt meir snø her hos oss. Og eg er faktisk glad for det. Vi har hatt rekordlite snø her på fjellet i år. Skjærtorsdag bruker vi å ha eit av Sunnfjords største og mest tradisjonsrike skirenn, der huset og tunet vårt blir brukt som base. Dette er veldig kjekt, og eg håpar snøen kan ligge til Langfredag iallefall, då kan den berre forsvinne. Faktisk har det skjedd før, vi har hatt snø slik at vi akkurat såvidt har greidd og avvikle skirenn og dagen etter er den borte vekk. Men det er jo heilt greitt!




Det er stor aktivitet. Frå kjøkkenglaset blir det delt ut varm buljong og saft til alle deltakarane. Det blir steikt vaflar for sal. I Kiosken er det sal av pølser og brus. Vi brukar å ha ca 160-170 deltakarar. Alle med røter i bygda kjem heim med sine håpefulle for å delta i moroa. Heilt frå dei såvidt kan stå på skia er dei med. Ofte blir dei leidde rundt heile løypa.

Ikkje berre dei små er med. Ein del avsluttar karrieren sin etter nokre år, men andre held ut inn i evigheita. (Eg er ein av dei ;-)) Nokre konkurrere hardt, andre tek det som årets skitur (Eg er ein av dei ;-)) Og dei som ikkje startar, er med som heiagjeng. For dette er årets treffpunkt. Påskegjester, bygdefolk og folk frå nabobygd og by vil gjerne vere med på denne folkefesten.

Er det rart eg vil ha litt meir snø??




Bilda er frå 2009.









No er det tid for ein aldri så liten shining her i huset, og kanskje litt sying?
Får sjå kor langt eg kjem...






6 kommentarer:

Minka sa...

Dere kan godt få litt snø av oss, vi har mer enn nok...Vi er ikke så vant med at så mye ligger så lenge, og nå snør det jammen igjen idag(jeg som hadde måkt frem alle sitteplassene ute og ventet på varmen)Men skjønner at dere vil ha litt mer..Klems

lisje astrid's husblogg sa...

HEI♥
Dokke kan få snøven våra...For her er vi lei den!!!!
I dag har det snøva enda meir...
Masse koselege bilder du viser da☺Såg veldig kjekt ut☺☺
TUUUSEN TAKK for award♥
Den set eg stor pris på♥
Ønskar deg ein flott kveld♥
KLem frå Astrid☺☺

Kristine sa...

De er så flinke å arrangere trivelege treff der oppe! Eg blir så imponert. Dugnadsånda lenge leve:) Det ser dårleg ut for snøen her nede, og det er heilt greit, men håpar de får snø nok til å gjennomføre rennet.

ann helen sa...

Tusen takk for award, alltid koselig å bli husket på.

Ønsker deg og dine en flott helg!

Minka sa...

Hihi, jeg sparer ganske mye på å ikke spise sjokolade i uka, jeg eter ganske så mye når jeg først setter i gang, og er jo syke dyre priser på det og..og kanskje jeg og går ned de tre kiloene jeg egentlig ønsker..klems

Margrethes hus og hage sa...

Tusen takk for koselig award, Heidi! Det er koselig å være tenkt på :) Det skirennet ser trivelig ut, ikke rart folk kommer igjen år etter år :)

Ønsker deg en fin helg. Hilsen Margrethe